Illustrasjonsfoto, minoritet. Korporal Priyan Pusparaja. Jobber på Kolsås med logistikkIllustrasjonsfoto, minoritet. Korporal Priyan Pusparaja. Jobber på Kolsås med logistikkhttp://forsvaret.no/media/PubImages/20091204TJ_120.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=865

Kolsås

Kolsås husar fleire av Forsvarets avdelingar og har eit av dei største idrettsanlegga som som finst i nokon norsk militærleir.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Bærum er med 112 000 innbyggjarar den største kommunen i Akershus og grensar til Oslo kommune i nordaust. Sjølv om det høgste punktet i Bærum er Vidvangshøgda, finn ein den beste utsikta frå toppen av søre Kolsås. Herfrå ser ein utover heile kommunen, inn til Oslo, over til Nesodden og det aller meste av indre Oslofjord. Vil du vite meir om Bærum, sjå kommunen sine nettsider.

Forsva​ret på Kolsås

På Kolsås ligg fleire av avdelingane til Forsvaret: Forsvarets logistikkorganisasjon, Forsvarsmateriell, Cyberforsvaret, Nasjonal sikkerhetsmyndighet, Forsvarsbygg og Oslo garnisonsforvaltning.​

Ak​​tivitetstilbod

Kolsås har eit breitt velferdstilbod for soldatane, blant anna eit av dei største idrettsanlegga som finst i nokon norsk militærleir. Bærum kommune har òg fleire store idrettsanlegg som kan brukast til dei fleste idrettar og sportsgreiner, mellom anna fleiridrettsanlegget Haugar idrettspark, Nadderudhallen, Grønneshallen og Telenor Arena. Alpinanlegg finn ein i Kirkerudbakken, Krydsbybakken og Kolsåsbakken. Vidare tilbyr terrenget gode høve for langrenn i eit godt utbygd lysløypenett, både i Vestmarka og Bærumsmarka.

Bust​​ad

Det finst om lag 330 familieleilegheiter til disposisjon for forsvarspersonell som tenestegjer i Oslo og Akershus. Leilegheitene er i hovudsak i Oslo by, men nokre ligg òg utanfor bygrensene, i Asker, Bærum, Nittedal, Ski og Rælingen. Det er ingen område som berre består av Forsvaret sine utleigebustader.

Viss du treng informasjon om Forsvaret sine utleigebustader på tenestestaden, les meir på Forsvarsbygg.no/​basen

Familiekoo​rdinator

For å kunne yte betre støtte til forsvarsfamiliane har Forsvaret opprette familiekoordinatorar på sine tenestestader.

Les meir om kva familiekoordinatorane kan hjelpe deg med.

Veit du ikkje kven som er din familiekoordinator? Ta kontakt med basen eller di avdeling for å bli sett i kontakt med rett person.​

 Andre tenestestader

 

 

Trandum<img alt="" src="/media/PubImages/DSC_0063.jpg" style="BORDER:0px solid;" />TrandumRomerike tekniske verksted på Trandum utfører vedlikehold og reparasjon av Forsvarets kjøretøy.http://forsvaret.no/fakta/tjenestesteder/trandum
Nordkisa<img alt="" src="/media/PubImages/Forsyning_03.JPG" style="BORDER:0px solid;" />NordkisaForsyning og logistikkberedskap for Forsvaret.http://forsvaret.no/fakta/tjenestesteder/nordkisa
Bjerkvik<img alt="" src="/media/PubImages/ed_20081203_008.jpg" style="BORDER:0px solid;" />BjerkvikBjerkvik tekniske verkstad reparerer og steller på Forsvaret sine kjøretøy og våpen.http://forsvaret.no/fakta/tjenestesteder/bjerkvik

Publisert 4. desember 2014 20:29.. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:32.