2bn2bnhttp://forsvaret.no/media/PubImages/2bn.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=875

Skjold

Hærens 2. bataljon og Ingeniørbataljonen holder til på Skjold.

​​​​​​​​Skjold ligg i Målselv kommune, sentralt i Troms fylke og i underkant av to timar unna Tromsø med bil. Kommunen har snautt 6 700 innbyggjarar og eit areal på 3 321 kvadratkilometer. Han strekkjer seg heilt frå fjella og dalane ved svenskegrensa til fjorden ved kysten. Viss du vil vite meir om Målselv, sjå kommunen sine nettsider.

Forsvaret på Skjold

Skjold leir ligg ved tettstaden Øverbygd, omtrent fire mil frå Bardufoss. Verksemda til Forsvaret er viktig for staden og har lange tradisjonar. Avdelingane som held til i Skjold leir no, er 2. bataljon og In​geniørbataljonen. 

Aktivitetstilbod

Den varierte naturen og dei vakre omgjevnadene i Målselv er noko heilt for seg sjølve. Langs heile Målselvvassdraget er det fine turområde, og elva gjev gode høve for fiske og fartsfylte opplevingar. I tillegg finst eit av verdas nordlegaste badeland på Bardufoss, og kommunen har lag og foreiningar som tilbyr alt frå ballsport til rideturar. Målselv fjellandsby med eit stort skianlegg ligg ein halvtimes køyretur unna leiren. Velferdstenesta på Skjold har óg paintball-bane inne i leiren.

Bustad

Viss du treng informasjon om Forsvaret sine utleigebustader på tenestestaden, les meir på Forsvarsbygg.no/ba​sen

Familienettverk

Ved fleire av Forsvaret sine tenestestader finst det frivillige familienettverk. På Skjold finn du Frilleriket. Det er ein aktiv gjeng med jenter som blir samla med jamne mellomrom til sosialt samvær.

Familiekoordinator

For å kunne yte betre støtte til forsvarsfamiliane har Forsvaret opprette familiekoordinatorar på sine tenestestader.

Les meir om kva familiekoordinatorane kan hjelpe deg med.

Veit du ikkje kven som er din familiekoordinator? Ta kontakt med basen eller di avdeling for å bli sett i kontakt med rett person.​

 Andre tenestestader

 

 

Terningmoen<img alt="" src="/media/PubImages/CJ3A0002.jpg" style="BORDER:0px solid;" />TerningmoenI Terningmoen leir finn du blant anna rekruttskulen til Garden og Hæren sin våpenskole.http://forsvaret.no/fakta/tjenestesteder/terningmoen
Sør-Varanger<img alt="" src="/media/PubImages/_MG23194.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Sør-VarangerGarnisonen i Sør-Varanger vaktar den 196 kilometer lange grensa vår mot Russland.http://forsvaret.no/fakta/tjenestesteder/sor-varanger
Setermoen<img alt="" src="/media/PubImages/leo2-2.jpg" style="BORDER:0px solid;" />SetermoenForsvaret har utdanna soldatar på Setermoen heilt sidan 1898.http://forsvaret.no/fakta/tjenestesteder/setermoen

Publisert 5. desember 2014 13:12.. Sist oppdatert 23. august 2016 11:16.