Fokus 2017<img alt="" src="/media/PubImages/Fokus_1920x840.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Fokus 2017http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017
Derfor lagar vi Fokus<img alt="" src="/media/PubImages/20160204OST_8893.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Derfor lagar vi FokusTruslane i det digitale rommet mot politiske, militære og økonomiske mål i Noreg er aukande. Vi kan forvente omfattande etterretningsoperasjoner mot Noreg i året som kjem.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/innledning
Russland<img alt="" src="/media/PubImages/tb7f442a.jpg" style="BORDER:0px solid;" />RusslandTrass i vanskeleg økonomi vil Russland framleis prioritere å utvikle våpenteknologi og å sikre at militærmakta kan brukast på flest mogleg område. Ei tydeleg satsing på Nordflåten vil påverke også norske interesser. Innanriks står Putin fram som meir eigenrådig, med stor vilje til å halde intern kontroll fram mot presidentvalet i 2018.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/russland
Digitale rom<img alt="" src="/media/PubImages/iStock-466640134.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Digitale romAuka politisk spenning mellom Vesten og Russland fører til at det digitale rommet i større grad vil bli brukt til å støtte opp under press og truslar.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/digitale-rom
Midtøsten og Afrika<img alt="" src="/media/PubImages/tb96545c.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Midtøsten og AfrikaMidtausten vil framleis vere sentrum formange stormaktsrivaliseringar i 2017, noko som vil forlengje konfliktane i land som Syria og Jemen. Samtidig er misnøya mot undertrykkjande regime stor, spesielt hos unge folk med utdanning. Dette kan resultere i nye opprør og radikalisering.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/midtosten-og-afrika
Internasjonal terrorisme<img alt="" src="/media/PubImages/tb9c09bf_blurred.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Internasjonal terrorismeSjølv om ISIL er på vikande front, vil terrortrusselen mot Europa vare ved i 2017. Noreg vert framleis sett på som eit legitimt, men ikkje prioritert, angrepsmål.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/internasjonal-terrorisme
Masseøydeleggingsvåpen<img alt="" src="/media/PubImages/ta550a08.jpg" style="BORDER:0px solid;" />MasseøydeleggingsvåpenSjølv om det militære potensialet i det iranske atomprogrammet er redusert, utviklar landet avanserte ballistiske missil som potensielt vil kunne bere kjernevåpen. India, Pakistan og Kina moderniserer kjernevåpena siden, medan Nord-Korea ikkje er villig til å gi opp programmet sitt.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/masseodeleggelsesvapen
Asia<img alt="" src="/media/PubImages/sye7bf8b.jpg" style="BORDER:0px solid;" />AsiaXi Jinping vil i 2017 bruke partikongressen til å styrkje den personlege makta si i Kina og kjem neppe til å justere den politiske kursen sin. Faren for væpna samanstøytar i Aust- og Sør-Kina-havet aukar, medan framgangen for Taliban i Afghanistan vil halde fram.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/asia
Last ned Fokus 2017<img alt="" src="/media/PubImages/lastned-bilde.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Last ned Fokus 2017Trykk på lenkja under for å laste ned Fokus 2017.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/rapport

 

 

Digitale romDigitale romhttp://forsvaret.no/media/PubImages/iStock-466640134.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=8667Auka politisk spenning mellom Vesten og Russland fører til at det digitale rommet i større grad vil bli brukt til å støtte opp under press og truslar.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Russiske aktørar er svært aktive og driv både undergravande verksemd og tradisjonell etterretning. Styrkinga av dei statlege kinesiske innhentingsorgana vil raskt gje resultat i form av betre styrt etterretningsverksemd. Den auka politiske spenninga mellom Russland og Vesten inneber at aktiviteten i større grad vil støtte opp under ulike former for press og truslar. Hendingar som er observerte i 2016, viser at den russiske interessa for tradisjonelle politiske og militære mål i Noreg varer ved.

Russiske aktørar har i årevis freista trengje inn i datasystem som høyrer til norske styresmakter, og denne interessa vil halde fram. Ein annan kontinuerleg trussel mot norske verksemder er inntrenging og kompromittering for å etablere skjult infrastruktur med føremål å innhente informasjon.

Den auka politiske spenninga mellom Russland og Vesten inneber at aktiviteten i større grad vil støtte opp under ulike former for press og truslar

Eit russisk verkemiddel for å påverke vestleg opinion har dei siste to åra vore å manipulere sosiale medium. Aktiviteten omfattar mellom anna kartlegging av sosiale og profesjonelle relasjonar, trakassering og kapring av profilar. Det har vore fleire tilfelle med massefabrikasjon av klager til Twitter og Facebook for å stengje ned profilar, og infiltrasjon av venenettver​k på sosiale medium blir brukt som utgangspunkt for å spreie desinformasjon og propaganda.

Også sjikane og truslar gjennom masseutsending av tekst- og talemeldingar via telefon er eit verkemiddel som går att. Eit døme på sistnemnde er oppringingane frå eit russisk telefonnummer til tusenvis av polske soldatar og militærtilsette i november 2015.​

Tre kategoriar digitale truslar

  • Etterretning
    Føremålet med etterretning er å innhente digitalt lagra, men elles utilgjengeleg, informasjon, som deretter vert prosessert og utnytta systematisk. Etterretningsoperasjonane er i høg grad retta mot politiske, militære, teknologiske og økonomiske mål i samsvar med nasjonalstatlege interesser. Etterretningstenesta følgjer i særleg grad statlege eller statleg sponsa trusselaktørar.

  • Sabotasje
    Sabotasje omfattar skade, øydelegging og forstyrringar. Noreg kan bli sett under press og tvang ved at framande statar rettar truslar mot sivile mål som infrastruktur for elektrisk kraft, telekommunikasjon, transport og banktenester. På det militære området kan det bli retta sabotasjehandlingar mot system for kommando og kontroll, kommunikasjon, navigasjon og overvaking.

  • Påverknad
    Påverknad vil seie å bruke sosiale medium og nyheitsmedium til å undertrykkje og manipulere forståinga av røyndomen gjennom fornekting og desinformasjon. Målet vil vere å diskreditere dei statlege styresmaktene, forvirre innbyggjarane og eventuelt demoralisere militært personell. Det overordna føremålet er å forme det strategiske handlingsrommet til eigen fordel.


​​​​​Eit meir aggressivt og sjølvhevdande Russland vil bruke ulike medium og metodar for å utfordre og konfrontere Vesten, som vi såg i samband med presidentvalet i USA hausten 2016. I tillegg til tradisjonell innhenting vil ein del av aktiviteten til dei hemmelege russiske tenestene vere driven av ein ambisjon om å svekkje og påverke nære naboland og vestlege samfunn. Slik aktivitet kan ventast i samband med dei viktige parlamentsvala i Europa i 2017. Provokasjonar for å teste vestleg handlekraft og politisk samhald kan bli nytta som verkemiddel for å skape spenning. Det digitale rommet er i realiteten grenselaust, og ved å bruke grupper av stråmenn er risikoen for sanksjonar liten. Aktivitetane ti​l dei hemmelege tenestene kan omfatte avsløringar, lekkasjar, planting og spreiing av desinformasjon, og truslar mot namngitt personell.​

Også kinesiske aktørar har i 2016 gjennomført operasjonar mot norske styresmakter og teknologiselskap, og det er venta at kinesiske aktørar vil halde fram aktiviteten i 2017. Industrispionasje mot norske teknologiselskap vil framleis stå for ein betydeleg del av den forventa aktiviteten. Blant dei aktuelle områda der det er forventa aktivitet, er fornybar energi og «grøn» teknologi, betra industriell produksjonskvalitet, utvikling av medisinar, og rombaserte system. Infrastrukturen for framtidige operasjonar vil bli bygd ut vidare, og typisk vil mindre verksemder som er sårbare grunna mangelfull datatryggleik, vere utsette. Teknikkane og metodane som dei kinesiske aktørane nyttar for inntrenging, er i utvik​ling og er forventa å raskt bli meir sofistikerte.

døme på digitale truslar​


Sosiale medium
Dei siste to åra har Russland manipulert sosiale medium for å påverke vestleg opinion. Mellom anna har landet kartlagt sosiale og profesjonelle relasjonar og trakassert og kapra profilar. Det har blitt sendt klager til Twitter og Facebook for å stengje ned profilar, og venenettverk har blitt infiltrerte for å spreie desinformasjon og propaganda.

SMS og oppringingar
Russland har sendt ut eit stort omfang av tekst- og talemeldingar via telefon for å spreie sjikane og truslar. Eit døme på dette er ei hending frå november 2015 der tusenvis av polske soldatar og militærtilsette vart ringde opp frå eit russisk telefonnummer.

Sabotasje
Russland vidareutviklar operasjonelle konsept for å utføre sabotasje digitalt. Eit døme på sabotasje er straumbrotet i Ukraina i desember 2015. Kinesisk aktivitet mot Noreg er gjerne retta mot styresmakter, industribedrifter og teknologiselskap.​

Les meir om digitale truslar på side 30​ til 37 i rapporten


 

 

547416805547416805http://forsvaret.no/media/PubImages/547416805.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=8714Den auka politiske spenninga mellom Russland og Vesten inneber at aktiviteten i større grad vil støtte opp under ulike former for press og truslar. Foto: R. Daniluk
498558186498558186http://forsvaret.no/media/PubImages/iStock-498558186.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=8712Den auka politiske spenninga mellom Russland og Vesten inneber at aktiviteten i større grad vil støtte opp under ulike former for press og truslar. Foto: Kynny, iStock

​​​​​​

Publisert 6. februar 2017 09:15.. Sist oppdatert 6. februar 2017 09:34.