Studenter ved Forsvarets ingeniørhøgskole bekjemper cyberangrep og analyserer aktivitet på nettverket under øvelse Cold Matrix 2014.Studenter ved Forsvarets ingeniørhøgskole bekjemper cyberangrep og analyserer aktivitet på nettverket under øvelse Cold Matrix 2014.http://forsvaret.no/media/PubImages/FDN_5987.JPGhttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=856
Forsvarets ingeniørhøgskole under øvelse Initial EntryForsvarets ingeniørhøgskole under øvelse Initial Entryhttp://forsvaret.no/media/PubImages/FDN_4614.JPGhttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=5801

Jørstadmoen

Forsvarets militærbase på Jørstadmoen husar fleire av Forsvarets avdelingar.

​​​​​​​​​​Lillehammer kommune ligg i Oppland og har i overkant av 25 000 innbyggjarar. Etter å ha husa OL i 1994 har Lillehammer utvikla seg til ein levande by med gode kommunikasjonssamband og svært gode høve til å drive vintersport. Vil du vite meir om Lillehammer, sjå kommunen sine nettsider.

Forsvaret på​ Jørstadmoen​

Militærbasen til Forsvaret på Jørstadmoen ligg åtte kilometer frå Lillehammer by. Jørstadmoen er hovudsete til Cyberforsvaret, men også andre avdelingar som Forsvarets arkivteneste og Cyberingeniørskulen ved Forsvarets høgskule held til ved basen.

Aktiv​​​itetstilbod

På Lillehammer er det særs gode høve til å drive med jakt og fiske både sommar og vinter. Kommunen har golfbane, langrennsløyper og gode alpinanlegg på Hafjell i Øyer, på Skeikampen i Gausdal og på Kvitfjell i Ringebu. Alt ligg i umiddelbar nærleik til Lillehammer. Byen er òg årleg arrangør av ulike idrettsarrangement, mellom anna noregsmeisterskap i friidrett og Birkebeiner-arrangementa.

Bust​ad

Forsvaret har 34 bustader til disposisjon for tilsette tilknytte Lillehammer kommune. Det dreier seg om både einebustader og leilegheiter i burettslag som ligg i området rundt Lillehammer sentrum og på Fåberg, nær Jørstadmoen militærbase. Viss du treng informasjon om Forsvaret sine utleigebustader på tenestestaden, les meir på Forsvarsbygg.no/ba​sen

Familieko​​ordinator

For å kunne yte betre støtte til forsvarsfamiliane har Forsvaret opprette familiekoordinatorar på sine tenestestader.

Les meir om kva familiekoordinatorane kan hjelpe deg med.

Veit du ikkje kven som er din familiekoordinator? Ta kontakt med basen eller di avdeling for å bli sett i kontakt med rett person.​

 Andre tjenestesteder

 

 

Haakonsvern<img alt="" src="/media/PubImages/Haakonsvern.appellplass.jpg" style="BORDER:0px solid;" />HaakonsvernHaakonsvern er Sjøforsvarets hovudbase og ein av Nord-Europas største maritime militærbasar.http://forsvaret.no/fakta/tjenestesteder/haakonsvern
I havgapet ligger ei øy. En mann vokter den.<img alt="" src="/media/PubImages/tkR8538.jpg" style="BORDER:0px solid;" />I havgapet ligger ei øy. En mann vokter den.Det rister i den store grå flymaskinen på vei mot vulkanøya Jan Mayen, som ligger omkring 90 mil fra det norske fastlandet. Hit går det ingen rutefly. http://forsvaret.no/aktuelt/jan-mayen-feature

Publisert 4. desember 2014 20:46.. Sist oppdatert 27. mars 2019 16:35.