Sea King-helikoptera er underlagde 330 skvadron. Forsvaret har tolv helikopter, spreidde på fem basar. Dei er godt utstyrte og rusta for oppgåvene dei skal gjere. Helikoptera blir brukte i alle moglege redningsoppdrag – alt frå å hente fjellklatrarar til personar i forliste båtar.
Sea King har lang rekkjevidde og er utstyrte med to radarar, radioar og radiopeilarutstyr for alle frekvensar. I eit søk brukar ein også søkjelys, infraraudt (varmesøkjande) kamera og nattbriller.
Forsvaret drifter helikoptera, men Justis- og beredskapsdepartementet er ansvarleg for redningshelikoptertenesta. Departementet eig dessutan Sea King-helikoptera og står for disponeringa. Hovudbasen for helikoptera er Luftforsvarets base Sola, men Rygge, Banak og Bodø har òg Sea King-helikopter i beredskap.