Fokus 2017<img alt="" src="/media/PubImages/Fokus_1920x840.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Fokus 2017http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017
Derfor lagar vi Fokus<img alt="" src="/media/PubImages/20160204OST_8893.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Derfor lagar vi FokusTruslane i det digitale rommet mot politiske, militære og økonomiske mål i Noreg er aukande. Vi kan forvente omfattande etterretningsoperasjoner mot Noreg i året som kjem.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/innledning
Russland<img alt="" src="/media/PubImages/tb7f442a.jpg" style="BORDER:0px solid;" />RusslandTrass i vanskeleg økonomi vil Russland framleis prioritere å utvikle våpenteknologi og å sikre at militærmakta kan brukast på flest mogleg område. Ei tydeleg satsing på Nordflåten vil påverke også norske interesser. Innanriks står Putin fram som meir eigenrådig, med stor vilje til å halde intern kontroll fram mot presidentvalet i 2018.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/russland
Digitale rom<img alt="" src="/media/PubImages/iStock-466640134.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Digitale romAuka politisk spenning mellom Vesten og Russland fører til at det digitale rommet i større grad vil bli brukt til å støtte opp under press og truslar.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/digitale-rom
Midtøsten og Afrika<img alt="" src="/media/PubImages/tb96545c.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Midtøsten og AfrikaMidtausten vil framleis vere sentrum formange stormaktsrivaliseringar i 2017, noko som vil forlengje konfliktane i land som Syria og Jemen. Samtidig er misnøya mot undertrykkjande regime stor, spesielt hos unge folk med utdanning. Dette kan resultere i nye opprør og radikalisering.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/midtosten-og-afrika
Internasjonal terrorisme<img alt="" src="/media/PubImages/tb9c09bf_blurred.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Internasjonal terrorismeSjølv om ISIL er på vikande front, vil terrortrusselen mot Europa vare ved i 2017. Noreg vert framleis sett på som eit legitimt, men ikkje prioritert, angrepsmål.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/internasjonal-terrorisme
Masseøydeleggingsvåpen<img alt="" src="/media/PubImages/ta550a08.jpg" style="BORDER:0px solid;" />MasseøydeleggingsvåpenSjølv om det militære potensialet i det iranske atomprogrammet er redusert, utviklar landet avanserte ballistiske missil som potensielt vil kunne bere kjernevåpen. India, Pakistan og Kina moderniserer kjernevåpena siden, medan Nord-Korea ikkje er villig til å gi opp programmet sitt.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/masseodeleggelsesvapen
Asia<img alt="" src="/media/PubImages/sye7bf8b.jpg" style="BORDER:0px solid;" />AsiaXi Jinping vil i 2017 bruke partikongressen til å styrkje den personlege makta si i Kina og kjem neppe til å justere den politiske kursen sin. Faren for væpna samanstøytar i Aust- og Sør-Kina-havet aukar, medan framgangen for Taliban i Afghanistan vil halde fram.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/asia
Last ned Fokus 2017<img alt="" src="/media/PubImages/lastned-bilde.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Last ned Fokus 2017Trykk på lenkja under for å laste ned Fokus 2017.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/rapport

 

 

AsiaAsiahttp://forsvaret.no/media/PubImages/sye7bf8b.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=8671Xi Jinping vil i 2017 bruke partikongressen til å styrkje den personlege makta si i Kina og kjem neppe til å justere den politiske kursen sin. Faren for væpna samanstøytar i Aust- og Sør-Kina-havet aukar, medan framgangen for Taliban i Afghanistan vil halde fram.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​I 2017 vil Kommunistpartiet i Kina halde sin 19. partikongress. Her vil Xi Jinping styrkje den personlege makta si ytterlegare ved å handplukke medlemmane til den nye leiinga av Kommunistpartiet. Trass i at mange i partiet er misnøgde med maktkonsentrasjonen, er det lite som taler for at Xi kjem til å justere den politiske kursen sin. Det finst ingen samla opposisjon, og heller ingen potensielle utfordrarar til Xi.

I løpet av dette året vil faren auke for væpna samanstøytar i Aust- og Sør-Kina-havet. Kina har styrkt det militære grepet om Sør-Kina-havet og vil fortsetje å militarisere omstridde øyar og rev. Samtidig aukar Beijing presset mot Japan i samband med konflikten om Diaoyu-/ Senkaku-øyane i Aust-Kina-havet. Militære fly, marinefartøy og kystvaktfartøy opererer tett på kvarandre i begge havområda. Faren for uhell eller mistydingar er difor betydeleg.​

 

 

China's President Xi Jinping delivers a speech at a conference commemorating the 150th birth anniversary of Sun Yat-Sen, widely recognised as the father of modern China, at the Great Hall of the People in Beijing, China, November 11, 2016. REUTERS/JasonChina's President Xi Jinping delivers a speech at a conference commemorating the 150th birth anniversary of Sun Yat-Sen, widely recognised as the father of modern China, at the Great Hall of the People in Beijing, China, November 11, 2016. REUTERS/Jasonhttp://forsvaret.no/media/PubImages/tb826b53.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=8716Den kinesiske presidenten Xi Jinping heldt i november i fjor tale under ein konferanse til minne om grunnleggjaren av det moderne Kina, Sun Yat-Sen. Foto: Jason Lee
(FILES) This file aerial photo taken on May 11, 2015 from a military aircraft shows alleged on-going reclamation by China on the Mischief Reef in the Spratly group of islands in the South China Sea, west of Palawan. China warned of "conflicts and confro(FILES) This file aerial photo taken on May 11, 2015 from a military aircraft shows alleged on-going reclamation by China on the Mischief Reef in the Spratly group of islands in the South China Sea, west of Palawan. China warned of "conflicts and confrohttp://forsvaret.no/media/PubImages/tb3f1391.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=8715Dette flyfotoet viser Mischief Reef i Sør-Kina-havet. Foto: Ritchie B. Tongo
Afghanistan PoliticsAfghanistan Politicshttp://forsvaret.no/media/PubImages/tb6c704d.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=8717Konflikten mellom president Ghani og CEO Abdullah eskalerte hausten 2016. Foto: Massoud Hossaini, AP
AfghanistanAfghanistanhttp://forsvaret.no/media/PubImages/tb245c70.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=8718Leiaren for ei utbrytargruppe i Taliban, Mullah Abdul Manan Niazi, kjem for å halde tale for soldatane sine i Herat-provinsen i Afghanistan i mai i fjor. Foto: Allauddin Khan, AP


Nord-Korea testar stadig missil og atomvåpen, og dette forsterkar spenningane i Aust- Asia. Kina har protestert kraftig mot Sør-Koreas avgjerd om å utplassere eit amerikansk missilforsvar. Splittingane gjer det mindre sannsynleg at nabolanda til Nord-Korea blir samde om ein felles politikk, og dette er ei utvikling som Pyongyang stiller seg positiv til. Regimet til Kim Jong-un vil sannsynlegvis halde fram med provokasjonane og forsøkje å forsterke spenningane i regionen ytterlegare i 2017.

Taliban er i 2017 venta å styrk​je den militære posisjonen sin i alle delar av Afghanistan, og afghanske tryggingsstyrkar vil kome under stadig større press. Den militære framgangen til Taliban gir gruppa færre insentiv til å​ inngå ein fredsavtale. Den krevjande tryggingssituasjonen forsterkar den politiske ustabiliteten i Afghanistan, men Ghani-regjeringa vil sannsynlegvis overleve året som kjem.​

Les meir om Asia på side 74​ til 85 i rapporten

Afghanistan

Afghanistan

Taliban styrkjer den militære posisjonen sin i alle delar av landet og set dei afghanske tryggingsstyrkane under større press. Taliban vil vere meir samla i 2017 enn ved inngangen til 2016 og vil truleg ekspandere i heile Afghanistan. Gruppa vil også styrkje aktiviteten langs hovudvegaksane og redusere rørslefridomen for dei afghanske tryggingsstyrkane og dei lokale innbyggjarane. Det er lite sannsynleg at Taliban kjem til å inngå ein fredsavtale i 2017.

Sør-Kinahavet

Sør-Kina-havet

I striden om Sør-Kina-havet tapte Kina i 2016 ei sak som Filippinane hadde reist for eit havrettstribunal i Haag. Avgjerda set strenge grenser for kva havområde Kina kan gjere krav på. I etterkant har Kina styrkt det militære grepet om det aktuelle havområdet, mellom anna ved å patruljere med jagar- og bombefly.

Koreahalvøya

Koreahalvøya

I 2016 trappa Nord-Korea opp aktiviteten i atomvåpenprogrammet, og regimet til Kim Jong-un gjennomførte to våpentestar. Sjølv om hovudføremålet med testane er å betre det nasjonale atomvåpenarsenalet, ønskjer Nord-Korea også å så splid i Aust-Asia.

​​

Publisert 6. februar 2017 09:15.. Sist oppdatert 6. februar 2017 09:36.