Forsvarets fellestjenesterForsvarets fellestjenesterhttp://forsvaret.no/media/PubImages/Akershus-festning.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=855Akershus festning i Oslo husar mange av Forsvarets avdelingar.Akershus festning i Oslo husar mange av Forsvarets avdelingar.

Oslo

Hans Majestet Kongens Garde, Etterretningtenesta og Hærens krigsskule held alle til i Oslo.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Noregs hovudstad ligg omgitt av flotte naturområde inst i Oslofjorden. Byen er både kommune og fylke, og blei grunnlagd rundt år 1000. Som hovudstad er byen eit naturleg knutepunkt for både nasjonale og internasjonale reiser, og plasseringa gir Oslo eigenskapar som ein normalt ikkje finn i ein hovudstad. Vil du vite meir om Oslo, sjå kommunen sine nettsider.

Forsvaret i O​slo

Forsvaret har lange tradisjonar i Oslo. Hans Maje​​stet Kongens Garde er eit velkjent innslag i bybiletet som kongens eigen vaktstyrke. Etterretningstenesta har hovudkvarteret sitt på Lutvann, og Hærens krigsskule ligg på Linderud. Oslo og Akershus h​eimevernsdistrikt 02​ held​ òg til på Lutvann leir, og har territorialansvaret for Oslo og Akershus. Akershus festning blir i dag brukt av mellom anna Forsvarsstaben, Forsvarets høgskule, Forsvarsmuseet, Forsvarets mediesenter, Forsvarets musikk og Forsvarets stabsmusikkorps. Leiinga til Forsvarets logistikkorganisasjon held óg til i Oslo.​ 

​​​Aktivitetstilbod

Oslo har eit vell av tilbod innan idrett, kultur og naturopplevingar. Vala er mange, anten du ønskjer kulturelt påfyll på teater og opera eller fysiske utfordringar i langrennsløypa eller i alpinbakken. Vil du bade og sole deg, kan du velje mellom utandørs badeanlegg som Frognerbadet og Tøyenbadet, eller ta ein ferjetur over til ei av øyane i Oslofjorden. Nokre av dei beste idrettslaga og arenaene i Noreg finst i Oslo.

Bust​​ader

Forsvaret har ei mengd utleigebustader for tilsette tilknytte Oslo og Akershus. Likevel må mange ut på den sivile leigemarknaden for å finne bustad i Oslo. Viss du treng informasjon om Forsvaret sine utleigebustader på tenestestaden, les meir på
Forsvarsbygg sine nettsider

Familienettverk
Ved fleire av Forsvaret sine tenestestader finst det frivillige familienettverk. I Oslo finn du Prinsesse Joséphines Gardiner. Nettverket ønskjer å vere ein fristad der alle kvinnene på tenestestaden kan «lade batteria» og treffe andre kvinner i same situasjon.

Familiekoordi​nator

For å kunne yte betre støtte til forsvarsfamiliane, har Forsvaret oppretta familiekoordinatorar på sine tenestestader.

Les meir om kva familiekoordinatorane kan hjelpe deg med.

Veit du ikkje kven som er din familiekoordinator? Ta kontakt med basen eller di avdeling for å bli sett i kontakt med rett person.​

 Andre tenestestader

 

 

Haakonsvern<img alt="" src="/media/PubImages/Haakonsvern.appellplass.jpg" style="BORDER:0px solid;" />HaakonsvernHaakonsvern er Sjøforsvarets hovudbase og ein av Nord-Europas største maritime militærbasar.http://forsvaret.no/fakta/tjenestesteder/haakonsvern
Madla (KNM Harald Haarfagre)<img alt="" src="/media/PubImages/_MG_2008%20copy.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Madla (KNM Harald Haarfagre)Stavanger er vertskommune for rekruttskulen KNM Harald Haarfagre. Rekruttperioden, eller grunnutdanninga, er dei første 6–8 vekene i førstegongstenesta. http://forsvaret.no/fakta/tjenestesteder/madla

Publisert 4. desember 2014 20:57.. Sist oppdatert 25. juni 2018 09:07.