verdtaforsvare_30_forsvaretsnioppdragverdtaforsvare_30_forsvaretsnioppdraghttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=118/media/PubImages/utlysning_sjoq.jpg

Forsvarets ni oppdrag

Forsvaret skal ikkje berre verne Noreg mot åtak utanfrå. Politikerne har bede Forsvaret løyse ni oppdrag på vegner av samfunnet.

​​​​​​​​​​​Forsvaret er det sentrale trygging- og forsvarspolitiske verkemiddelet til norske styresmakter. Forsvaret skal trygge Noregs uv​erenitet og norske rettigheiter og samstundes sikre Noreg handlefridom mot militært og anna press.

Med hjelp frå dei samla ressursane i forsvarssektoren og innanfor ramma av NATOs kollektive forsvar, skal Forsvaret kunne løyse oppgåvene som norske styresmakter har vedteke. Oppgåvene er eit resultat av politikarane sine prioriteringar og tryggings- og forsvarspolitiske mål.

​​​​​​1) Sikre truverdig avskrekking med basis i NATOs kollektive forsvar

​Gjennom eigen styrke og NATO-medlemskap skal Forsvaret kunne handle effektivt mot press eller åttak utanfra. Forsvarsevna skal vere på eit nivå som bidrar til å hindre krig.​

2) F​​ors​​​​vare Noreg og allierte mot truslar og åtak​

Innanfor ramma av NATOs kollektive skal Noreg kunne forsvare seg sjølv og våre allierte mot aggresjon utanfrå som truar tryggleika vår. Dette omfattar alle typar åtak frå aktørar som skapar – eller truar med å skape – så store skadar at artiklane 5 og 6 i Atlanterhavspakta vil kunne setjast i kraft.

3) Hindre og handtere mindre kriser

​​Forsvaret skal avverge og handtere episodar og tryggingspolitiske kriser med nasjonale ressursar, og vi skal leggje til rette for eventuelt alliert engasjement.

​4) Skaffe ko​rrekt ​og viktig informasjon

Gjennom overvaking og etterretning skal Forsvaret sikre at politiske styresmakter og Forsvaret si ope​​rative leiing har eit best mogleg situasjonsbilete før avgjerder blir tekne. Etterretningstenesta skal operasjonelt og taktisk støtte operasjonar heime og ute.
 

5) Hevde og sikre norsk suverenitet

Forsvaret skal – om det trengst – med militærmakt kunne hevde norsk suverenitet og suverene rettar mot motstandarar som utfordrar dei. Trygging av norske ambassadar og norsk skipsfart inngår òg i oppgåva.

6) Vere myndigheit på avgrensa område

Norske styresmakter har gitt Forsvaret ansvaret med å kontrollere og handheve norsk lov på to hovudområde: Halde tilsyn med den norsk-russiske grensa og kontrollere ressursar og vere myndigheit til havs.​

​7) Delta i fleirnasjonal krisehandtering

Forsvaret skal delta i fleirnasjonal krisehandtering og fredsstøttande operasjonar forankra i FN-pakta. Normalt vil deltaking skje i eit multilateralt rammeverk med FN og NATO som dei viktigaste samarbeidspartnarane. Deltaking vil tidvis også kunne skje i operasjonar leia av EU.

8) Bidra til internasjonalt samarbeid

Forsvaret skal støtte internasjonalt samarbeid innan forsvars- og tryggingspolitikk. I oppgåva inngår støtte til militært samarbeid for ​å skape fred og stabilitet. Vi skal også arbeide for å hindre at aktørar som trugar global tryggleik, får tilgang på masseøydeleggingsvåpen.

9) Støtte sivilsamfunnet når dei ber om det

​Vi skal bidra til å ta vare på samfunnstryggleik og andre sentrale samfunnsoppgåver. Som ein del av totalforsvarsordninga skal Forsvaret ved oppmoding støtte det sivile samfunnet ved ulykker, naturkatastrofar, alvorleg kriminalitet, terroråtak og andre kriser.

Publisert 21. desember 2014 15:36.. Sist oppdatert 15. mars 2017 16:07.