Leopard 2 A4NO stridsvogn fra Stridsvogneskadron 2 i Panserbataljonen, skarpskyting med 120 mm granat i Blåtind skytefeltLeopard 2 A4NO stridsvogn fra Stridsvogneskadron 2 i Panserbataljonen, skarpskyting med 120 mm granat i Blåtind skytefelthttp://forsvaret.no/media/PubImages/leo2-2.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=788
L24A0341redL24A0341redhttp://forsvaret.no/media/PubImages/L24A0341red.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=792

Setermoen

Forsvaret har utdanna soldatar på Setermoen heilt sidan 1898.

​​​​​​​Setermoen ligg i Bardu kommune. Bardu er ein særeigen nordnorsk innlandskommune som strekkjer seg gjennom samanhengande dalføre mellom fjella i Midt-Troms. Kommunen har eit areal på 2697 kvadratkilometer og snautt 3900 innbyggjarar.

Forsvaret på Setermoen

Forsvaret har i stor grad vore med på å utvikle Bardu og Setermoen til det dei er i dag. Dei etablerte soldatutdanning her allereie i 1898. Staden vart vald på grunn av den strategiske plasseringa mellom fjella. Avdelingane som held til på Setermoen leir, er Panserbataljonen, Artilleribataljonen, Sanitetsbataljonen og Etterretningsbataljonen.

Aktivitetstilbod

Sidan Setermoen ligg der han ligg, finst her tallause moglegheiter innan friluftsliv, jakt og fiske. Med eige alpinsenter, flotte langrennsmoglegheiter og ein lang vinter er dette òg ein stad med som eignar seg svært godt til skisport. Gjennom kommunen går det eit løypenett som heng saman med løypenett i både Sverige og Finland. Inne i leiren er det ein stor idrettshall. Velferdstenesta har ein rekke spillkonsollar og bibliotek med meir. Bardu NMK har motosportbane i kommunen. Bardu har òg ei rekkje lag og foreiningar innan idrett og andre fritidsaktivitetar. Les meir på heimesida til kommunen.

Bustad

Forsvaret har fleire bustader i tilknyting til leiren.Viss du treng informasjon om Forsvaret sine utleigebustader på tenestestaden, les meir på Forsvarsbyg​g.no/basen

Familienettverk

Ved fleire av Forsvaret sine tenestestader finst det frivillige familienettverk. På Setermoen finn du Seterjentene. Nettverket prøver å bidra til trivsel og integrasjon av medlemmane gjennom ulike tiltak og arrangement.

Familiekoordinator

For å kunne yte betre støtte til forsvarsfamiliane har Forsvaret opprette familiekoordinatorar på sine tenestestader.

Les meir om kva familiekoordinatorane kan hjelpe deg med.

Veit du ikkje kven som er din familiekoordinator? Ta kontakt med basen eller di avdeling for å bli sett i kontakt med rett person.​

 Andre tenestestader

 

 

Terningmoen<img alt="" src="/media/PubImages/CJ3A0002.jpg" style="BORDER:0px solid;" />TerningmoenI Terningmoen leir finn du blant anna rekruttskulen til Garden og Hæren sin våpenskole.http://forsvaret.no/fakta/tjenestesteder/terningmoen
Sør-Varanger<img alt="" src="/media/PubImages/_MG23194.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Sør-VarangerGarnisonen i Sør-Varanger vaktar den 196 kilometer lange grensa vår mot Russland.http://forsvaret.no/fakta/tjenestesteder/sor-varanger
Skjold<img alt="" src="/media/PubImages/2bn.jpg" style="BORDER:0px solid;" />SkjoldHærens 2. bataljon og Ingeniørbataljonen holder til på Skjold.http://forsvaret.no/fakta/tjenestesteder/skjold

Publisert 5. desember 2014 12:55.. Sist oppdatert 24. august 2016 11:38.