Kystvakta jobbar etter mottoet «Alltid til stades – klare med det vi har», og vi dekker eit enormt område. Vår evne til å flytte på oss og operere over tid, gjer at vi kan konsentrere innsatsen der ein treng det. Slik kan vi vere raskt på plass for å løyse oppdrag og gi bistand.
Etaten disponerer i dag 15 fartøy. I tillegg har Kystvakta maritime helikopter og innleidde sivile fly. Orion, Luftforsvaret sine maritime overvakingsfly, flyr dessutan for Kystvakta frå tid til annan.
Kystvaktas leiing held til på Sortland i Vesterålen. Herfrå leier dei operasjonar, og alle fartøy har Sortland som heimebase. Kystvaktfartøya får dessutan støtte frå Haakonsvern og Ramsund orlogsstasjonar.
Oppgåver
Våre mest sentrale oppgåver er fiskerioppsyn, miljøvern, søk og redning og tolloppsyn.
Kystvaktlova gir Kystvakta rom til å drive kontroll på vegner av fleire statlege etatar, og vi samarbeider mellom anna med politiet og Tollvesenet, Kystverket og Sjøfartsdirektoratet. Felles for dei fleste av Kystvakta sine oppdrag, er å hjelpe til med å trygge miljøet i ei sårbar sone.
Kystvakta har ei viktig rolle i den nasjonale miljøberedskapen langs kysten og på havet. Kystvakta yter òg viktig støtte til norsk forsking.