20090826th 63120090826th 631http://forsvaret.no/media/PubImages/20090826th 631.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=360Kontroll og varsling hevder suverenitet i norsk luftrom.
20090826th 64120090826th 641http://forsvaret.no/media/PubImages/20090826th 641.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=364Innimellom plukkar CRC Mågerø opp signaler frå utanlandske fly. Dette resulterar i at F-16-fly blir sendt opp for å avskjere.
20090826th 64020090826th 640http://forsvaret.no/media/PubImages/20090826th 640.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=363Uten kontroll og varsling vil kampflyene hverken vite hvor eller hva de skal.
20090826th 63620090826th 636http://forsvaret.no/media/PubImages/20090826th 636.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=362CRC driver også stridsleding, både i krise, fred og krig, ved at senteret leder og kontrollerer luftoperasjonar med jagarfly og missilsystem.
20090826th 64220090826th 642http://forsvaret.no/media/PubImages/20090826th 642.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=365Om nødvendig kan kontroll og varsling på Mågerø overta ansvaret for heile Noreg og tilstøytande områder.

Mågerø

Luftforsvarets kontroll- og varslingsanlegg ligg på Mågerø i Tjøme. Dei hevder suverenitet i norsk luftrom.

​​​​​​​​​​​​​​​​Forsvaret på Mågerø

Mågerø har vore tilhaldsstad for Luftforsvaret i ei årrekkje. Utviklinga har gått frå nøytralitetsvern til eit moderne kontroll- og varslingsanlegg. Den operative eininga ved Mågerø kontroll- og varslingsstasjon består av stasjonen til Luftforsvaret Mågerø og Forsvarets logistikkorganisasjon Mågerø. I tillegg ligg kontrollen til Luftforsvaret, Varslingsskulen og Nasjonalt programmeringssenter her.
CRC (Control and Reporting Centre) Mågerø skal sørgje for kontinuerlig overvaking og suverenitetshevding av norsk luftrom - primært i Sør-Noreg. Om nødvendig kan dei overta ansvaret for heile Noreg og tilstøytande områder.
Luftovervakinga foregår med radarar og andre sensorar og datamaskiner som lager et kontinuerlig oppdatert situasjonsbilde der man ser alle flybevegelsar i luftrommet.

CRC driver også stridsleding, både i krise, fred og krig, ved at senteret leder og kontrollerer luftoperasjonar med jagarfly og missilsystem. Utan kontroll og varsling ville ikkje jagarflya kunne lette. Innimellom plukkar CRC Mågerø opp signaler frå utanlandske fly. Dette resulterar i at F-16-fly blir sendt opp for å avskjere.

Aktivitetstilbod

Stasjonen til Luftforsvaret har eit velutstyrt treningsrom til disposisjon for forsvarstilsette og familiane deira. Andre fasilitetar i leirområdet er ei sandvolleyballbane, ei fotballbane og ei terrengløype. Forsvaret har eigne avtaler når det gjeld både tennisbane og symjehall, og ein eigen idrettsoffiser kan hjelpe til med å setje opp treningsprogram, låne ut utstyr og gjennomføre testar og merkeprøver. Distriktet byr òg på eit rikt utval av kulturelle og sportslege aktivitetar, og her er idrettslag som tilbyr fotball, handball, bandy, segling, dykking og tennis.

Bustad

Viss du treng informasjon om Forsvaret sine utleigebustader på tenestestaden, les meir på Forsvarsbygg​.no/basen 

Tjøme er namnet på den største øya i øykommunen med same namn. Tjøme ligg i Vestfold, heilt på vestsida av Oslofjorden, og husar nærare 5 000 innbyggjarar. Halvøya nordaust på øya Tjøme heitar Mågerø. Vil du vite meir om Tjøme, sjå kommunen sine nettsider.

Familienettverk
Ved fleire av Forsvaret sine tenestestader finst det frivillige familienettverk. 
På Mågerø finner du Mågene. Det er ein nettverksgruppe for alle kvinner med tilhørighet til stasjonen til Luftforsvaret på Mågerø.

Familiekoordinator

For å kunne yte betre støtte til forsvarsfamiliane har Forsvaret opprette familiekoordinatorar på sine tenestestader.

Les meir om kva familiekoordinatorane kan hjelpe deg med.

Veit du ikkje kven som er din familiekoordinator? Ta kontakt med basen eller di avdeling for å bli sett i kontakt med rett person.​

 Andre tenestestader

 

 

Ørland<img alt="" src="/media/PubImages/november%2021,%202013_20520.jpg" style="BORDER:0px solid;" />ØrlandØrland flystasjon blir base for Noregs nye kampfly, og er ein base i utvikling.http://forsvaret.no/fakta/tjenestesteder/orland
Trondheim<img alt="" src="/media/PubImages/arkiv_FMS2006_676_document.jpg" style="BORDER:0px solid;" />TrondheimTrondheim er vertsby for Luftkrigsskulen.http://forsvaret.no/fakta/tjenestesteder/trondheim
Sørreisa<img alt="" src="/media/PubImages/arkiv_fms2005_1760_document.jpg" style="BORDER:0px solid;" />SørreisaInni fjellet Høggumpen ligg kontroll- og varslingssenteret som held auge med luftrommet i Nord-Noreg.http://forsvaret.no/fakta/tjenestesteder/sorreisa

Publisert 24. november 2014 14:54.. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:31.