Huseby

Huseby leir, eller Gardeleiren, er hovudkvarter for Hans Majestet Kongens Garde.

​​​​​​​​​​​​​​​​Leiren har 24-timars væpna vakthald og vaktas av gardistar. Det er berre eitt kompani i Garden som ikkje held til i Huseby leir. Rekruttkompaniet, 6. gardekompani, held til på Terningmoen leir like ved Elverum.

​Leiren ligg vest i Oslo kommune, og er bygt i to plan. På bakkeplan er det kontor, kassernar, møterom og liknande. Under leiren ligg det såkalla 0-planet med oppstillingsplassar for alle kompania, parkeringsplassar for militære kjøretøy, mannskapsmesse, innandørs skytebane, våpendepot, klededepot, systove, bensinstasjon, idrettshall og eksersisplass. Velferdsbygget og Gardehallen ligg like utanfor sjølve leiren. 

Treng du informasjon om utleigeboligar på tenestestaden, les meir på Forsvarsbygg.no/b​asen

Familiekoordinator

For å kunne yte betre støtte til forsvarsfamiliane, har Forsvaret ​​oppretta ​familiekoordinatorar på sine tenestestader.

Les meir om kva familiekoordinatorane kan hjelpe deg med.

Veit du ikkje kven som er din familiekoordinator? Ta kontakt med basen eller di avdeling for å bli sett i kontakt med rett person.​​

 Andre tenestestader

 

Publisert 4. desember 2014 13:35.. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:32.