Fokus 2017<img alt="" src="/media/PubImages/Fokus_1920x840.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Fokus 2017http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017
Derfor lagar vi Fokus<img alt="" src="/media/PubImages/20160204OST_8893.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Derfor lagar vi FokusTruslane i det digitale rommet mot politiske, militære og økonomiske mål i Noreg er aukande. Vi kan forvente omfattande etterretningsoperasjoner mot Noreg i året som kjem.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/innledning
Russland<img alt="" src="/media/PubImages/tb7f442a.jpg" style="BORDER:0px solid;" />RusslandTrass i vanskeleg økonomi vil Russland framleis prioritere å utvikle våpenteknologi og å sikre at militærmakta kan brukast på flest mogleg område. Ei tydeleg satsing på Nordflåten vil påverke også norske interesser. Innanriks står Putin fram som meir eigenrådig, med stor vilje til å halde intern kontroll fram mot presidentvalet i 2018.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/russland
Digitale rom<img alt="" src="/media/PubImages/iStock-466640134.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Digitale romAuka politisk spenning mellom Vesten og Russland fører til at det digitale rommet i større grad vil bli brukt til å støtte opp under press og truslar.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/digitale-rom
Midtøsten og Afrika<img alt="" src="/media/PubImages/tb96545c.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Midtøsten og AfrikaMidtausten vil framleis vere sentrum formange stormaktsrivaliseringar i 2017, noko som vil forlengje konfliktane i land som Syria og Jemen. Samtidig er misnøya mot undertrykkjande regime stor, spesielt hos unge folk med utdanning. Dette kan resultere i nye opprør og radikalisering.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/midtosten-og-afrika
Internasjonal terrorisme<img alt="" src="/media/PubImages/tb9c09bf_blurred.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Internasjonal terrorismeSjølv om ISIL er på vikande front, vil terrortrusselen mot Europa vare ved i 2017. Noreg vert framleis sett på som eit legitimt, men ikkje prioritert, angrepsmål.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/internasjonal-terrorisme
Masseøydeleggingsvåpen<img alt="" src="/media/PubImages/ta550a08.jpg" style="BORDER:0px solid;" />MasseøydeleggingsvåpenSjølv om det militære potensialet i det iranske atomprogrammet er redusert, utviklar landet avanserte ballistiske missil som potensielt vil kunne bere kjernevåpen. India, Pakistan og Kina moderniserer kjernevåpena siden, medan Nord-Korea ikkje er villig til å gi opp programmet sitt.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/masseodeleggelsesvapen
Asia<img alt="" src="/media/PubImages/sye7bf8b.jpg" style="BORDER:0px solid;" />AsiaXi Jinping vil i 2017 bruke partikongressen til å styrkje den personlege makta si i Kina og kjem neppe til å justere den politiske kursen sin. Faren for væpna samanstøytar i Aust- og Sør-Kina-havet aukar, medan framgangen for Taliban i Afghanistan vil halde fram.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/asia
Last ned Fokus 2017<img alt="" src="/media/PubImages/lastned-bilde.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Last ned Fokus 2017Trykk på lenkja under for å laste ned Fokus 2017.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/rapport

 

 

Internasjonal terrorismeInternasjonal terrorismehttp://forsvaret.no/media/PubImages/tb9c09bf_blurred.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=8689Sjølv om ISIL er på vikande front, vil terrortrusselen mot Europa vare ved i 2017. Noreg vert framleis sett på som eit legitimt, men ikkje prioritert, angrepsmål.

​​​​​​​​​​ISIL blir stadig meir pressa i Midtausten og Afrika. I tillegg til at gruppa mistar territorium kontinuerleg, blir økonomien svekt, og det militære presset aukar. ISIL vil ikkje evne å snu denne utviklinga det næraste året.

Det militære presset mot ISIL reduserer likevel ikkje straks terrortrusselen mot Vesten og vestlege interesser. Terrortrusselen mot Europa i 2017 frå ISIL og sympatiserande militante islamistmiljø vil vare ved omtrent som i 2016. Sjølv om kapasiteten til å gjennomføre godt planlagde sentralstyrte angrep er redusert, vil gruppa framleis kunne nytte sosiale medium og propaganda for å instruere og inspirere støttespelarar til angrep i Europa.​

ISIL er på vikande front, men terrortrusselen mot Europa frå ISIL og sympatiserande militante islamistmiljø vil vare ved i 2017​​

Noreg er ikkje eit prioritert mål for ISIL eller leiinga i al-Qaida. Like fullt har begge grupperingane eit uttalt mål om å råke vestlege land og interesser og ser på Noreg som eit legitimt mål. Det generelle trusselbiletet mot vestlege interesser, kombinert med at val av mål også vert gjort opportunistisk, fører til at det vil vere risiko for angrep mot Noreg og norske interesser i utlandet også i 2017.​

Større terroråtak i Europa

  • Brussel
    Tre bomber vart utløyste i Brussel 22. mars: Først to eksplosjonar i avgangshallen til Brussel lufthamn Zaventem og deretter éin eksplosjon på Maalbeek undergrunnsstasjon. 35 menneske vart drepne. ISIL har teke på seg skulda for åtaket.

  • Nice
    86 menneske vart drepne og 434 vart skadde då ein mann køyrde ein lastebil inn i folkemengda langs strandpromenaden i Nice. Hendinga skjedde på den franske nasjonaldagen 14. juli. ISIL tok på seg ansvaret for aksjonen.

  • Normandie
    Ein 84 år gamal prest vart drepen under ei gudsteneste i ei katolsk kyrkje i Normandie 26. juli. Seks personar vart tekne som gislar, og dei to gisseltakarane vart drepne av politiet. Også dette angrepet var det ISIL som stod bak.

  • Berlin
    Ein terrorist køyrde ein semitrailer inn i ei folkemengd på julemarknaden på Breitscheidplatz i Berlin 20. desember. 12 menneske vart drepne og 56 vart fysisk skadde. ISIL hevdar å stå bak angrepet.

​​

Denne vurderinga vert underbygd vidare av at heimkomne framandkrigarar kan ha evne og vilje til å utføre mindre komplekse terrorhandlingar samtidig som ISIL og al-Qaida framleis fokuserer særleg på å inspirere sympatisørar i vestlege land til å gjennomføre angrep. Trusselbiletet mot Noreg kan òg raskt bli endra om ISIL, al-Qaida eller andre militante islamistgrupper innlemmar Noreg konkret i erklæringar eller oppmodingar til angrep. Det er så langt ingen indikasjonar på at ein slik endra prioritet frå ISIL eller andre liknande terrorgrupper vil finne stad.

Det samla talet på terrorangrep i Europa var høgre i 2016 enn i 2015, og fleirtalet av angrepa var delegerte eller inspirerte. Samtidig har dødstala per angrep gått ned.​​

Les meir om internasjonal terrorisme på side 52​ til 63​ i rapporten

ISIL

Al-Qaida

Al-Qaida har styrkt posisjonen sin. I tillegg til i Syria er gruppa sterkt til stades med filialar i Jemen, Somalia og Sahel-regionen. Alle desse truar vestlege interesser. Eit styrkt al-Qaida kan føre til auka trussel på sikt, men truleg ikkje i 2017. Noreg er ikkje eit prioritert mål for ISIL eller leiinga av al-Qaida, men terrortrusselen mot norske mål og interesser vil bli påverka negativt dersom Noreg vert nemnt konkret i erklæringar eller oppmodingar frå ISIL, al-Qaida eller andre militante islamistgrupper.

Al-Qaida

ISIL

ISIL blir stadig meir pressa i Midtausten og Afrika og klarer neppe å snu utviklinga det nærmaste året. Organisasjonen mistar territorium samtidig som det militære presset aukar og økonomien vert svekt. I november i fjor hadde ISIL mista rundt halvparten av territoriet i Irak, derimellom byane Fallujah, Ramadi, Bayji og Qayyara, i tillegg til omtrent 25 prosent av områda i Syria. ISIL-medlemmar tek i aukande grad kontakt med personar i vestlege land for å få dei til å utføre angrep på vegner av gruppa. Veksten i slike delegerte angrep vil truleg halde fram i 2017 og kan bli forsterka etter kvart som presset på ISIL aukar.

​​



Publisert 6. februar 2017 09:15.. Sist oppdatert 6. februar 2017 09:34.