Harstad

Harstad husar blant anna Sjøforsvarets kampeining, Kystjegerkommandoen.

​​​​​​​​​​​Harstad er med over 23 000 innbyggjarar den nest største byen i Troms. Byen har eit yrande kulturliv og arrangerer dei årlege Festspillene i Nord-Norge. Vil du vite meir om Harstad, kan du sjå på kommunen sine nettsider.

Forsvaret i Harstad

Harstad er vertskommune for fleire andre av avdelingane til Forsvaret. Blant dei er Kystjegerkommandoen, fleire delar av regional støttefunksjon Ramsund, Alliert treningssenter Nord, Forsvaret sin lønnsadministrasjon og Forsvarets musikkorps Nord-Norge.

Aktivitetstilbod

Ved sida av midnattssol om sommaren og nordlys om vinteren kan Harstad tilby unike høve for fiske og friluftsliv. Som nemnt står kulturen i høgsetet, og Harstad kulturhus arrangerer ei rekkje konsertar og framsyningar gjennom heile året. Byen har òg eit aktivt idrettsmiljø med klubbar innan dei fleste sportsgreiner og på dei fleste nivå.

Bustad

Forsvaret har 30 familiebueiningar for tilsette tilknytte Harstad. Dei fleste ligg rett utfor leirgjerdet til Kystjegerkommandoen på Trondenes og på Ila i Harstad sentrum. Bustadmassen fordeler seg på einebustader, vertikaldelte tomannsbustader og rekkehus. Viss du treng informasjon om Forsvaret sine utleigebustader på tenestestaden, les meir på Forsvarsbygg.no/bas​en

Familiekoordinator

For å kunne yte betre støtte til forsvarsfamiliane har Forsvaret opprette familiekoordinatorar på sine tenestestader.

Les meir om kva familiekoordinatorane kan hjelpe deg med.

Veit du ikkje kven som er din familiekoordinator? Ta kontakt med basen eller di avdeling for å bli sett i kontakt med rett person.​

 Andre tjenestesteder

 

 

Sortland<img alt="" src="/media/PubImages/20100929sls_gardex057.jpg" style="BORDER:0px solid;" />SortlandSortland er vertskommune for Sjøforsvaret sin kystvaktstasjon.http://forsvaret.no/fakta/tjenestesteder/sortland
Ramsund<img alt="" src="/media/PubImages/Ramsund-881.JPG" style="BORDER:0px solid;" />RamsundRamsund orlogsstasjon er forsyningsbasen til Sjøforsvaret i Nord-Noreg.http://forsvaret.no/fakta/tjenestesteder/ramsund
Haakonsvern<img alt="" src="/media/PubImages/Haakonsvern.appellplass.jpg" style="BORDER:0px solid;" />HaakonsvernHaakonsvern er Sjøforsvarets hovudbase og ein av Nord-Europas største maritime militærbasar.http://forsvaret.no/fakta/tjenestesteder/haakonsvern

Publisert 4. desember 2014 13:57.. Sist oppdatert 19. januar 2018 12:57.