Forsvarets fellestjenesterForsvarets fellestjenesterhttp://forsvaret.no/media/PubImages/Akershus-festning.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=855Akershus festning i Oslo husar mange av Forsvarets avdelingar.Akershus festning i Oslo husar mange av Forsvarets avdelingar.

Forsvarets fellestjenester har ein felles stab og administrasjon for tolv avdelinger. De tolv avdelingane som inngår i Forsvarets fellestjenester er: ​

  • Forsvarets sikkerhetsavdeling
  • Forsvarets regnskapsadministrasjon
  • Forsvarets trus- og livssynskorps
  • Forsvarets veterantjeneste
  • Oslo garnisonsforvaltning
  • Forsvarets mediesenter
  • Forsvarets forum
  • Regelverksenheten
  • Forsvarets FIF-administrasjon 
  • Forsvarsmuseene 
  • Forsvarets musikk 
  • Forsvarets kommandantskap

​​​​​​​​Forsvarets Sikkerhetsavdeling (FSA)

Har det overordna ansvaret for den førebyggjande tryggingstenesta i Forsvaret. Tryggingsavdelinga skal sikre at verksemda til Forsvaret blir organisert, utført og revidert i samsvar med krava i tryggingslova. 

Forsvarets rekneskapsadministrasjon (FRA)

Fører rekneskap for heile Forsvaret. Alle fakturaer til og frå Forsvaret går via rekneskapadministrasjonen. Forsvaret har ei felles fakturaadresse som er knytta til rekneskapadministrasjonen.​​

Forsvarets mediesenter (FMS)

Er Forsvarets eige kommunikasjonshus. Forsvarets mediesenter kan levere produkt og gi råd innan tekstarbeid, medieanalyse, foto, video, design, digitale medium, heraldikk, profilering og rekruttering.

Forsvarets mediesenter administrerer Forsvarets mediearkiv, som gir deg tilgang til over 40 000 forsvarsrelaterte bilete. FMS tek òg hand om Forsvarets foto-, film- og programarkiv der ei rekkj​e program er tilgjengeleg for utlån. I dei fleste produksjonane brukar vi kompetanse frå alle våre fire​ avdelingar: Analyse, Digital kommunikasjon, Produksjon og Markedskommunikasjon. For meir informasjon, kontakt: fms.kontakt@mil.no.

Forsvarets forum

Har i oppdrag å formidle informasjon og debatt. Redaksjonen har ei fri og uavhengig stilling i samsvar med Lov om redaksjonell fridom i media og Redaktørplakaten. Innhaldet i bladet treng difor ikke vere uttrykk for kva den politiske eller militære leiinga måtte meine. http://fofo.no

Forsvarets trus- og livssynskorps (FTLK)

Trus- og livssynskorpset er ein militær fellesinstitusjon som organiserer tenester innen tru og livssyn i Forsvaret. Korpset har 58 årsverk som er fordelt ut på dei fleste større militære avdelingane i Forsvaret: om lag 56 feltprestar, 1 feltimam og 1 feltlivssynshumanist.

Oppdraget til korpset er å sørgje for tilbod innen tru og livssyn til personellet i Forsvaret. Korpset skal leggje til rette for utøving av tru og livssyn, sjelesorg og eksistensiell omsorg og undervisning i religiøse, livssynsmessige, etiske og moralske spørsmål. Prestane i korpset held gudstenester, andaktar og kyrkjelege handlingar som dåpar, vigslar og gravferder. Imamen og humanisten kan òg halde dåpar, vigslar og gravferder.

Publisert 11. desember 2014 11:41.. Sist oppdatert 15. februar 2019 09:08.