sak om opptak til krigsskolenstory about recruitment for the school of warsak om opptak til krigsskolenstory about recruitment for the school of warhttp://forsvaret.no/media/PubImages/arkiv_FMS2006_676_document.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=908

Trondheim

Trondheim er vertsby for Luftkrigsskulen.

​​​​​Forsvaret i Trondheim

Trondheim er vertsby for Luftkrigsskulen. Utdanninga er underlagd dei same godkjenningskrava som sivile høgskular og universitet, og ho gir studiepoeng som kan kombinerast med studium utanfor Forsvaret og i utlandet. Luftforsvarets musikkorps held til på Byscenen i Trondheim.

Aktivitetstilbod

Byen har eit allsidig kultur- og idrettstilbod, både til mosjonistar og idretts- og sportsutøvarar. Trondheim kan tilby dei fleste fritidsfasilitetar, og ei rekkje idrettslag dekkjer dei fleste idrettsgreinene. Her finn ein blant anna symjehallar, kunstisbane, skibakkar og -løyper og fotball- og idrettsbaner. Uansett kvar i byen du er, er det kort veg til marka. Her er det oppmerka stiar, velpreparerte løyper og fleire utfartsstader. Kadettsamfunnet  arrangerer òg ei rekkje aktivitetar.

Bustad

Viss du treng informasjon om Forsvaret sine utleigebustader på tenestestaden, les meir på Forsvarsbygg.no​/basen

Trondheim ligg i Sør-Trøndelag fylke, ved Nidelva sitt utløp i Trondheimsfjorden. Byen har rundt 170 000 innbyggjarar, i tillegg kjem rundt 10 000 studentar.

Viss du vil vite meir om Trondheim, sjå kommunen side nettsider.

Familiekoordinator

For å kunne yte betre støtte til forsvarsfamiliane har Forsvaret opprette familiekoordinatorar på sine tenestestader.

Les meir om kva familiekoordinatorane kan hjelpe deg med.

Veit du ikkje kven som er din familiekoordinator? Ta kontakt med basen eller di avdeling for å bli sett i kontakt med rett person.​


 Andre tenestestader

 

 

Ørland<img alt="" src="/media/PubImages/november%2021,%202013_20520.jpg" style="BORDER:0px solid;" />ØrlandØrland flystasjon blir base for Noregs nye kampfly, og er ein base i utvikling.http://forsvaret.no/fakta/tjenestesteder/orland
Sørreisa<img alt="" src="/media/PubImages/arkiv_fms2005_1760_document.jpg" style="BORDER:0px solid;" />SørreisaInni fjellet Høggumpen ligg kontroll- og varslingssenteret som held auge med luftrommet i Nord-Noreg.http://forsvaret.no/fakta/tjenestesteder/sorreisa
Sola<img alt="" src="/media/PubImages/tkseakingR8874.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Sola139 luftving avdeling Sola er hovedbase for Luftforsvarets 330 skvadron, den militære redningstjenesten.http://forsvaret.no/fakta/tjenestesteder/sola

Publisert 5. desember 2014 14:53.. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:32.