Trass i dei økonomiske utfordringane som Russland står overfor, vil militærmakta få auka evne og utvida bruksområde. Det vil bli sett inn nytt materiell, inkludert høgteknologiske kapasitetar som utfordrar vestlege forsvarssystem. Militærmakta har fått kamperfaring og auka kompetanse gjennom konfliktane i Ukraina og Syria. I sistnemnde konflikt har Russland på ny demonstrert evne til både å halde høgt tempo i operasjonane og å integrere ulike statlege verkemiddel. Trass i dei økonomiske kutta vil utviklinga av prioritert våpenteknologi halde fram i 2017. Derimot vil enkelte innkjøps- og moderniseringsprogram bli sette på vent.
Hovudoppgåva til Nordflåten vil framleis vere å levere delar av den strategiske russiske kapasiteten til kjernefysisk avskrekking og gjengjelding. Evna til å verne denne kapasiteten vert styrkt og med det også evna til å påverke norske interesser og norsk operasjonsfridom. Parallelt fokuserer russiske styresmakter i aukande grad på tryggingspolitiske aspekt i Arktis-politikken og framhevar behovet for å styrkje den nasjonale kontrollen i ein region der den sivile aktiviteten på ny vert trappa opp.
-
Tidlegvarslingsradarar, kombinert
med den arktiske kjeda av luftvarslingsradarar,
gjer at Russland no er meir årvake
for rørsler nordfrå.
-
Hausten 2014 starta Russland
etableringa av det strategiske luftvernsystemet
SA-21 på Kola. Systemet
er det same som Russland utplasserte
i Syria i november 2015.
-
Nordflåten har fått nye,
atomdrivne ubåtar med interkontinentale kjernevåpenmissil.
Den første ubåten
i Severodvinsk-klassen
er overlevert, og fleire ubåtar
av begge typar er venta.
-
Også landstyrkar, leiingssystem,
luftvern og etterretning får
nytt materiell. Den første dedikerte
arktiske brigaden vart oppretta i
Alakurtti i 2013. Neste er varsla
i år i området Jamalo–Nenetsk,
1600 kilometer aust for Noreg.
I 2017 vil Russland vidareføre det militære engasjementet i Syria og stabiliseringspolitikken overfor Ukraina. Trass i ein hardare retorikk ønskjer ikkje Russland nokon direkte militær konflikt med Nato. Moskva opplever likevel at Vesten held fram med å utfordre Russlands strategiske hovudmål. Særleg i Syria har spenningsnivået mellom Russland og vestlege land auka, og dette skaper ein uføreseieleg dynamikk. Russlands vurdering av den utanrikspolitiske lina til den nye amerikanske administrasjonen vil få mykje å seie for vegvala landet vil ta i utanriks- og tryggingspolitikken i 2017.
Russia Modern Military | Russia Modern Military | http://forsvaret.no/media/PubImages/tb8f2164.jpg | http://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=8696 | Sigersdagen 9. mai vert kvart år markert med ein parade av russiske soldatar på Den raude plassen i Moskva. Foto: Aleksander Zemlianitsjenko, AP | | | | | | | | | |
Russia Military Drills | Russia Military Drills | http://forsvaret.no/media/PubImages/tb5ff394.jpg | http://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=8701 | I september i fjor deltok russiske marinefartøy og helikopter i ei omfattande militærøving på Krim. Foto: Pavel Golovkin, AP | | | | | | | | | |
Russia Parade Rehearsal | Russia Parade Rehearsal | http://forsvaret.no/media/PubImages/tb145347.jpg | http://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=8697 | Russiske T-14 Armata-tanks på veg til Den raude plassen 9. mai i fjor for å feire sigeren i den andre verdskrigen. Foto: Aleksander Zemlianitsjenko | | | | | | | | | |
Germany Syria | Germany Syria | http://forsvaret.no/media/PubImages/tb76dfa3.jpg | http://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=8699 | Biletet viser mellom andre Tysklands forbundskanslar Angela Merkel, Russlands utanriksminister Sergej Lavrov, Vladimir Putin, Frankrikes president François Hollande og Tysklands utanriksminister Frank-Walter Steinmeier under eit møte mellom dei tre landa i Berlin i oktober i fjor. Foto: Mikhail Klimentjev | | | | | | | | | |
BRAA20160601_028 | BRAA20160601_028 | http://forsvaret.no/media/PubImages/tb255338.jpg | http://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=8700 | 31. mai i fjor vart det arrangert toppmøte i Den eurasiske økonomiske unionen i Astana i Kasakhstan. Foto: AA | | | | | | | | | |
RUSSIA BRITAIN EU REFERENDUM STOCK EXCHANGE | RUSSIA BRITAIN EU REFERENDUM STOCK EXCHANGE | http://forsvaret.no/media/PubImages/tb343749.jpg | http://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=8698 | Det historiske pundfallet etter EU-røystinga i Storbritannia i juni i fjor var godt synleg på storskjerm i Moskva. Foto: Sergej Ilnitskij | | | | | | | | | |
UKRAINE-CRISIS/ | UKRAINE-CRISIS/ | http://forsvaret.no/media/PubImages/tad77616.jpg | http://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=8695 | Den sjølvutnemnde folkerepublikken Donetsk arrangerte trening i Donetsk-regionen i Ukraina i fjor. Foto: Aleksander Ermotsjenko | | | | | | | | | |
Etter fleire utskiftingar i eliten og oppsiktsvekkjande, korrupsjonsrelaterte arrestasjonar står president Putin fram som meir eigenrådig. Russiske styresmakter lanserer stadig tiltak for å styrkje den interne kontrollen og er venta å fokusere særleg på innanrikspolitiske utfordringar fram til det planlagde presidentvalet i mars 2018. Styresmaktene sin kontroll vil neppe bli alvorleg trua i 2017, men auka utfordringar skaper likevel ein noko meir uføreseieleg dynamikk.
Les meir om Russland på side 8 til 29 i rapporten
Ukraina
Ukraina
Den ukrainske assosieringsavtalen med EU tredde i kraft ved nyttår trass i press frå Russland. I den nye nasjonale tryggingsstrategien til landet er Russland definert som primær trussel, og president Porosjenko opnar for å søkje om Nato-medlemskap etter folkerøysting. Russland vil vidareføre støtta til opprørarane for å destabilisere Ukraina.
Kviterussland
Kviterussland
Kviterussland er tett integrert med Russland, men har lenge freista unngå eit einsidig avhengnadsforhold. Landet freistar difor etablere eit tettare samarbeid med EU og europeiske land og valde å ikkje støtte den russiske intervensjonen i Ukraina. Forholdet til Kiev er godt. Kviterussland vil vidareføre dagens balansepolitikk, men risikerer dermed auka press frå Russland.
Moldova
Moldova
Utanom Ukraina er Moldova det landet som er mest utsett for destabilisering frå Russland. Republikken har i over 20 år vore utsett for russisk press på ei rekkje område og har ein russiskstøtta utbrytarstat på territoriet sitt. Det moldoviske arbeidet med å bli integrert i Europa har fått Moskva til å svare med truslar, økonomiske straffetiltak og støtte til separatistiske krefter. Presset held fram i 2017.
Syria
Syria
I Midtausten vil Russland markere seg som ein sterk aktør med stor innverknad. Sjølv om det erklærte målet i Syria er å byggje ein internasjonal koalisjon mot ISIL, har Russland i praksis styrkt Assad-regimet gjennom å angripe andre opprørsgrupper. Operasjonen har gjort det mogleg å styrkje den diplomatiske kontakten med Vesten og vende fokus vekk frå Ukraina. Russland arbeider aktivt for ei politisk løysing i Syria, men risikerer å bli trekt ytterlegare inn sjølve konflikten. Dette kan få store politiske, økonomiske og militære konsekvensar. Engasjementet har også demonstrert at Russland kan bruke langtrekkande presisjonsvåpen på kort varsel.
Kina
Kina
Eit dårlegare forhold til Vesten gjer at Russland søkjer å styrkje relasjonane til andre land. Samarbeidet med Kina er intensivert gjennom energipolitiske og militære avtalar i tillegg til hyppigare møte på toppnivå og vert omtala som ein strategisk partnarskap. Ulike tryggingspolitiske og økonomiske interesser vil truleg avgrense moglegheitene for ein forpliktande allianse.
Nordområdene
Nordområda
Russland er spesielt oppteke av Arktis og nordområda i lys av dei ikkje-utnytta ressursane og den militærstrategiske verdien til desse områda. Det har ført til auka militær satsing i nord – primært av defensiv karakter, mot truslar frå nordleg hald. Samtidig aukar den russiske evna til å avgrense norsk og alliert handlefridom i Norskehavet, Austersjøen, Nord-Atlanteren og Svartehavet.