red flag 03red flag 03http://forsvaret.no/media/PubImages/040315redflag01.JPGhttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=1745Øvinga gir viktig erfaring og kunnskap for det norske luftforsvaret. Foto: Luftforsvaret
Redflag02Redflag02http://forsvaret.no/media/PubImages/040315redflag02.JPGhttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=1746Ti norske F-16 jagarfly deltek i øvinga. Foto: Luftforsvaret
Fra øvelse Red Flag 2015Fra øvelse Red Flag 2015http://forsvaret.no/media/PubImages/040315redflag03.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=1747Rundt 200 nordmenn deltek i øving Red Flag i USA.

Red Flag

Frå 2. til 13. mars 2015 deltek Luftforsvaret i øving Red Flag ved Nellis Air Force Base nord for Las Vegas.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Kva skjer under øvinga?
Øvinga foregår i og rundt Nellis Air Force Base i Nevada, USA. Det militære øvingsområdet er nesten er like stort som Sør-Trøndelag fylke. 

På flybasen husar United States Air Force Warfare Center og fire eigne skvadronar. Skvadronane med sine fly og bakkestyrkar fungerer som motstandarar under øvingar. Det betyr at dei norske pilotane og mannskapa får god oppfølging og stadige tilbakemeldingar om korleis det går på bakken og i lufta. I alt deltek opptil 60 fly samstundes. 

Det norske detasjementet utgjerast av rundt 200 personar, ti F-16 jagarfly og to C-130J Hercules transportfly. Dei norske mannskapa skal øve saman med mellom anna amerikanske F-16-skvadronar og Mirage 2000-fly frå Dei sameinte arabiske emirata.


Las Vegas er kjend for sine kjappe bryllaup, casino og store ​hotell. Foto: Thomas Lyshaug

Korleis er  Las Vegas?

Las Vegas er ein by i Nevada i vestre USA. Sjølve byen har rundt 600 000 innbyggjarar, men området rundt har ein mykje større befolkning. Byen er nok mest kjend som handels- og turiststad, og mange forbinder nok Las Vegas med casino, store hotell og hurtig-bryllaup. 

Las Vegas ligg ni timar etter norsk tid. Vêret på denne tida av året tilsvarar ein middels god sommardag i Noreg: Godt og varmt i sola og lite nedbør. Det er ideelle forhold for å drive øvingar og øvingsaktivitet.

 Fra øvelsen

 

 

Flyr høgt i USA<img alt="" src="/media/PubImages/040315redflag02.JPG" style="BORDER:0px solid;" />Flyr høgt i USALuftforsvaret har kryssa Atlanterhavet for å delta på øving Red Flag ved Nellis Air Force Base i Nevada. http://forsvaret.no/aktuelt/flyr-hoegt-i-usa

Publisert 4. mars 2015 11:06.. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:33.