Tilgang til offentleg journal

Forsvaret ønskjer openheit og gjer offentleg journal og saksdokument tilgjengeleg for publikum.

​​Forsvaret publiserer førebels ikkje offentleg journal på nett, men journalane er tilgjengeleg for publikum. Ved å ta kontakt med Forsvaret, kan du be om postjournalar frå ulike avdelingar.

Offentleg journal blir generert frå Forsvaret sitt sentrale saks- og arkivsystem. Informasjonen er avhengig av kva for eit vern eller graderingsnivå som gjeld for dokumentet.

Send e-post til forsvaret@mil.no
 

Tilgang til dokument

Det er mogleg å be om innsyn i saksdokument Forsvaret har. For å finne att dokumenta, må du identifisere kva for dokument du ønskjer innsyn i. Opplys gjerne kva for ei avdeling du rettar innsynet til.

Tilgjenge til dokumenta blir i hovudsak styrt av prinsippa i offentleglova. Ein del dokument er gradert etter mellom anna sikkerhetslovas avgjerder, og dette kan ved enkelte høve avgrense moglegheita for tilgjenge.

Send e-post til forsvaret@mil.no

Postadresse: Forsvarets arkivadministrasjon

Postboks 800, Postmottak
, 2617 Lillehammer

Publisert 1. desember 2014 13:48.. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:19.