Å delta i internasjonale operasjoner er å bidra til internasjonal fred og sikkerhet i en globalisert verden.Å delta i internasjonale operasjoner er å bidra til internasjonal fred og sikkerhet i en globalisert verden.http://forsvaret.no/media/PubImages/afghanistan10001.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=45Forsvaret har bidratt med militære styrkar til Afghanistan sidan tidleg 2002.På oppdrag med POMLT (Police operational monitoring liason team) som består av norske og amerikanske soldater, og sivilt norsk politi i Dowlatabad i Faryab provinsen, Afghanistan.On a mission with POMLT (Police operational monitoring liason team).
_MG_5002_MG_5002http://forsvaret.no/media/PubImages/_MG_5002.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=59

Verdiar og haldningar

Respekt, ansvar og mot er kjerneverdiane i Forsvaret. Det inneber eit stort ansvar for alle som ber den norske uniforma.

​​​​​Å dyrke fram gode haldningar og etisk medvit er eit satsingsområde i Forsvaret.
Dei 17 000 medarbeidarane i Forsvaret møter etiske utfordringar og dilemma kvar dag: i militære operasjonar, under rednings- og tryggingsarbeid, på øvingar eller på kontoret i det daglege arbeidet.

Forsvaret har særeigne forpliktingar overfor nasjonen Noreg. Vi skal forsvare tryggleik, interesser og verdiar for landet. Avgjerda om å bruke militærmakt ber i seg sjølv eit grunnleggjande dilemma: I yttarste konsekvens risikerer vi å måtte ta liv for å verne liv. Dette stiller krav til vurderingsevna til mannskapa i nasjonale og internasjonale operasjonar. I utdanninga legg vi særleg vekt på kulturforståing, normer for åtferd og folkeretten under krig.

På vegner av samfunnet, forvaltar Forsvaret også store materielle, menneskelege og økonomiske ressursar. Samfunnet må ha tillit til at vi ikkje brukar desse ressursane på ein gal måte, m​en til beste for fellesskapen. Vi tek dermed avgjerder som påverkar enkeltmenneske, verksemder og landet som heilskap. Dette stiller store krav til haldningar og fagleg integritet hos den enkelte medarbeidaren.

Leiarane for Forsvaret har eit ekstra stort ansvar. Dei er førebilete og skal vise god leiarskap, gode haldningar og respekt. Leiarane har eit særleg ansvar for haldningane og verdiane dei formidlar til dei rundt 8000 vernepliktige som kvart år er inne til førstegongsteneste.

Forsvarets kjerneverdiarForsvarets kjerneverdiar
​​Respekt

Å vise respekt for andre når du ber uniform er viktig – både for overordna og overfor medsoldatane dine. Vernepliktsordninga sørgjer for at dei som er inne til førstegongsteneste, og som seinare kan arbeide som befal eller offiserar, representerer eit tverrsnitt av den norske befolkninga. Ingen er like, sjølv om dei ber den same uniforma. I dag tenestegjer menneske med ulik legning, kjønn og religionar side om side, og dei arbeider mot det same målet. Då er det viktig at ein respekterer dei forskjellane som finst, og konsentrerer seg om det ein skal oppnå saman. I operasjonar i utlandet er det viktig å ta med seg denne respekten. Det kan til dømes vere å vise respekt for andre kulturar og skikkar, eller det kan vere å oppføre seg respektfullt overfor ein annan religion eller flagget til eit anna land.

Ansvar

Ingen skal vere i tvil om at militær aktivitet inneber ein stor risiko. Ansvaret ein har som befal, anten det er i leiren eller i felten, på eit fartøy eller i lufta, kan vere mykje lettare å bere dersom kvar enkelt forstår kva som skjer, og ikkje minst seier frå dersom noko verkar utrygt.

Dessverre opplever Forsvaret at det skjer ulykker, for militær aktivitet inneber trass alt ein viss risiko. Sjølv om arbeidet med å gjere tryggleiken så god som råd, stadig blir ført vidare og har utvikla seg enormt dei siste åra, er det framleis slik at det ikkje finst ein absolutt garanti mot uhell.

Mot

Det siste ordet i kjerneverdiane til Forsvaret er kanskje det viktigaste. For ein soldat er det viktig å vise mot, og ikkje berre i kamp.

Alt det som er presentert ovanfor, handlar om dette motet. Det viktigaste av alt, er motet til å seie frå dersom noko er gale – anten det dreiar seg om mobbing, seksuell trakassering, forskjellsbehandling eller situasjonar der ein kan vere utsett for stor risiko.
http://forsvaret.no/faktabokser/faktaboks-ram

Publisert 14. november 2014 13:24.. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:54.