sesjon-hamarsesjon-hamarhttp://forsvaret.no/media/PubImages/sesjon-hamar.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=3996Ridehuset i Hamar
Besøkende ungdom snakker med en rekrutteringsoffiser på utdanningsmesse på HamarBesøkende ungdom snakker med en rekrutteringsoffiser på utdanningsmesse på Hamarhttp://forsvaret.no/media/PubImages/ed_07012009_065.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=911

Hamar

Forsvarets personell- og vernepliktssenter ligg på Hamar og forvaltar verneplikta i Noreg. 

​​​​​​​​​​​​​​​Hamar ligg fint til på austsida av Mjøsa, der Noregs største innsjø er på sitt breiaste, og har om lag 30 000 innbyggjarar. Byen blir av mange kalla innlandshovudstaden og ligg litt over ein time frå Oslo med tog. Vil du vite meir om staden, sjå Hamar kommune sine nettsider.

Forsvaret på Hamar

Forsvarets personell- og vernepliktssenter forvaltar militært personell for Forsvaret. Dei har mellom anna ansvaret for sesjon og innkalling til førstegongsteneste. Lokala til Forsvarets personell- og vernepliktssenter ligg 15 minutt gonge frå jernbanestasjonen og sentrum. Cyberforsvaret held òg til på Hamar.

Aktivitetstilbod

Om sommaren er Mjøsa eit naturleg rekreasjonsområde. Byen har fleire badestrender i umiddelbar nærleik til sentrum, og eit yrande båtliv. Om vinteren lokkar Vangsåsen svært mange ut på skitur. Hamar har fleire idrettsklubbar som hevdar seg i mellom anna ishockey, bandy, handball og fotball.

Bustad

Forsvaret har rundt 25 bustader i Hamar og omland. Bustadene ligg i hovudsak sentrumsnært, men nokre ligg i nabokommunane Ringsaker, Stange og Løten. Bustadene på Hamar blir først og fremst tildelte tilsette ved Forsvarets personell- og vernepliktssenter og Cyberforsvaret. Forsvaret disponerer òg fleire hyblar og dobbeltkvarter i Hamar-området. Viss du treng informasjon om Forsvaret sine utleigebustader på tenestestaden, les meir på Forsvarsbygg.no/bas​en.

Familiekoordinator

For å kunne yte betre støtte til forsvarsfamiliane,​ har Forsvaret oppretta familiekoordinatorar på sine tenestestader.

Les meir om kva familiekoordinatorane kan hjelpe deg med.

Veit du ikkje kven som er din familiekoordinator? Ta kontakt med basen eller di avdeling for å bli sett i kontakt med rett person.​

 Andre tenestestader

 

 

Haakonsvern<img alt="" src="/media/PubImages/Haakonsvern.appellplass.jpg" style="BORDER:0px solid;" />HaakonsvernHaakonsvern er Sjøforsvarets hovudbase og ein av Nord-Europas største maritime militærbasar.http://forsvaret.no/fakta/tjenestesteder/haakonsvern
Oslo<img alt="" src="/media/PubImages/Akershus-festning.jpg" style="BORDER:0px solid;" />OsloHans Majestet Kongens Garde, Etterretningtenesta og Hærens krigsskule held alle til i Oslo.http://forsvaret.no/fakta/tjenestesteder/oslo

Publisert 4. desember 2014 13:52.. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:32.