OP tårn 247 langs grensa til Russland / Observation tower 247, along the border between Norway and RussiaOP tårn 247 langs grensa til Russland / Observation tower 247, along the border between Norway and Russiahttp://forsvaret.no/media/PubImages/_MG23194.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=887

Sør-Varanger

Garnisonen i Sør-Varanger vaktar den 196 kilometer lange grensa vår mot Russland.

​​​​​​​​​​​​​​​Sør-Varanger ligg så langt nordaust i landet som det er mogleg å kome, og kommunen grensar​ mot Russland og Finland. Garnisonen er omgitt av vakker natur sommar som vinter, og Kirkenes er endestopp for Hurtigruta. Kommunen er heimstad for 9 500 menneske og nesten like mange reinsdyr. Med snautt 3 500 innbyggjarar er Kirkenes ein av dei største tettstadene i Finnmark. Sjå nettsidene til kommunen viss du vil vite meir.

​Forsvaret i Sør-Varanger

Garnisonen i Sør-Varanger ligg på Høybuktmoen, 13 kilometer frå Kirkenes sentrum. Forsvaret har hatt ein sentral plass i kommunen heilt sidan andre verdskrigen, og hovudoppgåva til garnisonen er å vakte den 196 kilometer lange grensa mot Russland. Oppdraget blir løyst både med båt, til fots og med ski og snøscooter om vinteren.

Aktivitetstilbod

Staden byr på eit stort spekter av naturopplevingar. Om sommaren står sola midt på himmelen ein månad i strekk, og den lange vinteren gjer kommunen til eit paradis for vinteraktivitetar. Kommunen har ei rekkje lag og foreiningar for fritidsaktivitetar. Anten du driv aktivt med idrett, eller om du er lidenskapleg oppteken av film, foto, snøscooterar eller hundar, vil du finne eit tilbod som passar for deg.

Bustad

Om du treng meir informasjon om utleigebustadar på tenestestaden, kan du lese meir på Forsvarsbygg.no/ba​sen.​

F​​​​amilienettverk

Det er frivillige familienettverk ved fleire av Forsvarets tenestestader. I Sør-Varanger finn du Vargtussan – eit nettverk for medflyttarar og kvinneleg befal. Nettverket gir deg eit alternativ til det å bu på ein stad med sterk tilknyting til Forsvaret.

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, har Forsvaret tilsett familiekoordinatorar ved tenestestadene sine. Les meir om kva familiekoordinatorane kan hjelpe deg med.

​Veit du ikkje kven som er familiekoordinatoren din? Ta kontakt med basen eller avdelinga di for å bli sett i kontakt med rett person.

 Andre tenestestader

 

 

Terningmoen<img alt="" src="/media/PubImages/CJ3A0002.jpg" style="BORDER:0px solid;" />TerningmoenI Terningmoen leir finn du blant anna rekruttskulen til Garden og Hæren sin våpenskole.http://forsvaret.no/fakta/tjenestesteder/terningmoen
Skjold<img alt="" src="/media/PubImages/2bn.jpg" style="BORDER:0px solid;" />SkjoldHærens 2. bataljon og Ingeniørbataljonen holder til på Skjold.http://forsvaret.no/fakta/tjenestesteder/skjold
Setermoen<img alt="" src="/media/PubImages/leo2-2.jpg" style="BORDER:0px solid;" />SetermoenForsvaret har utdanna soldatar på Setermoen heilt sidan 1898.http://forsvaret.no/fakta/tjenestesteder/setermoen

Publisert 5. desember 2014 14:46.. Sist oppdatert 2. oktober 2016 18:26.