fakta_135_operativthovedkvartefakta_135_operativthovedkvartehttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=14834/media/PubImages/2017-10-12 JS-8776.jpg
fakta_135_operativthovedkvartefakta_135_operativthovedkvartehttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=14835/media/PubImages/Reitan kart .2png.png
fakta_135_operativthovedkvartefakta_135_operativthovedkvartehttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=14836/media/PubImages/AA_CR16_010316_8_2.jpg

Forsvarets operative hovedkvarter

Forsvarets operative hovudkvarter vernar norske interesser ved å planleggje og utføre norske militære operasjonar heime og i utlandet.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Forsvarets operative hovudkvarter (FOH) samarbeider med sivile og andre militære. Avdelinga jobbar døgnet rundt​ og har overordna kommando og kontroll over militære aktivitetar i inn- og utland. Dette omfattar alt frå Kystvakta, redningstenesta og grensevakta, til norske soldater i utlandet.​​​ ​

FOH si grunnleggjande oppgåve er å vere synleg til stades for å markere Noregs suverenitet og suverene rettar. For å overvake Noreg og våre enorme havområde, nyttar Forsvaret seg sensorar som det langtrekkande maritime patruljeflyet P-3 Orion og ulike kystvaktfartøy. Radarbilete frå​ Orion-flya og dei andre kjeldene​ går til overvakingssenteret på FOH. Her set vi informasjonen saman​ til ei​t heilt​ bilete som vi deler med Nato og norske avdelingar i inn- og utland.

Fleire av offiserane har lang erfaring i fellesoperative miljø frå stillingar i mellom anna Nato og frå deltaking i internasjonale operasjonar.

Sjefen for hovudkvarteret er den fremste rådgivaren til forsvarssjefen innan operative spørsmål. Noverande sjef er generalløytnant Rune J​akobsen.

Ansvarsområda til FOH:
  • Halde auge med dei enorme havområda våre og norsk luftrom for å oppnå best mogleg situasjonsforståing.
  • Hevde norsk suverenitet i områda våre.
  • Utøve nasjonal styresmakt i desse områda.
  • Vere til stades og handtere eventuelle kriser.
  • Støtte det sivile samfunnet.
  • Planleggje og leie øvingar.
  • Ha kontroll og gi støtte til avdelingane våre i internasjonale operasjonar.​
Publisert 20. august 2014 10:30. av Ina Nyås Moe, Forsvarets operative hovedkvarter.