Peacekeeping - MINUSMAPeacekeeping - MINUSMAhttp://forsvaret.no/media/PubImages/2013-07-27 - Bilde fra FN 557569 - Peacekeeping - MINUSMA - 29_07_2013 - 16.42.04.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=511

Internasjonale operasjonar

I 2013 laga Forsvaret for første gong ein rapport som beskriv alle dei internasjonale operasjonane Forsvaret deltek i.

​​​​​​Tidlegare har Forsvarets operative hovudkvarter offentleggjort halvårsrapportar om militære operasjonar i Afghanistan. I 2013 rapporterte hovudkvarteret for første gong på alle dei internasjonale ​bidraga der Forsvaret har hatt ei rolle i første halvår 2013.

Rapporten hadde som mål å gi eit større innblikk i Noregs operasjonar, i tråd med Forsvarets mål om størst mogleg openheit.

I 2013 var det framleis Afghanistan-operasjonen som blei via størst merksemd i rapporten, sidan det framleis var Noregs største internasjonale bidrag. Fregattstyrken i Adenbukta, FN-observatørane i Midtausten og misjonen i Sør-Sudan blei også omtala i rapporten. Du kan laste ned rapporten i menyen til høgre.

Publisert 9. desember 2014 14:08.. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:32.