Forsvarsstaben

Forsvarsstaben er Forsvarets etatsleiing. Hovudoppgåva til staben er å støtte forsvarssjefen i den daglege drifta av Forsvaret.

​​​​Kort sagt betyr dette å planleggje, styre og følgje opp heile verksemda til Forsvaret – alt frå styrkeproduksjon til operasjonar og støtteverksemd. 

På vegner av forsvarssjefen har stabssjefen utøvande styresmakt til å styre heile verksemda til Forsvaret. Stabssjefen gir oppdrag til underlagde sjefar og ser til at avdelingane følgjer opp mål og resultat.

Staben har ansvar for å innføre og følgje planverk og budsjett frå Forsvarsdepartementet. Staben har òg det daglege arbeidsgivaransvaret for personellet i Forsvaret.

Staben har eit sekretariat og fem avdelingar med ansvar for ulike fagområde: planavdelinga, styringsavdelinga, operasjons​avdelinga, ​​økonomiavdelinga og personellavdelinga.

Publisert 15. august 2013 09:13.. Sist oppdatert 9. august 2016 12:48.