Økonomi

Få støtte under øvingar, kurs og ekstraordinær teneste i Heimevernet samt repetisjonsteneste.

Til arbeidsgivar (PDF)

Skjema til deg som er i arbeid og er innkalla til teneste. Ekstra viktig om du ikkje får lønn under tenesta.

Pil til høyre
Illustrasjon arbeidsgiver

Dette har du krav på

  1. OR 1 ​Meinig/flysoldat tenestetillegg per dag: 185,50 kr

    OR 1+ Ledande meinig / vingsoldat får i tillegg per dag: 25,50 kr

    Tenestetillegg kjem under «Art» som 7700 HV/REP Tjenestetillegg og 7723 Led menig/vingsold på godtgjeringsslippen din.

    Tillegg om du ikkje får lønn

    Du kan få eit skattepliktig tillegg på 521,– kr per dag om du kan dokumentere at du ikkje tek imot lønn frå arbeidsgivar, eiget føretak/firma eller eit offentleg kontor under øvinga. Det utbetalast òg for reisedagar til og frå tenesta. Tillegget blir òg gjeve til dei som tek imot arbeidsløysetrygd før dei møter til teneste. Er du i arbeid, bruk dette skjemaet:

    Orientering til arbeidsgiver, bokmål (pdf)

    Tillegget kjem under «Art» som 7727 HV/REP Kompensasjonstill på godtgjeringsslippen din.

    Barnetillegg

    188,90 kr per dag for det første barnet, deretter 77,80 kr per dag for kvart barn om du har fleire. Tillegget er skattefritt.

    Tillegget kjem under «Art» som 7709 HV Barnetill 1 barn/særk for første barn og 7710 HV Barnetillegg Øvr barn for fleire barn.

    Ektefelletillegg

    166,70 kr per dag for deg som er gift eller sambuar m/felles barn. Tillegget er skattefritt.

    Tillegget kjem under «Art» som 7708 HV Ektefelletillegg på godtgjeringsslippen din.

  2. Sats per dag:

    OR 2 Visekorporal, visespesialist, visekonstabel: 1212,– kr

    OR 3 Visekorporal 1. klasse, spesialist, ledende visekonstabel: 1243,– kr

    OR 4 Korporal*, ledende spesialist, konstabel: 1290,– kr

    OR 4+ Korporal 1. klasse, seniorspesialist, ledende konstabel: 1380,– kr

    ​*MERK! OR 4 må ikkje forvekslast med korporal etter gammal ordning, der meinig personell kunne få mellombels (midlertidig) grad som korporal. Dei får no sats som OR 1+.

    Desse satsane kjem under «Art» som 1005 Repøv. og HV-tjeneste på godtgjeringsslippen din. Er du tilsett i Forsvaret står satsen som 1014 Tilleggslønn HV REP.

  3. Sats per dag:

    OR 5 Sersjant, kvartermester: 1319,– kr
    *Tillegg 200,– kr

    OR 5+ Sersjant 1. klasse, vingsersjant, senior kvartermester: 1333,– kr
    *Tillegg 200,–

    OR 6 Oversersjant, skvadronmester: 1380,– kr
    *Tillegg 300,– kr

    OR 7 Stabssersjant, flotiljemester: 1448,– kr
    *Tillegg 400,– kr

    OR 8 Kommandersersjant, orlogsmester: 1755,– kr
    *Tillegg 500,– kr

    OR 9 Sersjantmajor, flaggmester: 1877,– kr
    *Tillegg 600,– kr

    *Tillegg er kun for deg som ikkje er tilsett i staten. Utbetalast kun på øving og årleg trening, IKKJE for administrative dagar, møte, kurs eller ekstraordinær teneste (§ 17).

    Desse satsane kjem under «Art» som 1005 Repøv. og HV-tjeneste på godtgjeringsslippen din. Er du tilsett i Forsvaret står satsen som 1014 Tilleggslønn HV REP. Eventuelt tillegg kjem som 3105 Omforent till. HV/REP-øv.

  4. Sats per dag:

    OF 1 Fenrik: 1333,– kr
    *Tillegg 200,– kr

    OF 1+ Løytnant: 1380,– kr
    *Tillegg 300,– kr

    OF 2 Kaptein, kapteinløytnant: 1448,– kr
    *Tillegg 400,– kr

    OF 3 Major, orlogskaptein: 1755,– kr
    *Tillegg 500,– kr

    OF 4 Oberstløytnant, kommandørkaptein: 1877,– kr
    *Tillegg 600,– kr

    *Tillegg er kun for deg som ikkje er tilsett i staten. Utbetalast kun på øving og årleg trening, IKKJE for administrative dagar, møte, kurs eller ekstraordinær teneste (§ 17).

    Desse satsane kjem under «Art» som 1005 Repøv. og HV-tjeneste på godtgjeringsslippen din. Er du tilsett i Forsvaret, områdesjef eller troppssjef i innsatsstyrkane i Heimevernet, står satsen som  1014 Tilleggslønn HV REP. Eventuelt tillegg kjem som 3105 Omforent till. HV/REP-øv.

  5. Ekstraordinær teneste (§ 17)

    SATS: 1384,– kr per dag

    OMHANDLAR: Ekstraordinær teneste etter forsvarsloven § 17 som skarpe operasjonar, leiteaksjonar m.m. Satsen er lik for alt personell. Kjem i tillegg til tenestetillegg og godtgjersler.

    VILKÅR: Følgande tillegg forsvinn når du får tillegg for ekstraordinær teneste: innsatsstyrketillegg og tillegg for spesialistbefal/offiserar som ikkje er tilsette i staten. Tillegget er skattepliktig.

    Tillegget kjem under «Art» som 7702 HV Ekstraordinær tjeneste på godtgjeringsslippen din.

    Godtgjersle ved kurs i heimevernet

    SATS: 1360,50 kr per dag

    OMHANDLAR: Gjeld alle som deltek på kurs i Heimevernet, uavhengig av grad.

    VILKÅR: Godtgjersla er skattepliktig og utbetalast utan andre tillegg eller godtgjersler.

    Tillegget kjem under «Art» som 7734 HV Utdanning Nivådann på godtgjeringsslippen din.

  6. Signeringsbonus

    SATS: 5000,– kr totalt

    OMHANDLAR: For å signere avtale med innsatsstyrke.

    VILKÅR: Signeringsbonus utbetalast 6 månadar etter at kontrakten er inngått, eller etter første trening. Bonusen er skattepliktig.

    Bonusen kjem under «Art» som 3121 Startbonus HV innsatsst på godtgjeringsslippen din.

    Sluttbonus

    SATS: 30 000,– kr totalt

    OMHANDLAR: Avtaleperiode med innsatsstyrke på 3 år.

    VILKÅR: Du må ha teke del i over 75 % av øvingsdøgna i løpet av avtaleperioden. Bonusen er skattepliktig.

    Sluttbonusen kjem under «Art» som 3122 Sluttbonus HV innsatsst på godtgjeringsslippen din.

    Innsatsstyrketillegg

    SATS: 1002,– kr per dag

    OMHANDLAR: Gjeld berre personell med kontrakt i innsatsstyrkane. Kjem som tillegg frå og med dag 7 for meinige som  OR 1 og  OR 1+ og frå og med dag 10 for spesialistar/befal/offiserar.

    VILKÅR: Utbetalast for maksimalt 30 dagar per år. Du får ikkje innsatsstyrketillegg på nivåhevande kurs eller under ekstraordinær teneste (§ 17). Tillegget er skattepliktig.

    Tillegget kjem under «Art» som 7705 HV innsatsstyrke/menige for meinige og 3120 HV innsatsstyrke/befal for dei andre.

  7. Om du må ettersende dokumentasjon angåande godtgjersle og tillegg, treng vi saman med dokumentasjonen informasjon om:

    • Fødselsnummer (11 siffer) og fullt navn
    • Kontaktinformasjon
    • Avdeling (samt heimevernsdistrikt og -område du høyrer til)
    • Frammøtedato for øvinga

    Ettersend dokumentasjon til:

    Forsvarets personell- og vernepliktssenter
    Postboks 60
    9481 Harstad

Utbetaling
Utbetaling i Forsvaret skjer den 12. i kvar månad.
Refusjonar
Refusjonar på reise utbetalast oftare enn ein gong i månaden.

Søk støtte

  1. Du kan få økomisk støtte om inntekta i husstanden i tenesteperioden er mindre enn dei faste bu- og levekostnader i same tidsrom. Minimumsbeløpet er på netto 450,– kr per dag. Det er inga øvre grense for bidraget.

    Krav til dokumentasjon er opplyst i søknadsskjema.

    Du kan søke om støtte om du kjem i ein urimeleg økonomisk situasjon på grunn av tenesta. Søknadsfrist er seinast 3 månader etter avslutta teneste.
  2. Du kan søke om økonomisk støtte dersom tenesta påfører din husstand ekstrautgifter til barnepass. I søknaden må du forklare, og dokumentere der det er mogleg, kva slags ekstrautgifter du får.

    • Alternativ 1: Du leiger ei barnevakt. Lønn til barnevakt kan bli dekt med 150,– kr per time eller 1800,– kr per døgn. Døgnsats blir normalt berre gitt når barnevakta aleine har ansvaret for barn i 11 timar eller meir per døgn.
    • Alternativ 2: Din ektefelle/sambuar kan ta permisjon utan lønn frå jobb for å passe barna. Du kan etter søknad få dekt heile eller delar av inntektstapet.

    I tillegg kan du søke om støtte til reiseutgifter du eller barnepassar har i forbindelse med pass av barn under tenesta. Her dekkast normalt ein tur-retur.

    Du kan òg søke om støtte til ekstrautgifter til barnepass og andre forhold. Søknadsfrist er seinast 3 månader etter avslutta teneste.
  3. For deg som ikkje har vikar (nedlagt drift)

    Du som eig og driv eiga bedrift, aksjeselskap, andelslag eller tilsvarande kan søke om støtte. Støtta vurderast etter bedrifta sin økonomi. Du må ha hovudinntekt frå bedrifta. Bedrifta kan ikkje ha fleire enn 5 årsverk.

    For deg som vel å stille bedrifta i ro, kan det gis støtte til faste, laupande kostnader medan du er i Forsvarets teneste. Støtta delast på antall årsverk i bedrifta. Maksimalbeløpet er 2000,– kr per dag. Minimumsbeløpet er 500,– kr per dag. Krav til dokumentasjon er opplyst i søknadsskjema.

    For deg som leiger vikar

    Gjeld deg som eig og driv eiga bedrift, aksjeselskap, andelslag eller tilsvarande. Støtte til leige av vikar er behovsprøvd i forhold til bedrifta sitt overskot. Det betyr at bedrifta sitt overskot skal dekke delar av lønskostnadane. Maksimalbeløpet er 2000,– kr per dag. Minimumsbeløpet er 500,– kr per dag.

    Du må ha hovudinntekt frå bedrifta. Bedrifta kan ikkje ha fleire enn 5 årsverk. Krav til dokumentasjon er opplyst i søknadsskjema.

    Forenkla søknad

    Du kan få minimumsbeløpet på 500,– kr per dag. Dokumentasjon ikkje nødvendig, men du må bekrefte om du mottar lønn frå annan arbeidsgivar (og ev. kor mykje lønn).

    Søknadsfrist er seinast 3 månader etter avslutta teneste.

Reiserekning

117_Øhovedstad17_Brohaugfoto

Om du har gjennomført ein aktivitet i Heimevernet eller i styrkestrukturen må du fylle ut reiserekning.

  1. Registrer både reisa til aktiviteten og heim igjen. Om du har utgifter som krev dokumentasjon, må dei lastast opp som PDF.

  2. Attestasjon er berre for dei som skal saksbehandle reiserekningar (attestasjonsansvarleg).

Etterbetaling av feriepenger

20190918SS_12-feriepenger-hv-innsatsstyrke

Forsvaret utbetaler feriepenger og forsinkelsesrenter til soldater som har tjenestegjort i HVs innsatsstyrke.

  1. Forsvaret utbetalar feriepengar og forseinkingsrente til soldatar som har tenestegjort i HVs innsatsstyrkar i perioden 2016–2019. Feriepengane er 10,2 % av innsatstillegget og godtgjersle i høve til grad.

    Det er reikna forseinkingsrente frå 12. juni året feriepengane skulle ha vore utbetalt og fram til faktisk utbetalingsdato. Feriepengar er skattepliktig inntekt.

    Godtgjersler som ikkje inngår i berekninga i høve til ferielova:

    • Tenestetillegg til personell med meinig grad (og tidlegare grad som korporal
    • Forsørger- og bostønad
    • Utbetalt signerings- og sluttbonus
    • Godtgjersle utbetalt for dagar med tenesteplikt (6 dagar per år for meinige/leiande meinige og 9 dagar per år for spesialist/befal/offiser)

    Personell i innsatsstyrken som er omfatta av dette, har fått tilsendt eit skriv frå Forsvaret.

    Dersom du ikkje har fått skrivet, men har tenestegjort i HVs innsatsstyrkar utover tenesteplikta i perioden 2016–2019, ta kontakt på e-post fpvs.kontakt@mil.no.

  2. Forsvaret utbetaler feriepenger og forsinkelsesrenter til soldater som har tjenestegjort i HVs innsatsstyrke i perioden 2005–2015. Feriepengene er 10,2 % av utbetalt innsatsstyrketillegg og godtgjørelse i henhold til grad.

    Forsvaret har oversikt over alle som har rettmessig krav på utbetalinger, du trenger derfor ikke fremsende eget krav eller foreta deg noe i saken utover å kontrollere eget bankkontonummer. Utbetalingen er forventet å skje tidlig i 2021.

    Forsinkelsesrente beregnes fra den 12. juni i året feriepengene skulle vært utbetalt og frem til faktisk utbetalingsdato.

    Godtgjørelser som ikke inngår i beregningen i henhold til ferieloven:

    • Tjenestetillegg til personell med menig grad (og tidligere grad som korporal)
    • Forsørger- og bostønad
    • Utbetalt signering- og sluttbonus
    • Godtgjørelse utbetalt for dager med tjenesteplikt (pr dd 6 dager pr år for menige/ledende menige og 9 dager pr år for spesialister/ befal/offiserer)

    Bankkonto

    Dersom du har endret bankkontonummer etter siste utbetaling fra Forsvaret, bes du sende inn korrekt bankkontonummer og ansattnummer/fødselsdato til fpvs.kontakt@mil.no. Merk emnefeltet med «Innsatsstyrken - endring bankkonto» og send innen 1. desember 2020.

    Skatt


    Feriepengene er skattepliktig inntekt i henhold til skatteloven § 5-10 første ledd a. 
Forsinkelsesrenten anses som avkastning av fordring og vil være skattepliktig inntekt i henhold til skatteloven § 5-20.

  3. Forsvarsdepartementet har besluttet at det skal utbetales feriepenger og påløpte forsinkelsesrenter til områdesjefer i Heimevernet.

    
Personell som var områdesjefer i løpet av perioden 2005 til 2014, har allerede fått feriepenger utbetalt i henhold til den tids gjeldende praksis. Forsvaret har fått henvendelse med spørsmål om praksisen var i henhold til regelverket. Saken avklares i Forsvarsdepartementet.

    Forsvaret vil beregne og utbetale feriepenger til de som var områdesjefer i perioden 2015 til og med 2019. Forsvaret er i dialog med Forsvarsdepartementet i forhold til hvilken prosentsats feriepengene skal beregnes ut fra.

    Forsinkelsesrente beregnes fra den 12. juni i året feriepengene skulle vært utbetalt og frem til faktisk utbetalingsdato.

    Forsvaret har oversikt over alle som har rettmessig krav på utbetalinger, du trenger derfor ikke fremsende eget krav eller foreta deg noe i saken utover å kontrollere eget bankkontonummer. Utbetalingen er forventet å skje tidlig i 2021.

    Bankkonto

    Dersom du har endret bankkontonummer etter siste utbetaling fra Forsvaret, bes du sende inn korrekt bankkontonummer og ansattnummer/fødselsdato til fpvs.kontakt@mil.no. Merk emnefeltet med «Områdesjef - endring bankkonto» og send innen 1. desember 2020.

    Skatt


    Feriepengene er skattepliktig inntekt i henhold til skatteloven § 5-10 første ledd a. 
Forsinkelsesrenten anses som avkastning av fordring og vil være skattepliktig inntekt i henhold til skatteloven § 5-20.