Kystvakta kan bistå med mange tingKystvakta kan bistå med mange tinghttp://forsvaret.no/media/PubImages/20110907th_ 261.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=53Norge har en lang kystlinje. For å kunne bistå det sivile samfunnet ved et oljeutslipp i sjøen, har Kystvakta lenseutstyr ombord og deltar jevnlig på katastrofeøvelser. KV Tor under øvelse Skagex i Oslofjorden
Grensejegere på patrulje ut fra Elvenes stasjonBorder soldiers on patrol out from Elvenes stationGrensejegere på patrulje ut fra Elvenes stasjonBorder soldiers on patrol out from Elvenes stationhttp://forsvaret.no/media/PubImages/Grensevakten10001.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=50Grensejegere på patrulje ut fra Elvenes stasjon

Miljø og helse

​Godt miljø handlar både om natur og enkeltmenneske.

Miljø på jobben

Forsvaret skal tilby eit godt arbeidsmiljø som gir ein meiningsfylt og trygg arbeidssituasjon. Forsvaret skal også førebyggje fysiske og psykiske skadeverknader frå krevjande arbeidsoppdrag ved hjelp av eit moderne velferdstilbod.



Store delar av verksemda i Forsvaret består av å sikre vitale samfunnsoppgåver der tryggleik er viktig. Derfor er rusfritt arbeidsmiljø, solid kompetanse, gode rutinar og etisk rette haldningar viktige for å utføre Forsvarets arbeid i inn- og utland på ein forsvarleg måte.



Forsvaret skal bidra til eit inkluderande arbeidsliv med trygge tilsetjingsforhold og likebehandling. Etaten skal òg leggje til rette for tilpassingar i arbeidsforholdet knytte til føresetnadene og livssituasjonen til den enkelte.

Tryggleik handlar ikkje berre like om at dei tilsette hos oss har etisk rette haldningar. Utstyret skal og vere feilfritt og rutinane gode. Avvik skal rapporterast.

Miljøvern

Forsvaret skal førebyggje miljøproblem og yte bistand til det sivile samfunnet.
Forsvaret pliktar å etterkome dei nasjonale miljøkrava som til ein kvar tid er fastsette i lover og forskrifter. Forsvaret har ei eiga miljøvernteneste som føljer opp at miljøkrav følgjes, at miljøproblem førebyggjas, at gamle miljøproblem blir rydda opp i og at Forsvaret også kan støtte det sivile samfunnet med miljøvern.

Sjefar på alle nivå i Forsvaret skal leggje forholda til rette for at planlegging og praktiske tiltak reduserer utslepp av helse- og miljøskadelege stoff. Tiltaka skal òg sikre at verksemda til Forsvaret ikkje skader grunnlaget for biologisk mangfald, og det skal sikre verneverdige område.



Ved deltaking i operasjonar i utlandet skal Forsvaret som hovudregel rette seg etter heimlege lover, reglar og føresegner som gjeld miljøvern. I mange samanhengar byr det på store vanskar, ikkje minst på grunn av lite utbygd infrastruktur i dei områda Forsvaret opererer i. Dette gjeld særleg avfallshandtering, kjeldesortering, handtering av olje og drivstoff og vern av natur- og kulturminne.



I samband med dei større øvingane til Forsvaret, til dømes den årlege vinterøvinga Cold Response, blir det på førehand gjennomført ei utgreiing om miljøkonsekvensar. Der blir det gjort greie for sårbar flora og fauna i øvingsområdet, støysensitive miljø, til dømes i samband med landbruk, og sensitiv infrastruktur som barnehagar, kyrkjer og asylmottak. Under sjølve øvinga blir det etablert ei eiga gruppe av miljøvernoffiserar som fortløpande behandlar miljøskadar og utslepp frå øvinga, og som gir råd og informasjon om miljøvern til dei ulike avdelingane som er med på øvinga.

Publisert 14. november 2014 15:23.. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:54.