Major og feltprest John Bjerkeli holder feltgudstjeneste under vinterøvelsen Cold Response 2009Major and chaplain John Bjerkeli under a cermony during winter exercise Cold Response 2009Major og feltprest John Bjerkeli holder feltgudstjeneste under vinterøvelsen Cold Response 2009Major and chaplain John Bjerkeli under a cermony during winter exercise Cold Response 2009http://forsvaret.no/media/PubImages/tk2737.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=61
_MG_4961_MG_4961http://forsvaret.no/media/PubImages/_MG_4961.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=64
Fra Sikhtempelet på Alnabru i OsloThe Sikhtemple in OsloFra Sikhtempelet på Alnabru i OsloThe Sikhtemple in Oslohttp://forsvaret.no/media/PubImages/109.JPGhttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=60

Mangfald

Mangfald er ein styrke for Forsvaret. Derfor er det eit mål å få fleire kvinner i Forsvaret og fleire med ulik tru og kulturell tilhøyrsel.

​​Religion

Fri religionsutøving er sjølvsagt. Når det gjeld heilagdagar, er tenesta vanlegvis tilpassa offisielle norske høgtids- og heilagdagar. Den som har ein annan religiøs bakgrunn, har høve til å få like mange fridagar som det den kristne kalenderen tilseier. 

Lokale tenesteforhold, øvingar og krig kan føre til at permisjonar fell bort. Forsvaret tillèt medlemmer av religiøse trussamfunn å bere religiøse symbol så lenge dei ikkje bryt med uniformsreglementet. Symbola må vere avgjerande for at beraren skal kunne identifisere seg med trua si.

Ulike religiøse bakgrunnar inneber som regel ulike mattradisjonar. Kjøkkensjefane frå alle avdelingar i Forsvaret skal servere alternativ kost, til dømes halal- eller vegetarmat, i tilfelle der hovudmenyen bryt med overtydinga til enkeltindivid i personellet. Alternativ kost skal òg serverast under øvingar og internasjonale operasjonar.


Kvinner og menn

Norge er eit av få land i den vestlege verda som tillèt kvinner i alle former for stridande teneste. Jenter i Forsvaret har same teneste- og avansementsvilkår som menn. Det inneber at dei kan gjennomføre førstegongsteneste, befalsskule og krigsskule på lik linje med gutane.

I dag er over 17 prosent av alle Forsvarets tilsette kvinner. Av dei i uniform, er kvar tiande kvinne. Målet er at dei skal bli enda fleire. 

Statistikken viser at det går rett veg: talet på kvinner aukar på alle nivå. Frå 2015 er også kvinner vernepliktige, eit tydeleg signal om at evna til å forsvare landet vårt ikkje handlar om kjønn. Men ein organisasjonskultur endrar seg ikkje over natta, og Forsvaret har i lang tid blitt utvikla og tilpassa menn. 

Forsvaret har sett i gong fleire tiltak for å endre kulturen sin og gjere det enklare for kvinner å bli høyrt. Nettverk for kvinnelig befal er eit av tiltaka. Dette kontaktnettverket for kvinneleg befal og kvinnelege elevar ved Forsvarets skular, arrangerer seminar og aktivitetar for fleire målgrupper i Forsvaret.

Seksuell legning

For Forsvaret er den seksuelle legninga til soldatane totalt irrelevant. Målet vårt er alltid å utdanne best moglege soldatar.

Publisert 14. november 2014 14:18.. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:54.