fakta_509_irakfakta_509_irakhttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=14977Norske ingeniører fra Telemark Bataljon søker av området sør for Anah der norske styrker og koalisjonspartnere skal oppholde seg over tid: Foto: Camilla Brevik/media/PubImages/20171123CBH-4.jpg
fakta_509_irakfakta_509_irakhttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=14978Telemark bataljon gjennomfører operasjoner i Irak sammen med koallasjonsstyrker. Foto: Camilla Brevik/media/PubImages/20171123CBH-0878.jpg
fakta_509_irakfakta_509_irakhttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=14979På vei til Anah for å støtte ledelsen til 1.divisjon 28. brigade med deres angrep på å vinne byen tilbake fra ISIL. Foto: Camilla Brevik Hågensen/media/PubImages/irak.jpeg
fakta_509_irakfakta_509_irakhttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=14980Oberstløytnant Terje Bruøygard møter general Kutaibah på veien til Anah. Dette er den første operasjonen norske styrker deltar på i Anbar i Irak. Foto: Camilla Brevik Hågensen/media/PubImages/201709219CBH_HST_9058.jpg

Irak/Kuwait/Jordan

Noreg bidrar i den internasjonale koalisjonen som hjelper irakiske tryggleiksstyrkar med å gjere landet tryggare

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​

I dag bidrar Noreg med eit styrkebidrag frå Hæren, eit kirurgisk team, stabsoffiserar og spesialstyrkar i Irak. Det norske bidraget er ein del av den internasjonale koalisjonen Operation Inherent Resolve.

Det norske styrkebidraget frå Hæren har som oppgåve å rådgje og trene irakiske tryggleiksstyrkar i Anbar provins.

Noreg stillar med eit kirurgisk team ved Ain al-Asad flybase som er med og forsterkar eit amerikansk feltsjukehus. Personellet består av erfarne leger, sjukepleierar, radiografar, farmasøytar og bioingeniørar frå Forsvarets sanitet, Sjøforsvaret og Hæren, som rullerar på oppdraget.

Noreg bidrar også stabsoffiserar Ain al-Asad flybase i Anbar provins og Bagdad i Irak samt Kuwait som ein del av Operation Inherent Resolve.  I tillegg har Norge personell på plass i Jordan som sørgjer for forsyningar til styrken i Irak.

OPERASJONEN

Etter at Irak bad USA om å bidra militært i kampen mot ISIL samla USA ein koalisjon av over 60 land og organisasjonar som skal stoppe terrorgrupperinga. Operasjonen har fått namnet Operation Inherent Resolve. I koalisjonen er det oppretta ei kjernegruppe på rundt 20 land der Noreg er eit av landa i kjernegruppa.

Koalisjonen hjelper den irakiske regjeringa på fem område: nedkjempe ISIL militært, stanse rekrutteringa av framandkrigarar, bremse ISILs ideologi, stogge finansieringa av ISIL, og stabilisere område som blir frie frå ISILs kontroll. Noreg bidrar aktivt på alle områda.

Den 26. august 2014 vedtok regjeringa ein kongeleg resolusjon som opna for norsk deltaking i den internasjonale koalisjonen. Resolusjonen gav forsvarsministeren fullmakt til å sende om lag fem stabsoffiserar til relevante hovudkvarter.

Erbil

Den 6. mars 2015 gav regjeringa sitt samtykkje til å sende eit norsk styrkebidrag til Irak. Oppdraget til dei norske styrkane var å rettleie og trene kurdisk personell, kurdiske avdelingar og irakiske tryggingsstyrkar i Nord-Irak. Målet var å gjere dei irakiske styrkane betre rusta til å stanse ISILs frammarsj og på sikt nedkjempe ISIL i Irak. 

Den første kontingenten med norske instruktørar frå Telemark bataljon var på plass i Nord-Irak i mai 2015. Panserbataljonen overtok dette oppdraget i januar 2017. Nordmennene lærde dei lokale styrkane opp i enkeltmannsferdigheiter og i avdelingsforband. Opplæringa skjedde i treningsleirar i området.  I november 2016 ble det norske instruktørbidraget i Erbil redusert noe ettersom behovet for opplæring i grunnleggande militære ferdigheter på treningssenteret i Erbil vart mindre. I mars 2017 avslutta den norske styrken i Nord-Irak sitt treningsoppdrag i Erbil.

I september 2016 var eit norsk kirurgisk team beståande av tre leger og tre sjukepleiarar på plass i eit amerikansk feltsjukehus i nærleiken av den norske leiren. Oppdraget deira gjekk først og fremst ut på å behandle allierte soldatar, ettersom Erbil har eit vel fungerande helsevesen som Peshmerga-soldatane og sivile nyttar seg av. Personellet bestod av erfarne leger og sjukepleiarar frå Forsvarets sanitet, Sjøforsvaret og Hæren, som rullerte på oppdraget. Oppdraget varte i seks månader. 1.mars 2017 tok eit tysk kirurgisk team over oppdraget. 

 

 

fakta_509_irakfakta_509_irakhttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=14981Soldater fra Telemark bataljon trener opp Peshmerga soldater i grunnleggende soldatferdigheter ved Erbil i Nord-Irak. Foto: Torbjørn Kjosvold/media/PubImages/20151126tk_C0511_oppgave4.jpg
fakta_509_irakfakta_509_irakhttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=14982Norske soldater trener Peshmerga-soldater i strid i tettbygd område. Foto: Ina Nyås Moe/media/PubImages/2016-11-30 TMBN trener Peshmergasoldater i Irak0166.JPG
fakta_509_irakfakta_509_irakhttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=14983Personell fra et norsk og et kanadisk kirurgisk team operer hver sin pasient. Foto: Forward Surgical Team/media/PubImages/Bilde 20.11.2016, 12.46.09.jpg

Anbar-provinsen

10. mars 2017 vedtok regjeringa at det norske militære bidraget skulle flyttast frå Erbil til Anbar-provinsen i Vest-Irak. Et forparti med ei lita gruppa offiserar var i mai 2017 til stades ved Al Asad. I juli drog ein Theatre Enabling Force beståande av ingeniørsoldatar frå Hæren og sambandssoldatar frå Cyberforsvaret til Ain al-Asad flybase for å sette opp det norske styrkebidraget sine fasilitetar.

I juni var ein framskoten kirurgisk eining på plass ved Al Asad Airbase. Dette bidraget varte fram til september 2017. I april 2018 vart ein ny kirurgisk eining deployert til Al Asad Air Base. Dette oppdraget er planlagt å være i Irak fram til oktober 2018.

Frå medio august 2017 har Noreg stilt med ein rådgjevingsstyrke på omtrent 60 personar. Dei trenar og gir råd til leiinga for irakiske tryggingsstyrkar på brigade- og divisjonsnivå i Anbar-provinsen.

Då Panserbataljonen overtok etter Telemark Bataljon i februar 2018, hadde irakarane kontroll på eiget territorium, og trusselen frå ISIL var redusert til mindre einingar som utførar angrep ut frå ulike skjulestedar. 

 

 

fakta_509_irakfakta_509_irakhttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=14984I oppstartsfasen av operasjonene i Irak, Anbar, har Telemark Bataljon en Medevac øvelse sammen med et amerikansk Blackhawk helikopter. Foto: Camilla Brevik Hågensen/media/PubImages/20170917CBH.medevac.ex_8.jpg

Bagdad

Styrkar frå Forsvarets spesialstyrkar var på plass i Bagdad våren 2015. Dei inngjekk i den amerikanskleidde verksemda for kapasitetsbygging i Bagdad. Spesialstyrkebidraget i Bagdad ble avslutta våren 2016.

KONFLIKTEN

Den ekstremistiske terrorgrupperinga Den islamske staten i Irak og Levanten (ISIL) vaks gradvis fram som ein trussel mot global tryggleik. Grupperinga er også kjend under namnet al-Dawla al-Islamiya fi Iraq wa al-Sham (Daesh), arabisk for «den islamske stat i Irak og al-Sham».

Gruppa hadde tidlegare nære band til al-Qaida, men al-Qaida har sidan teke avstand frå ISIL, visstnok fordi dei meinte ISL var for brutale. ISIL er ei av fleire militante islamistgrupperingar som kjempar mot regjeringsstyrkane i Syria og Irak.

I 2014 tok ISIL kontroll over store områdar i Irak og Syria. Dei vart betrakta som ein alvorleg trussel mot tryggleik og stabilitet i heile regionen og påverka trusselbiletet i resten av verda. Irakiske styresmakta bad verdssamfunnet om hjelp til å nedkjempe den ekstremt brutale og valdelige terrorgrupperinga. ISIL har gjort det klart at dei er parate til å angripe vestlege mål.

Verda reagerer

15. august 2014 fatta eit samla tryggingsråd i FN, resolusjon 2170 etter kapittel VII i FN-pakta. Resolusjonen fordømmer på det sterkaste ISILs massive, systematiske og grove brot på menneskerettane. Han slår òg fast at ISIL sine åtak mot sivile – på bakgrunn av etnisk eller religiøs tilknyting – kan utgjere eit brotsverk mot verdas menneske. ISIL er mot demokrati og vil nedkjempe alle som ikkje er såkalla rettruande, også muslimar som ikkje har «den rette trua».

Målet til ISIL var å opprette eit radikalt sunnimuslimsk kalifat i Levanten – ein region som omfattar Syria, Libanon, Israel, Jordan, Kypros og Tyrkia. Leiaren for terrorgrupperinga, irakaren Abu Bakr al-Baghdadi, oppmoda muslimar verda over om å ta til våpen og strøyme til eit sjølvoppnemnt kalifat. Al-Baghdadi hevda at kalifatet vart oppretta i okkuperte delar av Syria og Irak, og omtalte seg sjølv som kalif.

Etter at ISIL sjølve etablerte det dei kalla eit kalifat i området, starta gruppa å omtale seg for Den islamske stat (IS). Namneskiftet var ment å signalisere at ISIL meiner dei har kome nærare ein overnasjonal autoritet innanfor ramma av islamsk statsdanning. Forsvaret nyttar konsekvent «ISIL» når vi omtalar gruppa.

 


 Andre internasjonale operasjonar

 

 

Afghanistan<img alt="" src="/media/PubImages/PRT_14_LARS_KROKEN-133.jpg" style="BORDER:0px solid;" />AfghanistanNorges hovedbidrag i Afghanistan består av soldater fra Forsvarets spesialstyrker som lærer opp det afghanske spesialpolitiet i Kabul. http://forsvaret.no/fakta/aktivitet/internasjonale-operasjoner/Afghanistan
Mali<img alt="" src="/media/PubImages/22032017_inm0115.JPG" style="BORDER:0px solid;" />MaliNorge støtter myndighetene i Mali gjennom operasjon MINUSMA.http://forsvaret.no/fakta/aktivitet/internasjonale-operasjoner/Mali
Sør-Sudan<img alt="" src="/media/PubImages/tkunR0858.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Sør-SudanSiden 2011 har Norge bidratt med militært personell i Sør-Sudan gjennom FN-styrken United Nations Mission in South Sudan.http://forsvaret.no/fakta/aktivitet/internasjonale-operasjoner/Soer-Sudan

Publisert 7. april 2015 12:58.. Sist oppdatert 26. juli 2018 10:10.