Etterkrigsforsvar 034Etterkrigsforsvar 034http://forsvaret.no/media/PubImages/Etterkrigsforsvar 034.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=826Den første forsvarshistoria i Noreg finn vi så langt tilbake som vikingtida. Gjennom over tusen år har enorme endringar skjedd, men felles for heile historien er vilja til å forsvare seg mot ytre fiendar. Norway's defence history stretches all the way back to the Viking Ages. Since then, the Armed Forces have gone through enormous changes. But one thing remains unchanged: The will to defend ourselves from enemies. Norske soldater under vintertrening

​​​​​​​Den første norske forsvarsorganisasjonen, leidangen, blei oppretta langs kysten på 900-talet, «så langt inn i landet som laksen gjekk» heitte det. Det blei også etablert eit varslingssystem med vardar på fjelltoppane i landet. Bodskapen om ein invaderande fiende tok ei veke frå sør til nord. I tillegg til leidangsutbodet var hirda ein viktig militær maktfaktor. I Noreg var hirda opphavleg den kongelege livvakta, og i mellomalderen fram til 1500-talet var hirda med på å sikre kongen av Noreg eit eigna militærapparat til å hevde rettane sine både innan- og utanlands.

Handelsorganisasjonen Hansaforbundet voks seg sterk i seinmellomalderen, og det blei nødvendig for dei dansk-norske styresmaktene å ha maktmiddel på sjøen for ikkje å la seg dominere heilt av forbundet. I 1510 etablerte styresmaktene derfor ein permanent dansk-norsk orlogsmarine, og under Kristian 4. var flåten blant dei sterkaste i Europa. Medan hæren blei administrert som ei norsk eining, var marinen felles for heile monarkiet.

Frå 1500-talet til 1800-talet var Noregs forsvar preg​​​​a av unionar med nabolanda.

Kristian 4. reorganiserte også landforsvaret. I 1628 oppretta staten ein norsk hær, ein såkalla legdshær, som inneber at utskrivinga var knytt til jordeigedom. Med grunnlag i skattelistene blei jordeigedommane delte i legder, som så stilte soldatar. Personleg verneplikt kom langt seinare. Til saman var over 7000 innrull​​​erte.​

 

 

Bondesoldater 1697Bondesoldater 1697http://forsvaret.no/media/PubImages/Bondesoldater 1697.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=830Bondesoldater 1697Peasant soldiers. Drawing from 1697.Tegning av bondesoldater 1697
Fotfolk og rytteri 1800Fotfolk og rytteri 1800http://forsvaret.no/media/PubImages/Fotfolk og rytteri 1800.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=824Fotfolk og rytteri fra rundt 1800.Foot soldiers and cavalry around 1800.
Infanteriet 1810Infanteriet 1810http://forsvaret.no/media/PubImages/Infanteriet 1810.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=816Infanteriet 1810.The Infantry in 1810.
Skiløper 005Skiløper 005http://forsvaret.no/media/PubImages/Skiløper 005.bmphttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=805Skiløperkorpset i uniform anno 1774The skier's corps dressed in uniform in 1774.


​I strid med Sverige

Oldenborgmonarkiet (unionen mellom Danmark, Noreg og Slesvig-Holstein) låg i ein nærmast permanent strid med Sverige på denne tida, og det var fire større konfliktar på 1600-talet. Svenskane fekk til slutt medhald i krava sine om nytt land også i Noreg. Store landområde blei overførte frå Noreg til Sverige, og dei geografiske grensene som Noreg og Sverige har i dag, blei stort sett etablerte i løpet av dette hundreåret.

Hæren blei gradvis meir norsk. I 1750 blei krigsskulen, Den frie matematiske skole, oppretta. I 1784 oppretta ein den første underoffisersskulen.

Allianse med Frankrike og Napoelon

1700-talet var ein fredsperiode, trass i rivaliseringa med Sverige. Den dansk-norske marinen blei sterkt utbygd, men var sjeldan utrusta for krig. At marinen var til stades som eit potensielt maktmiddel, var likevel viktig, ikkje minst då revolusjons- og napoleonskrigane braut ut i 1790-åra. I 1807 var britane redde for at flåten skulle hamne på fransk side, og dei gjennomførte eit raid mot Danmark. Raidet enda med at heile flåten anten blei teken med til Storbritannia, eller øydelagd. Danmark-Noreg valde då å gå i allianse med Frankrike og Napoleon, noko som førte til krig både med Storbritannia og Sverige. Felttoget ​​​mot Sverige enda heldig for dei norske troppane, men krigen mot Storbritannia blei hard. Britane gjennomførte ein streng handelsblokade, og i Noreg, som var avhengig av matimport, leid folk av svolt og nød.

Union med Sverige

Då det endelege oppgjeret med Napoleon kom i 1814, enda det med at Noreg blei overført frå Danmark til ein union med Sverige. Men før dette blei endeleg fullbyrda, hadde krefter i Noreg greidd å utarbeide ei grunnlov på Eidsvoll. Ei eiga grunnlov blei viktig for den seinare unionen med Sverige, fordi Noreg blei rekna som ein eigen stat. Den viktigaste paragrafen i Grunnlova, militært sett, var paragraf 109, som slo fast prinsippet om allmenn verneplikt. Men nesten heile 1800-talet skulle gå før verneplikta var gjeldande for alle norske menn.


 

 

Gardemusikken 1860, foto: Forsvarsmuseets billedarkivGardemusikken 1860, foto: Forsvarsmuseets billedarkivhttp://forsvaret.no/media/PubImages/Gardemusikken 1860.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=820Gardemusikken ca 1860Musicians from the King's Guard Band. Photo taken around 1860.Fem musikere fra Gardemusikken 1860
Heimstadmoen ca 1890, foto: Forsvarsmuseets billedarkivHeimstadmoen ca 1890, foto: Forsvarsmuseets billedarkivhttp://forsvaret.no/media/PubImages/Heistadmoen1890 tallet.tifhttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=819Heistadmoen leir, ca 1890. Soldiers having a meal at Heistadmoen Camp, Eastern Norway, around 1890.
Hotchkiss 1905Hotchkiss 1905http://forsvaret.no/media/PubImages/Hotchkiss 1905.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=817Hotchkiss mitraljøse, cirka 1905.Hotchkiss machine gun, around 1905.
Steinkjer 1895Steinkjer 1895http://forsvaret.no/media/PubImages/Steinkjer 1895.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=804Bilde fra Steinkjer 1895.Norwegian soldiers in the town of Steinkjer, Central Norway in 1895.


Europeisk fred

Etter napoleonskrigane var folk i Europa trøytte av krig. Dette prega også forholda for både hæren og marinen i Noreg, som var små heilt til slutten av hundreåret. Mot slutten av 1800-talet blei begge forsvarsgreinene styrkte, då dei blei trekte inn i den politiske kampen om norsk sjølvstende.

Unionsoppløysinga i 1905 gjekk fredeleg for seg, men trua var stor blant politikarar og folk flest på at trusselen som låg i dei militære styrkane, hadde vore med på å sikre at Noreg blei sjølvstendig.

1900-talet skulle føre med seg to verdskrigar.

 

 

Nøytralitetsvakt 1914Nøytralitetsvakt 1914http://forsvaret.no/media/PubImages/Nøytralitetsvakt 1914.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=811Nøytralitetsvakter fra 1914Soldiers guarding Norway's neutrality during World War I. Photo taken in 1914.Tre nøytralitetsvakter fra 1914 står ute i naturen
Nøytralitetsvernet 1939Nøytralitetsvernet 1939http://forsvaret.no/media/PubImages/Nøytralitetsvernet 1939.tifhttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=812Nøytralitetsvernet 1939Norway worked hard to stay neutral in the first half of the 20th century. Here are soldiers from the so-called Neutrality Protection in Oslo in 1939.Soldater fra nøytralitetsvernet 1939
Minefiske, Brønnøysund, oktober 1916Minefiske, Brønnøysund, oktober 1916http://forsvaret.no/media/PubImages/Minefiske, Brønnøysund, oktober 1916.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=808I løpet av første verdenskrig drev miner i land langs norskekysten. Her fra Brønnøysund i oktober 1916.During World War I, several mines came ashore along the Norwegian coast. Here from Brønnøysund, Central Norway in October 1916.


Under den første verdskrigen (1914–1918) greidde Noreg å halde seg nøytralt, sjølv om sympatien låg på britisk side. På sjøen miste Noreg meir enn 3500 sjøfolk, som blei offer for tyske åtak. Etter krigen var verda igjen utmatta av krig, og det kom ein periode med ønskje om nedrusting. Det førte til at løyvingar til militære formål lenge blei haldne på eit minimum.

Tyskarane okkuperer Noreg

Faresignala om ein ny krig førte til at ein også i Noreg prøvde å ruste opp, men tida blei for knapp. 9. april 1940 gjekk Tyskland til åtak på Noreg, og etter tidvis intense kampar, særleg rundt Narvik, fekk tyskarane kontroll over heile landet frå juni 1940. Om lag 1100 nordmenn fall i kamp våren 1940. Etter nederlaget blei det bygd opp norske militæravdelingar i Storbritannia, både hær-, sjø- og luftstyrkar.

I alt miste om lag 10 000 menneske livet i kamp på norsk jord under andre verdskrigen, dei fleste under kampane i samband med frigjeringa av delar av Nord-Noreg hausten 1944. I tillegg omkom svært mange sovjetiske og serbiske krigsfangar i tysk fangenskap i Noreg.


 

 

Flyskolen Little NorwayFlyskolen Little Norwayhttp://forsvaret.no/media/PubImages/Flyskolen Little Norway.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=825Flyveskolen Little Norway ble opprettet i Canada under andre verdenskrig av den norske regjeringen i eksil.The pilot school "Little Norway" was established in Canada during World War II by the Norwegian Government-in-exile.Norske soldater fra Flyveskolen Little Norway som ble opprettet i Canada under andre verdenskrig av den norske regjeringen i eksil.
Bilde fra Little Norway i Canada. Foto: Forsvarsmuseets billedarkivBilde fra Little Norway i Canada. Foto: Forsvarsmuseets billedarkivhttp://forsvaret.no/media/PubImages/Little Norway 014.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=815To mekanikere inspiserer et fly med propell i Little Norway i Canada under andre verdenskrig. Two mechanics are inspecting a propeller aircraft in the camp "Little Norway" in Canada during World War II.To mekanikere inspiserer et fly med propell i Little Norway i Canada under andre verdenskrig.
Flyveskolen Little Norway ble opprettet i Canada under andre verdenskrig av den norske regjeringen i eksil. Foto: Forsvarsmuseets billedarkivFlyveskolen Little Norway ble opprettet i Canada under andre verdenskrig av den norske regjeringen i eksil. Foto: Forsvarsmuseets billedarkivhttp://forsvaret.no/media/PubImages/Little Norway 019.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=814Totalt i løpet av krigen ble over 2500 norske flysoldater av alle kategorier (flygere, navigatører, mekanikere m.m.) utdannet i Little Norway.During World War II, more than 2,500 Norwegian air force soldiers (pilots, navigators, mechanics, etc.) were educated in the camp "Little Norway" in Canada.To flyvere i Little Norway går forbi parkerte jagerfly
Heimevernsoldater Foto: ForsvarsmuseetHeimevernsoldater Foto: Forsvarsmuseethttp://forsvaret.no/media/PubImages/Heimevernet 003.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=822HeimevernetSoldiers from the Home Guard after World War II.
Heimevernet 010.jpgHeimevernet 010.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Heimevernet 010.jpg.tifhttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=823Heimevernsoldater får opplæring. Training of soldiers from the Home Guard.
Marinens kvinnekorps, foto: Forsvarsmuseets billedarkivMarinens kvinnekorps, foto: Forsvarsmuseets billedarkivhttp://forsvaret.no/media/PubImages/Marinens Kvinnekorps 004.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=806Marinens kvinnekorps under andre verdenskrig The Navy's Women's Corps exercise during World War II. kvinnelige soldater fra marinens kvinnekorts øver
Luc 013Luc 013http://forsvaret.no/media/PubImages/Luc 013.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=813Norsk soldat har tatt av seg støvlene. Etterkrigstiden. A Norwegian soldier has taken off his boots. Photo taken after World War II.Norsk soldat har tatt av seg støvlene. Etterkrigstiden.


Ein av dei viktigaste konsekvensane for ettertida var at verdskrigen endra det norske synet på nøytralitet. Norske styresmakter innsåg at nøytralitet ikkje var nokon garanti for at ein verdskrig ikkje ville ramme Noreg.

Nøytralitet er ingen garanti

​​Kald krig

Med ny internasjonal spenning seint i 1940-åra blei styresmaktene endå meir bekymra. Etter at forsøka på å få i stand eit nordisk forsvarsforbund hadde stranda, gjekk Noreg inn i Nato i 1949. Satsinga på Nato og erfaringane frå krigen førte til at oppbygginga av eit norsk forsvar fekk brei politisk oppslutning, og det blei løyvd store ressursar. Samstundes fekk Noreg tilskot frå USA og Nato, hovudsakleg i form av våpenhjelp og midlar til infrastruktur. I 1952/53 utgjorde forsvarsbudsjettet 30 prosent av statsbudsjettet og 4,7 prosent av brutto nasjonalprodukt.

Gullalder for verneplikta

Freden i 1945 var byrjinga på ein gullalder for verneplikta i Noreg. Fleire blei tekne inn til førstegongsteneste, den militære grunnutdanninga blei meir omfattande, og det blei regelmessige øvingar for mobiliseringsavdelingane. På det meste var over 350 000 soldatar planlagt brukte i dei militære styrkane. Som ein del av den internasjonale innretninga av Forsvaret, har Noreg heilt sidan 1949 òg vore ein aktiv bidragsytar til FNs fredsbevarande styrkar. Meir enn 40 000 norske kvinner og menn har vore i FN-teneste.

Andre verdskrigen viste at moderne krig får verknader for heile samfunnet, ikkje berre dei som er ​på slagmarka. Dette la grunnlaget for opprettinga av totalforsvaret. Mobiliseringa gjaldt ikkje berre dei militære styrkane, men også det sivile samfunnet. Frykt for bombing førte til dømes til at det blei førebudd vernetiltak for sivilbefolkninga.


 

 

Etterkrigsforsvar 005Etterkrigsforsvar 005http://forsvaret.no/media/PubImages/Etterkrigsforsvar 005.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=828Etterkrigsforsvar.Soldiers from Norway's post-war defence.
Luftvernsystemet NIKE var lenge i bruk i etterkrigstiden i Norge. Foto: Forsvarsmuseets billedarkivLuftvernsystemet NIKE var lenge i bruk i etterkrigstiden i Norge. Foto: Forsvarsmuseets billedarkivhttp://forsvaret.no/media/PubImages/NIKE 022.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=810Luftvernsystemet NIKE var lenge i bruk i etterkrigstiden i Norge. The air defence system NIKE was used for decades in post-war Norway.Våpensystemet NIKE
Natoøvelse. Foto: Forsvarsmuseets billedarkivNatoøvelse. Foto: Forsvarsmuseets billedarkivhttp://forsvaret.no/media/PubImages/NATO 017.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=809Daværende kronprins Harald besøker utenlandske Nato-styrker under en øvelse i Norge. The then Crown Prince Harald of Norway visits foreign NATO forces during an exercise in Norway.
Etterkrigsforsvaret, foto: Forsvasmuseets billedarkivEtterkrigsforsvaret, foto: Forsvasmuseets billedarkivhttp://forsvaret.no/media/PubImages/MG 111.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=807Maskingevær i etterkrigstidenPost-World War II machine gun.
Honest John, foto: Forsvarsmuseets billedarkivHonest John, foto: Forsvarsmuseets billedarkivhttp://forsvaret.no/media/PubImages/Honest John 138.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=818Det amerikanske missilet Honest John hadde en kort opptreden i den norske forsvaret på 1960-tallet. The American missile "Honest John" had a brief appearance in the Norwegian Armed Forces in the 1960s.
Stridsvogn, M 24 ChaffeeStridsvogn, M 24 Chaffeehttp://forsvaret.no/media/PubImages/Stridsvogn, M 24 Chaffee.tifhttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=803M24 Chaffee-vognene ble brukt av Hæren etter andre verdenskrig og helt frem til tidlig på 1990-tallet. The M24 Chaffee light tanks were used by the Norwegian Army after World War II and until the early 1990s.

Medlemska​​​p i Nato

​I storleik og ressursar var Forsvaret på sitt største i 1950- og 1960-åra. Natos strategi endra seg i slutten av 1960-åra, og alliansen gjekk frå massiv gjengjelding med bruk av atomvåpen, til fleksibel respons. Kombinert med reduserte tilskot frå USA og Nato førte dette også til endringar for det norske forsvaret. Nordområda fekk større strategisk verdi for stormaktene.

Noregs medlemskap i Nato var meint å skulle verke avskrekkande på Sovjetunionen. Samtidig ønskte ikkje Noreg å provosere kjempa i aust unødvendig, og ein måtte føre ein forsvarspolitikk som verka tillitsvekkjande. Den norske basepolitikken innebar ei erklæring om at Noreg ikkje ville opne militære basar for framande makter på norsk territorium – så lenge Noreg ikkje blei ang​ripe eller utsett for truslar om åtak. Den norske atompolitikken gjekk ut på at norske styresmakter ikkje ville tillate stasjonering av atomvåpen på norsk jord i fredstid.

ein meir moderne – men mindre – organisasjon

1974 tilrådde forsvarskommisjonen ei rekkje strukturendringar og fornyingar i alle forsvarsgreinene og ein sterk auke av forsvarsbudsjettet. Men det viste seg snart at sjølv med ein viss auke i forsvarsbudsjetta, var det ikkje samsvar mellom mål og midlar. Forsvarskommisjonen av 1990 tilrådde derfor store reduksjonar både i freds- og krigsorganisasjonen. Forsvaret blei mindre, samstundes som en satsa meir på kvalitetsstyrkar med moderne våpen og materiell. ​

Publisert 15. juli 2013 13:40. av Forsvarsmuseet. Alle bilete frå Forsvarsmuseets biletedarkiv. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:54.

 Mer om Forsvarets historie

 

 

Historier frå krigsåra<img alt="" src="/media/PubImages/018081-2.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Historier frå krigsåra9. april 1940 gjekk Nazi-Tyskland til åtak på Noreg. Det var starten på fem år med okkupasjon. Skaff deg oversikten over norsk forsvarshistorie under den andre verdskrigen her.http://forsvaret.no/norgeikrig/historier
Feltmerker til innsatsstyrkene i Heimevernet<img alt="" src="/media/PubImages/Feltmerker%20i%20HV.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Feltmerker til innsatsstyrkene i HeimevernetInnsatsstyrkene utgjør spydspissen av kampkraften i Heimevernet, og består av personell som er spesielt utvalgt, utdannet og utrustet. Her finner du historien bak navnene til innsatsstyrkene.http://forsvaret.no/fakta/uniformer-medaljer-heraldikk/feltmerker-i-heimevernet