Rollout av M113F3 ved Bjerkvik Tekniske VerkstedRollout av M113F3 ved Bjerkvik Tekniske Verkstedhttp://forsvaret.no/media/PubImages/ed_20081203_008.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=870

Bjerkvik

Bjerkvik tekniske verkstad reparerer og steller på Forsvaret sine kjøretøy og våpen.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Bjerkvik er ein tettstad med 2000 innbyggjarar i Narvik kommune i Nordland. Bjerkvik ligg inst i Herjangen, ein arm av Ofotfjorden. Vil du vite meir om Bjerkvik eller Narvik, sjå kommunens nettside.

Forsvaret i Bjerkvik

Bjerkvik tekniske verkstad er ei produksjonseining under Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO). Verkstaden leverer tekniske tenester, og gjer ingeniørarbeid og vedlikehald av kjøretøy, våpen, elektronikk og optikk. Forsvarets personell er ei viktig yrkesgruppe i Bjerkvik.
 

Aktivitetstilbod

Det er ei rekkje aktivitetstilbod for forsvarsansatte som er knytt til Bjerkvik og Elvegårdsmoen. Staden har mellom anna eit aktivt skyttarlag og idrettslag med avdelingar for symjing, fotball, langrenn og orientering. I tillegg er Bjerkvik ein utmerkt arena for natur- og fritidsaktivitetar som fiske, båtliv og fjellvandring.
 

Bustad

Treng du informasjon om leigebustader på tenestestaden, les meir på Forsvarsbygg.no/basen 
 

Familiekoordinator

For å kunne gi betre støtte til forsvarsfamiliane, har Forsvaret oppretta familiekoordinatorar på sine tenestestader.

Les meir om kva familiekoordinatorane kan hjelpe deg med.

Veit du ikkje kven som er din familiekoordinator? Ta kontakt med basen eller di avdeling for å bli sett i kontakt med rett person.​

 Andre tenestestader

 

 

Kolsås<img alt="" src="/media/PubImages/20091204TJ_120.jpg" style="BORDER:0px solid;" />KolsåsKolsås husar fleire av Forsvarets avdelingar og har eit av dei største idrettsanlegga som som finst i nokon norsk militærleir.http://forsvaret.no/fakta/tjenestesteder/kolsaas
Nordkisa<img alt="" src="/media/PubImages/Forsyning_03.JPG" style="BORDER:0px solid;" />NordkisaForsyning og logistikkberedskap for Forsvaret.http://forsvaret.no/fakta/tjenestesteder/nordkisa
Trandum<img alt="" src="/media/PubImages/DSC_0063.jpg" style="BORDER:0px solid;" />TrandumRomerike tekniske verksted på Trandum utfører vedlikehold og reparasjon av Forsvarets kjøretøy.http://forsvaret.no/fakta/tjenestesteder/trandum

Publisert 4. desember 2014 11:06.. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:32.