Ingrid Handeland

Ingrid Handeland

Avdeling
Sjøkrigsskolen (SKSK)
Telefon: 92473130

Ingrid Handeland er jurist og forskar ved Seksjon for sjømakt og sjømilitær leiing ved FHS/Sjøkrigsskolen. 

Ho har mastergrad i rettsvitskap frå Universitetet i Bergen (UiB) frå 2019 med spesialisering i kyststaten sin jurisdiksjon over krigsskip i uskuldig gjennomfart etter reglane i FN sin Havrettskonvensjon. Handeland har elles spesialisering i kinesisk rett frå utvekslingsopphald ved Peking University i Beijing våren 2018 med praksis i kinesisk advokatfirma. Ho var elles studentpraktikant ved den kongelege norske ambassaden i Beijing på områda politikk, kultur og kommunikasjon hausten 2018. 

Ved FHS/Sjøkrigsskolen forskar ho på utviklingstrekk i havretten med særleg vekt på Kina, nordområdene og andre sentrale område der norske krigsskip opererer.

    • Havrett 
    • Kinesisk rett 
    • Russisk rett
    • Svalbard
    • Beredskap 
    • Krigens folkerett