Forsvaret i Sørreisa
Eit godt stykke inne i fjellet Høggumpen i Sørreisa ligg kontroll- og varslingssenteret og held eit vakent auge med luftrommet i og utanfor Nord-Noreg 24 timar i døgnet, 365 dagar i året. Hovudoppdraget til stasjonen er å produsere eit luftbilete som til ei kvar tid er korrekt og oppdatert. Dette inneber å lokalisere og identifisere all flyaktivitet over og i nærleiken av nasjonalt territorium og Nato-territorium.
På bakgrunn av dette luftbiletet blir kampfly og andre luftborne kapasitetar styrte og kontrollerte etter situasjonen – det vere seg dagleg trening, luftoperasjonar eller ved sivile flykapringar.
Forsvaret har fleire organisatoriske einingar i Sørreisa, mellom anna teknisk personell som driftar og vedlikeheld dei ulike IKT-systema. Desse høyrer til IKT-avdelinga til Forsvarets logistikkorganisasjon.
Aktivitetstilbod
Sørreisa og heile Midt-Troms byr på gode høve til idrett, jakt, fiske og anna friluftsliv. Det er mange merkte turløyper og oppkøyrde skiløyper å velje i. Sørreisa har eit allsidig idrettsmiljø med idrettslag som driv med blant anna fotball, symjing, handball, turn og badminton.
Bustad
Viss du treng informasjon om Forsvaret
sine utleigebustader på tenestestaden, les meir på Forsvarsbygg.no/basenSørreisa kommune ligg ein 20 minutts køyretur frå Bardufoss og Andselv. Same avstand er det frå Finnsnes, som har hurtigruteanløp og snøggbåtsamband til Tromsø og Harstad. Straumen er sentrum i Sørreisa og husar kommuneadministrasjonen, butikkar og anna næringsliv.
Kommunen har både kyst og innland, sandstrender og båthamn og over 1000 meter høge fjell.
Viss du vil vite meir om Sørreisa, sjå kommunen sine nettsider.
Familiekoordinator
For å kunne yte betre støtte til forsvarsfamiliane har Forsvaret opprette familiekoordinatorar på sine tenestestader.
Les meir om kva familiekoordinatorane kan hjelpe deg med.
Veit du ikkje kven som er din familiekoordinator? Ta kontakt med basen eller di avdeling for å bli sett i kontakt med rett person.