Fokus 2017<img alt="" src="/media/PubImages/Fokus_1920x840.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Fokus 2017http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017
Derfor lagar vi Fokus<img alt="" src="/media/PubImages/20160204OST_8893.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Derfor lagar vi FokusTruslane i det digitale rommet mot politiske, militære og økonomiske mål i Noreg er aukande. Vi kan forvente omfattande etterretningsoperasjoner mot Noreg i året som kjem.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/innledning
Russland<img alt="" src="/media/PubImages/tb7f442a.jpg" style="BORDER:0px solid;" />RusslandTrass i vanskeleg økonomi vil Russland framleis prioritere å utvikle våpenteknologi og å sikre at militærmakta kan brukast på flest mogleg område. Ei tydeleg satsing på Nordflåten vil påverke også norske interesser. Innanriks står Putin fram som meir eigenrådig, med stor vilje til å halde intern kontroll fram mot presidentvalet i 2018.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/russland
Digitale rom<img alt="" src="/media/PubImages/iStock-466640134.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Digitale romAuka politisk spenning mellom Vesten og Russland fører til at det digitale rommet i større grad vil bli brukt til å støtte opp under press og truslar.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/digitale-rom
Midtøsten og Afrika<img alt="" src="/media/PubImages/tb96545c.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Midtøsten og AfrikaMidtausten vil framleis vere sentrum formange stormaktsrivaliseringar i 2017, noko som vil forlengje konfliktane i land som Syria og Jemen. Samtidig er misnøya mot undertrykkjande regime stor, spesielt hos unge folk med utdanning. Dette kan resultere i nye opprør og radikalisering.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/midtosten-og-afrika
Internasjonal terrorisme<img alt="" src="/media/PubImages/tb9c09bf_blurred.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Internasjonal terrorismeSjølv om ISIL er på vikande front, vil terrortrusselen mot Europa vare ved i 2017. Noreg vert framleis sett på som eit legitimt, men ikkje prioritert, angrepsmål.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/internasjonal-terrorisme
Masseøydeleggingsvåpen<img alt="" src="/media/PubImages/ta550a08.jpg" style="BORDER:0px solid;" />MasseøydeleggingsvåpenSjølv om det militære potensialet i det iranske atomprogrammet er redusert, utviklar landet avanserte ballistiske missil som potensielt vil kunne bere kjernevåpen. India, Pakistan og Kina moderniserer kjernevåpena siden, medan Nord-Korea ikkje er villig til å gi opp programmet sitt.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/masseodeleggelsesvapen
Asia<img alt="" src="/media/PubImages/sye7bf8b.jpg" style="BORDER:0px solid;" />AsiaXi Jinping vil i 2017 bruke partikongressen til å styrkje den personlege makta si i Kina og kjem neppe til å justere den politiske kursen sin. Faren for væpna samanstøytar i Aust- og Sør-Kina-havet aukar, medan framgangen for Taliban i Afghanistan vil halde fram.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/asia
Last ned Fokus 2017<img alt="" src="/media/PubImages/lastned-bilde.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Last ned Fokus 2017Trykk på lenkja under for å laste ned Fokus 2017.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/rapport

 

 

Derfor lagar vi FokusDerfor lagar vi Fokushttp://forsvaret.no/media/PubImages/20160204OST_8893.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=8686Truslane i det digitale rommet mot politiske, militære og økonomiske mål i Noreg er aukande. Vi kan forvente omfattande etterretningsoperasjoner mot Noreg i året som kjem.

​​​​​​​​​​​​​​​​​Fokus er ei ugradert vurdering som Etterretningstenesta har gjort av utviklingstrekk i utvalde geografiske område og innanfor utvalde tema, med prognose for forventa utvikling i 2017. Målet er å presentere tenesta sine overordna vurderingar av kva som kan ha vesentleg betyding for Noreg i året som kjem.​

Ved inngangen til 2017 er det særleg tre utviklingstrekk som verkar relevante for Noreg og norske interesser: Truslane i det digitale rommet mot politiske, militære og økonomiske mål i Noreg er aukande. Vi kan forvente omfattande etterretningsoperasjonar mot Noreg i året som kjem. Russland gjennomførte omfattande digitale operasjonar for å påverke valkampen i USA, og ein kan ikkje sjå bort frå at framande makter også kan forsøkje å påverke valet på ulike måtar her i Noreg og andre stader i Europa i 2017.​​​​

Vi kan forvente omfattande etterretningsoperasjonar mot Noreg i året som kjem.

Terrortrusselen frå militante is​​lamistar er generelt sett blitt meir alvorleg og kompleks. Talet på terrorangrep i Europa aukar, og dei fleste kan knytast til ISIL. Sjølv om ISIL vert svekt i Irak og Syria og kapasiteten til å gjennomføre sentralstyrte terrorangrep dermed blir redusert, vil organisasjonen sitt nettverk i Europa vere ein betydeleg trussel også i 2017.​

For det tredje har dei geopolitiske motsetningane mellom Russland og Vesten auka markant i kjølvatnet av konfliktane i Ukraina og Syria. Vi står overfor eit militært styrkt og tryggingspolitisk sjølvsikkert Russland med auka vilje til å bruke makt for å hevde interessene sine. I dagens tryggingspolitiske klima kan enkeltepisodar få alvorlege konsekvensar som ingen av partane i utgangspunktet ønskjer eller er tente med.

Det er mitt ønske at dette dokumentet skal bidra til å auke forståinga av forholda som påverkar norsk tryggleik, og dermed gi eit best mogleg grunnlag for avgjerdene som styresmaktene i Noreg fattar.

Generalløytnant Morten Haga Lunde

Sjef Etterretningstenesta​

Publisert 6. februar 2017 09:18.. Sist oppdatert 6. februar 2017 09:52.