Russland

Sentraliseringa av makt hos presidenten er forsterka, og styresmaktene har stramma inn den interne kontrollen for å unngå politisk motstand.

​NATO blir i stadig større grad framstilt som ein trussel. Trass i vedvarande budsjettunderskot vil landet framleis styrkje nærværet i Arktis og destabiliseringspolitikken overfor Ukraina.

Russland har modernisert og trent militærmakta til eit nivå som gir Kreml auka handlingsrom, også i nordområda og Arktis.

Presidentvalet i mars 2018 pregar Russland i byrjinga av året, og ingen kandidatar vil kunne utfordre Vladimir Putin ved valet. Utskiftingane i statsapparatet dei siste par åra har forsterka sentraliseringa av makt hos presidenten. I tillegg har styresmaktene styrkt den interne kontrollen for å demme opp for politisk opposisjon og sosial uro.

Samtidig står Russland framfor krevjande økonomiske og sosiale utfordringar. Den økonomiske veksten er ikkje sterk nok til å avverje vedvarande budsjettunderskot. Situasjonen gjer at styresmaktene får mindre handlefridom, og understrekar trongen for strukturelle
reformer som kan sikre framtidig økonomisk vekst. Den politiske og økonomiske eliten vil like fullt motsetje seg grunnleggjande økonomiske reformer som kan utfordre maktgrunnlaget deira.

Den strategiske og økonomiske verdien til Arktis gjer at regionen er høgt prioritert av russiske styresmakter. Russland framhevar i aukande grad at NATO representerer ein trussel mot russiske interesser i Arktis. Styresmaktene ønskjer difor å styrkje evna til nærvær og kontroll i dei nordlege havområda.


Russiske målsetjingar om å øve kontroll over nabostatar og hindre at dei blir integrerte i NATO og EU, står fast. Kreml vil difor søkje å styrkje samarbeidet med tidlegare sovjetstatar og vidareføre destabiliseringspolitikken overfor Ukraina. Konflikten her, og det kjølige forholdet til Vesten, reduserer Russlands utanrikspolitiske handlefridom. Styresmaktene søkjer følgjeleg nye internasjonale arenaer der dei kan spele ei sentral rolle. Involveringa i Syria må sjåast i eit slikt lys.

Russland har modernisert og trent militærmakta til eit nivå som gir Kreml auka handlingsrom, også i nordområda og Arktis. I 2017 har russisk aktivitet i Noregs nærområde spegla denne utviklinga, gjennom bruk av forsterkingsstyrkar og tilfelle av meir utfordrande framferd. Det kan difor gå mot ein ny normalsituasjon i nord som vil vere kjenneteikna av at russiske forsterkingsstyrkar oftare trenar i arktiske strok, og at militærmakta blir brukt meir aktivt til å signalisere russiske standpunkt.

Russland held fram med å destabilisere Ukraina og engasjere seg militært i Syria og har vist evne til å gjennomføre operasjonar over lange avstandar. Denne trenden vil sannsynlegvis vare ved i året som kjem, med vidareført deployering av ubåtar til Atlanterhavet og Middelhavet.

Les meir om Russland på side 8 til 25 i rapporten



Publisert 1. mars 2018 11:27.. Sist oppdatert 5. mars 2018 09:35.
Etterretningstenesta si vurdering av aktuelle tryggingsutfordringer.

Fokus 2018

Etterretningstenesta si vurdering av aktuelle tryggingsutfordringer.

Les meir

 

 

Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å forbedre brukeropplevelsen og optimalisere vår nettside. Ved å bruke nettstedet godtar du vår bruk av denne informasjonen. Les mer om dette i vår personvernerklæring