Fokus 2017<img alt="" src="/media/PubImages/Fokus_1920x840.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Fokus 2017http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017
Derfor lagar vi Fokus<img alt="" src="/media/PubImages/20160204OST_8893.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Derfor lagar vi FokusTruslane i det digitale rommet mot politiske, militære og økonomiske mål i Noreg er aukande. Vi kan forvente omfattande etterretningsoperasjoner mot Noreg i året som kjem.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/innledning
Russland<img alt="" src="/media/PubImages/tb7f442a.jpg" style="BORDER:0px solid;" />RusslandTrass i vanskeleg økonomi vil Russland framleis prioritere å utvikle våpenteknologi og å sikre at militærmakta kan brukast på flest mogleg område. Ei tydeleg satsing på Nordflåten vil påverke også norske interesser. Innanriks står Putin fram som meir eigenrådig, med stor vilje til å halde intern kontroll fram mot presidentvalet i 2018.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/russland
Digitale rom<img alt="" src="/media/PubImages/iStock-466640134.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Digitale romAuka politisk spenning mellom Vesten og Russland fører til at det digitale rommet i større grad vil bli brukt til å støtte opp under press og truslar.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/digitale-rom
Midtøsten og Afrika<img alt="" src="/media/PubImages/tb96545c.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Midtøsten og AfrikaMidtausten vil framleis vere sentrum formange stormaktsrivaliseringar i 2017, noko som vil forlengje konfliktane i land som Syria og Jemen. Samtidig er misnøya mot undertrykkjande regime stor, spesielt hos unge folk med utdanning. Dette kan resultere i nye opprør og radikalisering.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/midtosten-og-afrika
Internasjonal terrorisme<img alt="" src="/media/PubImages/tb9c09bf_blurred.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Internasjonal terrorismeSjølv om ISIL er på vikande front, vil terrortrusselen mot Europa vare ved i 2017. Noreg vert framleis sett på som eit legitimt, men ikkje prioritert, angrepsmål.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/internasjonal-terrorisme
Masseøydeleggingsvåpen<img alt="" src="/media/PubImages/ta550a08.jpg" style="BORDER:0px solid;" />MasseøydeleggingsvåpenSjølv om det militære potensialet i det iranske atomprogrammet er redusert, utviklar landet avanserte ballistiske missil som potensielt vil kunne bere kjernevåpen. India, Pakistan og Kina moderniserer kjernevåpena siden, medan Nord-Korea ikkje er villig til å gi opp programmet sitt.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/masseodeleggelsesvapen
Asia<img alt="" src="/media/PubImages/sye7bf8b.jpg" style="BORDER:0px solid;" />AsiaXi Jinping vil i 2017 bruke partikongressen til å styrkje den personlege makta si i Kina og kjem neppe til å justere den politiske kursen sin. Faren for væpna samanstøytar i Aust- og Sør-Kina-havet aukar, medan framgangen for Taliban i Afghanistan vil halde fram.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/asia
Last ned Fokus 2017<img alt="" src="/media/PubImages/lastned-bilde.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Last ned Fokus 2017Trykk på lenkja under for å laste ned Fokus 2017.http://forsvaret.no/fakta/undersokelser-og-rapporter/fokus2017/rapport

 

 

Midtausten og AfrikaMidtausten og Afrikahttp://forsvaret.no/media/PubImages/tb96545c.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=8668Midtausten vil framleis vere sentrum for mange stormaktsrivaliseringar i 2017, noko som vil forlengje konfliktane i land som Syria og Jemen. Samtidig er misnøya mot undertrykkjande regime stor, spesielt hos unge folk med utdanning. Dette kan resultere i nye opprør og radikalisering.

​​​​​​​​Undertrykkjande regime og vanstyre, statskollaps, borgarkrig, stormaktsrivalisering og militær innblanding frå ek​​sterne makter vil fortsetje å prege Midtausten i 2017. Spesielt er maktkampen mellom Saudi-Arabia og Iran destruktiv. Ved å gi støtte til stridande partar er desse statane med på å forlengje og brutalisere konfliktar i land som Jemen og Syria og å destabilisere statar som Bahrain. Rivaliseringa mellom dei to stormaktene gjer det vanskelegare å få slutt på konfliktane i regionen.

​​Russisk og iransk involvering har styrkt Assad-regimet, medan ekstern tilførsel av våpen og pengar er med på å halde oppe kampviljen blant dei mange motstandsgruppen​​e

Samstundes stig presset mot autoritære regime – særleg som følgje av vedvarande låg oljepris og stor folkeauke. I kjølvatnet av den arabiske våren har regima stramma grepet heller enn å møte krava frå innbyggjarane o​m politiske reformer. Misnøya med sitjande regime er særleg sterk blant dei mange yngre og høgt utdanna innbyggjarane – og ideen om den arabiske våren lever vidare. Nye folkelege opprør er ikkje å sjå bort frå i året som kjem. Samstundes vil misnøya kunne føre til framvekst av nye radikale grupper.

I Syria vil borgarkrigen halde fram med same styrke i 2017. Etter over fem år med krig verkar det vanskeleg å få til ein fredsprosess. Borgarkrigen er sementert som ein stråmannskrig der regionale og internasjonale stormakter kjempar om innverknad og har motstridande syn på korleis konflikten bør løysast. Russisk og iransk involvering har styrkt Assad-regimet, medan ekstern tilførsel av våpen og pengar er med på å halde oppe kampviljen blant dei mange motstandsgruppene.​​

 

 

TOPSHOT - Rebel fighters fire towards positions of regime forces in Ramussa on the southwestern edges of Syria's northern city of Aleppo on August 6, 2016.Syrian rebels said they have broken a three-week government siege of second city Aleppo, turning tTOPSHOT - Rebel fighters fire towards positions of regime forces in Ramussa on the southwestern edges of Syria's northern city of Aleppo on August 6, 2016.Syrian rebels said they have broken a three-week government siege of second city Aleppo, turning thttp://forsvaret.no/media/PubImages/tb4c062a.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=8710Opprørssoldatar skyt mot regimetru styrkar i utkanten av Aleppo i august i fjor. Foto: Fadi al-Halabi
IRAQ CONFLICT MOSUL BATTLEIRAQ CONFLICT MOSUL BATTLEhttp://forsvaret.no/media/PubImages/tb7d28b3.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=8709Sjiamuslimske militsgrupper viser motstand mot ISIL i byen Zarka vest for Mosul. I oktober i fjor starta irakiske styrkar gjenerobringa av Iraks nest største by etter at ISIL tok over kontrollen i juni 2014. Foto: Ahmed Jalil
BRAA20170119_202BRAA20170119_202http://forsvaret.no/media/PubImages/tba010c1.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=8707Irakiske soldatar held vakt med væpna køyretøy i al-Hadbaa-distriktet. Foto: AA/Abaca
IRAQ BATTLEGROUNDS 1IRAQ BATTLEGROUNDS 1http://forsvaret.no/media/PubImages/tb974fd0.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=8708Tjukk, svart røyk stig opp frå eit oljefelt i byen Qayyara i Irak etter at ISIL råka området 9. desember 2016. Foto: Tyler Hicks
A handout picture released by the Iraq Prime Minister's Press Office shows Iraqi Prime Minister Haidar al-Abadi (R) meeting with US Pentagon chief Ashton Carter in Baghdad on July 11, 2016. Carter held talks in the Iraqi capital on the fight against theA handout picture released by the Iraq Prime Minister's Press Office shows Iraqi Prime Minister Haidar al-Abadi (R) meeting with US Pentagon chief Ashton Carter in Baghdad on July 11, 2016. Carter held talks in the Iraqi capital on the fight against thehttp://forsvaret.no/media/PubImages/tb3e30d1.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=8711I september i fjor kom den irakiske statsministeren Haidar al- Abadi og USAs forsvarsminister Ashton Carter saman i Bagdad for å drøfte mellom anna strategien for å ta tilbake Mosul. Foto: pressekontoret til den irakiske statsministeren

​​​​

Sjølv om ISIL er på vikande front i Irak, er det fare for at landet vert destabilisert ytterlegare. Latente konfliktar mellom aktørar som til no har samarbeidd mot ISIL, vil truleg blusse opp. Hovudarenaene for desse konfliktane er Mosul, Kirkuk og Bagdad.

I Nord-Afrika og Sa​hel vert svake statar i aukande grad utfordra av militante grupper. Fordi statane manglar kontroll over eigne ressursar og territorium, vert ikkje-statlege aktørar styrkte. Dette forverrar tryggingssituasjonen. Særleg Libya og Mali er utsette.

Les meir om Midtausten og Afrika på side 38​ til 51 i rapporten

Mali

Mali

Trass i det internasjonale nærværet vil tryggingssituasjonen i Mali også i 2017 vere prega av kampar mellom separatistiske og regjeringslojale grupper, i tillegg til trusselen frå regionale terrornettverk. Maliske tryggingsstyrkar evnar i liten grad å oppretthalde tryggleiken i område med separatistgrupper. Nærværet av militante islamistgrupper forsterkar valds- og konfliktnivået vesentleg.

Libya

Libya

I Tripoli sit samlingsregjeringa på militsane sin nåde. Den sterke stillinga til militsane gjer det vanskeleg for styresmaktene å etablere eit fungerande statsapparat og eit statleg valdsmonopol.

Sør-Sudan

Sør-Sudan

Sør-Sudan har sidan desember 2013 vore prega av ein opprivande borgarkrig mellom regjeringa og opprørsrørsla Sudan People's Liberation Movement-In Opposition (SPLM-IO). Mistilliten stikk djupt. Det høge valdsnivået i Sør-Sudan vil sannsynlegvis vare ved i 2017.

Syria

Syria

Det russiske inntoget kompliserer eit allereie uoversiktleg konfliktbilete i Syria, og det er no ei vesentleg mengd russiske kampfly og kamphelikopter i landet. Saman med støtta frå Iran og Hizbollah har det endra maktbalansen til fordel for Assad. Både regimet og opposisjonen har få insentiv til å engasjere seg i ein reell fredsprosess. Utan ei løysing vil fragmenteringa av Syria halde fram, og dette kan mellom anna føre til ei ytterlegare konsolidering av ISIL-dominerte område.

Irak

Irak

Landet er framleis tredelt mellom eit sjiadominert område i sør og sentralt, eit sunnidominert i vest og nordvest, og eit kurdisk i nordaust. Det er få utsikter til sameining. Tredelinga er både territorial, sekterisk og politisk, og fragmenteringa gjer det vanskeleg å finne ei politisk løysing.

​​


Publisert 6. februar 2017 09:15.. Sist oppdatert 6. februar 2017 09:34.