heimevernssoldater fra heimevernets innsatsstyrke trener på dombåsnorwegian national guards soldiers training at dombåsheimevernssoldater fra heimevernets innsatsstyrke trener på dombåsnorwegian national guards soldiers training at dombåshttp://forsvaret.no/media/PubImages/arkiv_fms2005_1072_document.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=881

Dombås

På Dombås ligg Heimevernets skule- og kompetansesenter.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Dombås er eit trafikknutepunkt i Dovre kommune, midt i Sør-Noreg. Tettstaden ligg 330 kilometer frå Oslo og 200 kilometer frå Trondheim, og har gode veg- og jarnbanesamband. Dovre er den nordlegaste kommunen i Oppland og har 2900 innbyggjarar. Vil du vite meir om Dombås, kan du sjå på kommunen sine nettsider.

Forsvaret på Dombås

På Dombås ligg Heimevernets skule- og kompetansesenter. Dette er våpenskulen til Heimevernet og utdannar 1400 befal i året.

Aktivitetstilbod

Heimevernet sitt ​​skule- og kompetansesenter ligg midt i sentrum av Dombås. Både butikkar, lege, tannlege, buss, jernbane, barnehage og grunnskule ligg i kort gåavstand frå arbeidsplassen. Likeins er avstanden kort til vill og vakker natur, med eit vell av ulike fritidsaktivitetar. Mektige fjellområde i Rondane og Dovrefjell, med Snøhetta som høgste punkt (2286 meter over havet), er lett tilgjengelege.

Bustad

Viss du treng informasjon om Forsvaret sine utleigebustader på tenestestaden, les meir på Forsvarsbygg.n​o/basen

Familiekoordinator

For å kunne yte betre støtte til forsvarsfamiliane, har Forsvaret oppretta familiekoordinatorar på sine tenestestader.

Les meir om kva familiekoordinatorane kan hjelpe deg med.

Veit du ikkje kven som er din familiekoordinator? Ta kontakt med basen eller di avdeling for å bli sett i kontakt med rett person.​

 Andre tenestestader

 

 

Drevjamoen<img alt="" src="/media/PubImages/HERON_vakthold.jpg" style="BORDER:0px solid;" />DrevjamoenDrevjamoen leir husar både Heimevernet og Forsvarets logistikkorganisasjon.http://forsvaret.no/fakta/tjenestesteder/drevjamoen
Heistadmoen<img alt="" src="/media/PubImages/_ABR2037.jpg" style="BORDER:0px solid;" />HeistadmoenTelemark og Buskerud heimevernsdistrikt ligg på Heistadmoen.http://forsvaret.no/fakta/tjenestesteder/heistadmoen

Publisert 4. desember 2014 11:19.. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:32.