Moralsk stress og moralsk skade på korona-fronten i Norge

Den pågåande korona-pandemien har snudd eit stabilt norsk arbeidsliv på hovudet i løpet av berre nokre dagar.

forfattaren

Olav Kjellevold Olsen arbeider som førsteamanuensis ved Handelshøyskolen BI. Han har militær utdanningsbakgrunn og 26 års teneste bak seg i Forsvaret. Av sivil utdanningsbakgrunn har han hovedfag i teologi og PhD i psykologi frå Universitetet i Bergen. Forskningsinteresser er særlig operativ leiing og samhandling under press, og han har dei siste åra publisert ein rekke studiar i internasjonale tidsskrift.

-----------

​Det som var stabilt, er brått bytta ut med usikkerheit, stort arbeidspress og ei oppleving av å ikkje strekke til. Mange opplever no å ikkje få gjort jobben sin skikkeleg og strevar med ei kjensle av stadig å svikte folk som treng dei. 

Bioingeniørar må avvise testing av fortvila folk med smittefrykt.  Sjukepleiarar rekk ikkje trøyste livredde pasientar. Psykologar må sette gruppeterapi på vent for sårbare grupper. Sjukehustilsette må avvise folk som ønsker å besøke alvorleg sjuke familiemedlemer. Prestar må forrette gravferder utan plass til sørgjande. Sosionomar får ikkje følge opp familiar der det er mistanke om overgrep. Legar må bortprioritere folk med alvorleg sjukdom. Lærarar klarer ikkje å følge opp svake elevar.  

Lista over det som burde vore annleis på jobb er altså lang for mange under  denne pandemien.

Det å stå i ein slik spagat mellom det ein faktisk gjer og det ein føler ein burde gjort representerer ei form for mental belastning kalla moralsk stress innan psykologien. Dette er ein tilstand som kan føre til total utmatting for dei som står i det – og må difor takast på alvor.

Som eit ekstra lag med belastning står no sjukepleiarane og andre yrkesgrupper ved korona-fronten i betydeleg større fare for å verte smitta enn oss andre som sit trygt og godt på heimekontor eller er skjerma på anna vis. Desse «frontkjemparane» står også i fare for det ein korona-smitta arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen peikar på som ei særleg krevjande belastning, verre enn det å sjølv vere smitta, nemleg faren for å overføre smitte på andre.

Det høyrer diverre også med at fleire av dei som no jobbar i den spisse enden på sjukeheimar og helseføretak alt har opplevd å vere den som smittar. Dette kan opplevast som traumatisk, særleg om smitteoverføringa skjer som følgje av personlege feil, og den smitta vert alvorleg sjuk eller døyr. Ei slik oppleving kan igjen føre til det psykologien kallar moralsk skade. Dette er betrakta som ei alvorleg mental liding som kan føre til langvarig sjukdom og avspora liv om ein ikkje får kontroll på det heile.

Trøblete er det også at det er lite kunnskap om omfanget og konsekvensane av slike belastningar som dette i arbeidslivet i dag. Det betyr at yrkesgrupper som til dømes sjukepleiarar og radiografar som no gjer ein stor innsats for å verne oss andre, ikkje får tilstrekkeleg forståing og respekt for den belastninga dei faktisk må tole på jobb. 

Det betyr også at fleire no truleg slit på jobb, gjerne i det stille, utan at noko vert gjort – korkje førebyggande eller for å reparere. Ein er med andre ord språklause i høve til kor vanleg dette er, kor belastande det er, og kvifor dette skjer - og har dermed og liten kontroll på korleis dette kan møtast og korleis me som samfunn kan støtte dei som støtter oss.

Med dette som utgangspunkt vonar eg denne teksten kan bidra til meir kunnskap og fokus på moralsk stress og moralsk skade slik at me kan ta betre vare på dei som står i fronten når kriser som korona-pandemien rammar landet. Men før me går meir inn på dette og kjem med konkrete råd om korleis dette kan handterast, startar me med å søke opp startpunktet. 

  • Kvifor vert me så prega av ei oppleving av å svikte moralsk? 
  • Kvifor bryr me oss? 

Eit kort svar kan vere fordi me treng å føle oss moralsk gode for å ha det godt med oss sjølv.    

Smittefrykt og «tilkortheitsfrustrasjon» fordi ingen ønsker å bli utstøtt

Fleire ser eit behov for å føle seg moralsk ut frå eit evolusjonsteoretisk perspektiv (Hauser, 2006). Her vert moral sett som ein føresetnad for at menneske skal kunne ha tillit til kvarandre og leve saman i samfunn. Ein tek altså ikkje sjansen på å ha sårbare fellesskap med personar som manglar evne til rettferd og omsorg. 

Slik sett bidreg moral til «survival of the (morally) fittest», altså ein eigenskap som aukar sjansen for overleving (og vidareføring av eigne genar). I eit stammesamfunn vil då personar utan evne til moral komme til kort og ikkje finne ein plass – og slik sett verte utstøytte og døy. 

Moral handlar dramatisk nok om overleving etter dette synet, og representerer ein skatta eigenskap som vert overført genetisk for å støtte overleving for komande generasjonar. Slik sett er det ikkje å undre seg over at ei oppleving av å svikte moralsk nærmast automatisk skaper sterke følelsar i oss, og i verste fall ein nærmast lammande separasjonsangst som minner oss om faren for å bli utstøtt ved moralsk svikt.

Dette kan igjen forklare kvifor fleire studiar finn at me menneske er utrusta med ein særleg moralsk sensitivitet. Til dømes finn Willis og Todorov (2006) at moralrelaterte evalueringar av andre, basert på ansiktsuttrykka deira, skjer på under 100 millisekund – og at desse samsvarer med evalueringar gjort utan tidspress. Menneske synest med andre ord «førehandsprogrammerte» til å fokusere på moral og hurtig kunne vurdere moralske kvalitetar i andre. 

I ein annan studie finn Smetana og Turiel (2006) at fireåringar automatisk klarer å vurdere både det å gå i pyjamas til barnehagen og det å slå ei lita jente utan grunn som noko galt. Men på spørsmål om det er greitt dersom ein lærar gir tillating til begge deler, vil dei fleste gjerne gå med pyjamas, men intuitivt fasthalde slaget som ei krenking – og vegre seg for dette. 

Denne moralske sensitiviteten viser seg også ved at vårt kjenslemessige engasjement aukar betydeleg når eit forhold endrar karakter frå eit generelt sosialt spørsmål til å verte oppfatta som eit  moralsk forhold (Rozin, Markwith & Stoen, 1997). Eksempelvis ville me truleg verte meir indignerte over naboen om han ignorerte «hytteforbodet» under korona-restriksjonane enn om han sleika ein tallerken under eit middagsselskap.

Fleire studiar finn også at me lar oss motivere av handlingar som kan bidra til at me sjølve føler oss moralsk gode. Til dømes undersøkte Titmuss (1987) ei hypotese om at innføring av løn ville stimulere fleire til å gi blod i blodbankar. 

Resultatet viste imidlertid, uventa nok, at dei som fekk betalt faktisk gav mindre blod enn dei som vart «avspiste» berre med takksemd. Ein bi-effekt av studien vart og at fleire av dei alt etablerte blodgjevarane slutta å gje då lønnsordninga vart innført. Behovet for å gjere noko moralsk godt trumfar altså økonomi.

Korona-restriksjonar er slik sett ein oase for smørjing av vår moralske sjølvoppleving (aldri så gale at ikkje godt for noko). Me held heimeskule til me nesten vert galne, me lar ungane halde seg inne sjølv når me ønsker dei dit peparen gror, og me krøker oss inn i heimekontoret i boden – og kjenner samstundes på opplevinga av å vere god. 

Problemet med korona- pandemien er imidlertid at den på mange måtar også skaper i oss ei oppleving av å ikkje strekke til moralsk. Dette vert vanskeleg og fører fort til moralsk stress.

Moralsk stress når me opplever å komme til kort

Dei siste 25 åra har me sett ei auka interesse for stressreaksjonar knytt til anten å føle seg pressa til å gå på akkord med eige moralsk samvit eller der ein kjenner samvitet i strid med organisasjonen sine reglar og normer (Hyllengren et al., 2016). 

Slik sett kan moralsk mot, der ein går mot straumen og held fast på moralske standardar, skape like mykje stress og ubehag som der ein firer på moralske krav. Ein del studiar viser at eit slikt moralsk stress påverkar arbeidsmotivasjon og jobbyting  negativt. Til dømes syner ein studie av svenske naudhjelparar i internasjonal innsats på Haiti at ei slik oppleving er tett knytt til meinings- og maktesløyse – kombinert med sterke negative emosjonar i form av frustrasjon og raseri (Nilsson et al., 2011). 

Tilsvarande fann DeTienne (et al., 2012)  at moralsk stress tærer på kreftene i form av utmatting og svekka jobbtrivnad også i meir kvardagslege jobbsettingar (amerikanske finansinstitusjonar). Moralsk stress er med andre ord ikkje ei utfordring som berre gjeld i kriser. DeTienne fann her at moralsk stress førte til at dei tilsette ønska seg bort frå jobben. 

Frå denne studien merker me oss og at sjølv då forskarane kontrollerte for stressorar som lav leiar- og kollegastøtte, rollekonflikt, mangel på autonomi, konfliktnivå i familielivet, etc., så sto moralsk stress framleis igjen som ei signifikant forklaring på utmatting, lav trivnad og ønske om å slutte jobben.

Det er og verd å merke seg at få studiar har sett på moralsk stress blant norske arbeidstakarar, sjølv om tilstanden nok er relativt vanleg. Me veit difor lite om omfanget både i normale arbeidssituasjonar og i kriser. 

Frå amerikanske studiar av militært personell får me imidlertid ein indikasjon på omfanget i kritiske situasjonar. Eksempelvis rapporterte 60 prosent av returnerte soldatar frå Afghanistan og Irak  at dei hadde sett såra og sjuke kvinner og barn dei ikkje hadde kunne hjelpe under oppdraget,  27 prosent hadde opplevd å stå i moralsk krevjande situasjonar utan å vite korleis dei skulle handtere dei og  25,5 prosent hadde opplevd sterkt ubehag ved å observere andre sine umoralske handlingar (Wisco et al., 2017).

Me veit altså lite om i kva grad og korleis moralsk stress påverkar jobbutføringa i ei norsk setting, kva høve som bidreg til å skape ei slik oppleving, og kva strategiar som vert nytta for å takle eit slikt press. 

Dette er uheldig, for slik kunnskap vil kunne gje ein peikepinn på i kva grad og korleis moralsk stress kan handterast til dagen. I tillegg kan det vise kva plass temaet bør ha i utdanningsløpa til særleg yrkesgrupper som sjukepleiarar og anna helsepersonell, som stadig står konfrontert med liv og død prioriteringar. Dette bør difor forskast meir på. 

Korleis redusere nivået av moralsk stress på jobben?

Svaret på dette spørsmålet er sjølvsagt samansett. Noko kan handle om individuelle strategiar, noko den enkelte får til på eiga hand. Noko kan handle om arbeidsmiljø og leiing. altså noko den som strevar får tilført utanfrå. Fleire ulike grep, gjerne i kombinasjon, kan difor vere effektive. Nokre av desse kan til og med vere litt for effektive.

La oss då først som sist kikke på nokre moglege vegar ut.

I. Vane og mental flukt – tveegga strategiar for å dempe moralsk stress

Ei generell utfordring for menneske som skal jobbe i kriser der ein vert utsett for tøffe inntrykk er å tole å stå i situasjonen på ein måte som gjer at ein ikkje vert vippa av pinnen av synsinntrykk, lukt eller andre opplevingar. 

Dette krev som oftast ei form for tilvenning – kalla habituering i læringspsykologien. Tanken er her at dess oftare du vert eksponert for krevjande stimuli, eksempelvis lemlesta lik, mishandla kvinner eller barneprostituerte, dess lågare stressaktivering vil du få. Det fine med dette er lågare mental belastning i situasjonen, medan faren er at ein til slutt stoppar å reagere på ting som bør plage oss.

Slik habituering kan også tenkast å virke ved moralsk stress. Sjukepleiarar venner seg etter kvart til å gå forbi omsorgstrengande pasientar, legar venner seg til å avlyse mammografi for brystkreft-opererte, og politi arresterer nedkøyrde rusmisbrukarar som burde hatt behandling - og lever greitt med dette. 

Ein kan altså verte mindre stressa av å gå på akkord med eigen moral om det vert ein vane. Ulempa er at dette både kan gjere at ein vert meir kynisk i jobben, og at det kan komme ein blåmåndag i andre enden der ein får problem med å leve med seg sjølv.

Dette gjeld også om ein nyttar disassosiasjon eller unnvikande meistringsstrategiar. Her «melder ein seg mentalt» ut av situasjonen, handlar mekanisk utan å tenke at dette vedkjem ein sjølv. Mange av oss kjenner oss nok igjen i dette, at me unngår å tenke på vanskelege ting eller kjenne på vonde følelsar, eller at me dagdrøymer oss bort frå ein tøff kvardag. 

Igjen kan dette ha noko positivt ved seg. Situasjonen ein står i vert mindre belastande. Men, ulempa er igjen at ein ikkje forheld seg til den situasjonen ein står i, og slik sett kan ende opp både som moralsk uansvarleg og med krevjande etterreaksjonar. Slik sett er både habituering og unnviking noko leiarar bør vere merksame på ved moralske stressorar. Det kan vere dårleg nytt – sjølv om stemninga er bra.

II. Balansering og mental recovery – evna til å koble av for å kunne vere på

Ifølgje dei hollandske forskarane Bakker og Demeruti (2007) vil jobbprestasjonar vere avhengig av ein balanse mellom krav som til dømes arbeidsmengde og moralsk stress på eine sida, og ressursar som til dømes sosial støtte og meistringsopplevingar på den andre. Dess meir krav og press, dess meir ressursar må på plass for å halde oppe motivasjonen og ytinga. 

Det er imidlertid eit kjent problem at når krava brått aukar, som ved korona-pandemien og andre kriser, så heng ressursane ikkje med i svingane, slik at folk endar opp demoraliserte og utmatta.

Vedlikehald og påfyll av ressursar er med andre ord ei sentral oppgåve her for å oppretthalde eller auke toleevna til den enkelte. Noko av dette kjem frå andre, men noko kan den enkelte gjere sjølv - også i tilstandar av moralsk stress. Dette handlar mellom anna om mentale og fysiske «recovery- strategiar».

Ifølgje den dei tyske forskarane Sonnentag  og Fritz (2007) inneber dette mellom anna å  kople mentalt av, tenke på noko anna, og ikkje kverne rundt på dei same tinga heile tida, for på den måten å få roe ned stressaktiveringa og hente seg inn. 

Mange studium viser også at dei dagane ein klarer dette, så forplantar dette seg til meir positivt humør, jobbengasjement og ikkje minst betre jobbutføring, med varigheit også til dagen etter, særleg i periodar med stort press. 

Fleire studiar viser også at dette er ein kompetanse som varierer stort mellom folk, men også i kva grad den enkelte evner å bruke dette frå dag til dag. Dette krev altså bevisste strategiar og sjølvdisiplin, kvar dag, og ikkje minst arenaer der ein får fokusert på noko anna, der ein distraherer seg sjølv, som trening og positive hobbyar. Ting å kople om til, med andre ord. 

Dette er difor eigenskapar som er viktige å trene på – og praktisere både på jobb, og ikkje minst etter jobb. Det å ta jobben med seg heim i tanken er med andre ord ikkje ein god ide om ein skal meistre moralsk stress over noko tid.

III. «Fix it» - fjern belastningar og krav som skaper moralsk stress

Ei anna tilnærming er å fjerne opphavet til moralsk stress, ei form for problemløysande  meistring. Dette handlar då om å identifisere moralsk stress, ta dette på alvor, og samtidig analysere og forstå kva som skaper dette. Då kan ein konkret gå inn og endre, for å styrke. Til dømes kan ein styrke bemanninga, skaffe til veie betre utstyr for smittevern, endre rutinar slik at svake pasientar kan få familiebesøk, eller betre opplæring i handtering av smitta personar.

Dette krev ofte tiltak som kostar pengar, og som rammar budsjett. Dette kan vere vanskeleg særleg for leiarar som set sin flid i å halde orden i papira.

Men i periodar med stort moralsk stress bør administratoren trø ut av komfortsona og vise sjølvoppofrande atferd. Ta eit lite skritt tilbake, orientere seg – og så ta tak i det ekstra-ordinære. Legge til side planar frå før kvardagen vart snudd på hovudet, og slik sett ta situasjonen slik den er, ikkje slik den burde vært. 

Dette kan vere skummelt for den som administrerer, for her trør ein ut i faren for å verte kritisert og sett som rotete. Her gjer ein altså feil, når ein gjer rett. Samstundes er oppsida at dette motiverer og styrkar dei tilsette. I risikoen leiaren tek for å fjerne moralske stressorar, opplever dei som jobbar seg også verdsette. Slik skaper fort lojalitet og stamina ein krisesituasjon treng. 

IV. Inspirerande og synleg leiarskap som ressurs

Inspirerande leiarskap er i ein slik situasjon ein viktig ressurs for å halde trøkket oppe hos den enkelte. Det er nærmast oppsiktsvekkande kor mykje innsats og stamina ein god leiar kan skape i folka sine. Dette er leiarar som i krise tek eit tydeleg steg fram og viser at ho/han tek ansvar i det som kjem. 

I det uvisse viser leiaren håp og optimisme, vilje til å ta risiko for å komme vidare, peikar ut retning, inspirerer til innsats, utfordrar til kreativ og djerv tenking - og ser og vegleier samtidig den enkelte. Altså ein som bruker tid på synleg leiarskap.

Diverre er det vanlege gjerne det motsette. I krisetider svarer formelle leiarar ofte med mindre heller enn meir  motiverande leiarskap. Ofte let dei seg dynge ned i møte og administrative gjeremål der nye planar og lister skal produserast slik at dei som strevar på «bakkenivået» sjeldan får sjansen til å verte synleg leia, og leiaren samstundes mistar oversikt over kva som faktisk går føre seg ute. 

Altså meir av det ein treng mindre av i ein kritisk situasjon. Dette kan forverre ei oppleving av moralsk stress, og er eit tema større enn denne artikkelen.

Eg skal imidlertid her peike på ei utfordring som eg trur ofte vert oversett i møte med moralsk stress. Det er evne til å stimulere ei moralsk refortolking hos dei tilsette, der leiaren får folk til å sjå tinga på ein ny måte.

V. Stimulere eit nytt moralsk perspektiv – leiaren som moralfilosof

«Det er ikkje korleis du har det men korleis du tar det», brukte bestemor mi på Stord å seie når livet var vanskeleg. Dette er eit godt poeng. Det er mogleg men også vanskeleg å sjå ting på ein måte som gir ny meining og som lettar belastninga i situasjonen. Dette er ei utfordring eksempelvis militære har streva med i tusenar av år i forsøk på å legitimere kravet om at soldatar må drepe i kamp. 

Korleis soldatar tenker om dette har igjen vist seg å ha stor betydning for korleis dei slåst, og ei svak legitimering skaper fort moralsk stress og demoralisering (Olsen, 2012). Det at ein opplever situasjonen og eigne prioriteringar som moralske er med andre ord relevant for yting. Dette utfordrar igjen det ein i psykologien kallar moralisering (Pinker, 2008).

Moralisering handlar om å stimulere ny moralsk tenking og fortolking i ein situasjon. Målet er då det Pinker kallar ein «moralization switch», ei konvertering av perspektivet frå å sjå noko som umoralsk (eller nøytralt) til noko med moralsk status. Dette er eit perspektivskifte som igjen vil kunne redusere moralsk stress og auke motivasjon og toleevne.

Dette er også vist i studiar. Til dømes studerte Rozin (et al., 1997) denne mekanismen i eit utval vegetarianarar. Dei som såg det å avstå frå å ete kjøt som eit moralsk spørsmål var betydeleg meir engasjerte og uthaldande i si gjerning enn dei som såg dette som eit helsespørsmål. Praksisen med å ikkje ete kjøt var altså lik, men grunngjevinga ulik, og dermed og innsatsen og evne til å stå i det.

Når ein pressa sjukepleiar då ikkje har tid til å trøyste pasientar, kan denne prioriteringa sjåast på ulike vis. Eit perspektiv er å sjå det som ein moralsk svikt, eit brot på ei moralsk plikt om å lindre og hjelpe svake. Eit anna perspektiv kan imidlertid vere å fortolke dette som eit «nødvendig onde» for at andre liv ikkje skal gå tapt. «Eg tek belastninga med å gå forbi for å kunne redde liv. Større ting står no på spel» - kan slik sett vere ein nyttig tenkemåte. 

Eit slikt perspektivskifte er ifølgje Pinker (2008) ei sentral leiaroppgåve. Her er då utfordringa å definere og formidle ei sak som eit spørsmål om moral, eller eventuelt bidra til å konvertere eit moralsk spørsmål om til eit verdinøytralt spørsmål (som til dømes abort eller nedprioritering av omsorgsnivå på eit sjukehus) – avhengig av eigeninteresse. Eit døme på dette kan vere abortspørsmålet. Det vil truleg vere nyttig for dei som utfører abortinngrep å sjå dette som ei krevjande omsorgshandling,  heller enn noko som er moralsk problematisk og stressande, og dermed også utmattande.

Skal ein lukkast med moralske perspektivskifte må ein ha tid og arenaer for å snakke om det på jobben. Særleg i ein pressa kvardag, sjølv om arbeidspresset er stort. Ein tommelfingerregel kan då vere minst 1 time i veka, samla, og gjerne meir om situasjonen tilspissar seg. 

Open kommunikasjon med tryggleik til å dele eigne opplevingar og rom for kritikk og motstemmer er her sentralt, både for at alle skal få oppleve å få sagt sitt, men også for å redusere ei oppleving av propaganda og einsidigheit som fort vekker skepsis og frustrasjon meir enn aksept. 

Kompleksiteten i dei moralske spørsmåla fordrar og at samtalen  rommar ulike perspektiv og held eit høgt refleksjonsnivå, for å kunne tilføre forståing og nye måtar å sjå ting på, og slikt sett være nyttig (Olsen, 2012). Dette stiller store krav til etisk refleksjon frå leiaren si side. Her vert med andre ord etikkfaget ikkje berre noko ein må pine seg igjennom på skulebenken, men ein viktig praktisk reiskap for å skape meining og redusere moralsk stress.

Den moralske sjølvopplevinga held seg heller ikkje stabil frå dag til dag  for den enkelte, og er slik sett «ferskvare». Difor bør den etiske bevisstheita haldast levande gjennom ein stadig pågåande samtale og refleksjon på jobben. Dette betyr at leiarar bør dyrke den etiske refleksjonen og samtalen som ein integrert del av leiarskapen sin. Vere moralfilosof og ein god lyttar – og slik sett vise relevant praktisk omsorg.

Moralsk skade – når me gjer feil som rammar andre

I krevjande situasjonar med stort tidspress og press skal det godt gjerast å ikkje gjere feil som rammar andre. Tidvis alvorlege. Kapteinar navigerer feil og skaper miljøkatastrofar eller ser passasjerar døy i forlis, foreldre mistar tak i barn som spring ut i vegen og vert drepne, soldatar skyt sivile, sjukepleiarar doserer medisin feil. 

Under den pågåande korona-pandemien skjer det også feil. Kva type og kor ofte veit me lite om. Det er imidlertid sikkert at mange, ikkje minst om me ser internasjonalt men også i Noreg, overfører smitte til sårbare grupper, som igjen døyr som følgje av dette. Dette aukar faren for moralsk skade.

Ifølge Litz  (et al., 2009) trugar slike alvorlege feil den moralske sjølvopplevinga til den som feilar. Den representerer også ein helserisiko på linje med post-traumatisk stressliding (PTSD). Symptom som markant unnvikelsesatferd, angst, tankekjør, nervøsitet, mareritt, og sterkt redusert livskvalitet er vanleg for tilstanden, og dramatiske utfall som rusmisbruk og sjølvmord ikkje uvanlege følger av dette igjen.  

Til tross for symptomlikskapen er det ifølgje Frankfurt og Frazier (2016) likevel eit fundamentalt skilje mellom moralsk skade og PTSD. Moralsk skade følgjer av ei oppleving av sjølv å ha påført andre liding og skade, til skilnad frå PTSD, der den traumatiske erfaringa gjerne er knytt til ei form for offerrolle, altså noko du vert ramma av. Utfordringa med moralsk skade kan difor vere å komme til rette med ei oppleving av egen vondskap, utan å gå til grunne. Men korleis hjelpe med dette?

Hjelp til den som er moralsk skada

Eit viktig prinsipp ved mental sjukdom er at behandling og oppfølging vert gjort under leiing av kvalifisert helsepersonell, i dette tilfellet psykologar eller psykiatrar. 

Velmeinte råd og god vilje er her ikkje tilstrekkeleg, og kan i enkelte situasjonar vere beint fram farleg. Dette betyr at ei viktig oppgåve vil vere å få den som slit til behandling. Dette kan tidvis vere vanskeleg ut frå kapasitetsproblem i behandlingsapparatet, men også om den som slit har lav sjukdomsinnsikt og lite motivasjon for å søke profesjonell hjelp.

Men ut over dette: kva kan arbeidsgjevar og kollegaer gjere for å hjelpe?

I. Ikkje sjukemeld automatisk – det kan vere betre å stå i det sjølv om det er vondt

Eg har ved fleire høve sett at folk som har opplevd traumatiske hendingar vert sjukemelde like etter hendinga. Det fine med dette er at den som slit kan få eit avbrekk for å hente seg inn. Ei ulempe er at det kan gi rom for grubling og flukt frå problema som igjen kan forverre situasjonen og gjere vegen tilbake til jobb både lang og bratt. 

Eit godt prinsipp er difor å halde folk nær jobbsituasjonen, avlaste og støtte, og samstundes ha ein plan for gradvis tilbakevending til jobb. Ein kan ha ei form for re-eksponering der ein viskar ut dei tøffe opplevingane gjennom repeterte opplevingar av at jobbsituasjonen ikkje er farleg, og noko ein meistrar. Dette kan starte i det små. 

Til dømes, om ein pleiar har smitta sårbare bebuarar på ein sjukeheim og fleire døyr, så kan ein start tilbake vere at pleiaren oppheld seg ei stund på avdelinga, litt lengre for kvar dag. Så kan ein legge på med enkle arbeidsoppgåver, for etter kvart å bygge på med pasientkontakt og så full jobb. Dette kan vere tøffe tak, og bør styrast i samråd med psykolog, men vil truleg vere kloke grep i mange tilfelle. 

II. Omsorgsalarmen må gå når folk feilar alvorleg – ikkje berre sanksjonsapparatet

Når folk feilar på jobb skaper dette fort både frustrasjon og raseri blant kollegaer og dei som er ramma. Behovet for å finne forklaringar og ikkje minst skuldige melder seg gjerne med tyngde saman med behov for å straffe. Dette er forståelege reaksjonar som og kan vere viktige i høve til å vise at ein tar situasjonen og slike feil på alvor. 

Ein fare er imidlertid at arbeidsgjevar mistar fokus på helsesituasjonen til den som har feila, og kva ei slik oppleving kan føre med seg av plager. Det bør difor vere rutinar og prosedyrar for oppfølging og ivaretaking også av den som har feila - slik at teikn på alvorleg stressreaksjon vert fanga opp i tide. 

Ein tommelfingerregel kan då vere, basert på erfaringar med PTSD, å følgje særleg godt med på den som har feila fyrste månaden etter hendinga. Viser det seg at situasjonen er tøff etter denne månaden, at ein ikkje har fått rista ting litt av seg, men at problem som søvnmangel, behov for å unngå arbeidsplassen, fortviling og angst er sterke, så er dette ein indikasjon på  moralsk skade, med behandlingsbehov. Då må arbeidsgjevar legge til rette for dette, for å skjøtte omsorgsplikta si.

III. Ha den som har feila på radaren over tid - for reaksjonar kan kome seinare

Når ein opplever ei traumatisk hending vil dette ofte straks skape sterke reaksjonar, både mentalt og fysisk. Sjølv om dette kan vere vondt og vanskeleg, vil dette oftast vere naturlege reaksjonar som ikkje er fare for helsa på sikt. 

For nokre kan imidlertid reaksjonane vere sterkare og melde seg først etter fleire veker eller månader, sokalla forseinka igangsetting (sjå Hoge, 2010 for meir og godt om dette). Dette betyr praktisk sett at god omsorg vil handle om å halde den som har opplevd noko traumatisk på radaren sin over tid, for eksempel i form av faste samtalepunkt, eller som systematisk kollegastøtte strukturert og planlagt framover. På denne måten har ein eit sikkerheitsnett etablert også om reaksjonane brått skulle vise seg.

IV. Legg til rette for tilgjeving – den som vert tilgjeven kan lettare tilgje seg sjølv

Moralsk skade er altså knytt til ei sterk oppleving av å ha feila slik at det går på det moralske sjølvbiletet laus. Ein klandrar seg sjølv, ofte intenst. Ein veg vidare kan difor handle om å klare å tilgje seg sjølv. Litz (et al., 2009, s. 700) beskriv dette som ein prosess som handlar om å:

... acknowledging the event, accepting responsibility for it, experiencing the negative emotions associated with it, devoting sufficient energy to heal, and committing to living differently in the future.

Dette er imidlertid lettare sagt enn gjort, for moralsk skade er tett knytt til skuld- og skamkjensle og trong til å skjule ting for andre. Dette er ting ein ikkje ønsker at folk skal vite om. Difor trekk ein seg gjerne også tilbake sosialt, deler lite, og står fort aleine utan sosial støtte. I ein slik situasjon kan leiaren spele ei viktig rolle. 

Ifølgje Hall & Fincham (2008) vert slik krevjande tilgjeving enklare om den som er skada først opplever å verte tilgjeven av andre. Dette bør leiarar vere merksame på som ledd i ivaretaking av eige personell, anten som den som aktivt tilgjev – eller ein som organiserer ein prosess som bidreg til ei slik avslutting. Dette fordrar igjen god kjennskap til eigne medarbeidarar, og nær oppfølging i etterkant av ei traumatisk hending. 

Leiarjobben startar på mange måtar når feilen er gjort. Slik oppfølging er imidlertid ikkje ei sjølvfølge. Ein amerikansk veteranstudie viser til dømes at 25 % av soldatane opplevde seg gløymde og svikta etter dei kom heim frå krig og elende (Wisco et al., 2017, s. 342). Altså, ute av syne, ute av sinn.

Avslutning: Moral som særleg utfordring ved korona-fronten?

Mange av dei yrkene som no står i pandemi-fronten er typiske omsorgsyrke, tradisjonelt knytt til eit kallsperspektiv. Dei som søker seg til slike yrker, som sjukepleie eller lege, har difor (truleg) ei viss dragning mot å bruke livet sitt til å hjelpe andre, noko som er bra, for det gjev motiverte folk. 

Utfordringa er imidlertid at dette og kan vere arbeidstakarar som er «kravstore» i høve til moralsk innhald i jobben. Slik sett skal det kanskje lite til før deira moralske ideal og sjølvoppleving vert utfordra, og opplevinga av moralsk stress og eventuelt skade melder seg.  Dette betyr igjen at leiing av slike grupper krev særleg fokus på moral og moralske belastingar. 

Moral bør slik sett inn som kjerneelement i leiarseleksjon og utvikling for kriseleiarar. Noko å øve på.

Referansar

Bakker, A.B., & Demerouti, E. (2007). The job demands–resources model: State of the art. Journal of Managerial Psychology, 22, 309–328.

DeTienne, K.B., Agle, B.R., Phillips, J.C., Ingerson, M. (2012). The impact of moral stress compared to other stressors on employee fatigue, job satisfaction, and turnover: An empirical investigation. J Business Ethics, 110, s. 377–391.

Hall, J.H., & Fincham, F.D. (2008). The temporal course of self-forgiveness. Journal of Social and Clinical Psychology, 27, 174−202.

Hauser, M. (2006). Moral minds. The nature of right and wrong. New York: HarperCollins.

Hoge, C.W. (2010). Once a Warrior Always a Warrior: Navigating the Transition From Combat to Home, Including Combat Stress, PTSD, and mTBI. Guilford, Conn: Globe Pequot Press.

Hyllengren, P., Nilsson, S., Ohlsson, A., Kallenberg, K., Waaler, G. & Larsson, G. (2016). Contextual factors affecting moral stress: a study of military and police officers. International Journal of Public Leadership, 12, s. 275 – 288.

Litz, B. T., Stein, N., Delaney, E., Lebowitz, L., Nash, W. P., Silva, C. & Maguen, S. (2009). Moral injury and moral repair in war veterans: A preliminary model and intervention strategy. Clinical Psychology Review, 29, s. 695–706.

Nilsson, S., Sjöberg, M., Kallenberg, K. & Larsson, G. (2011). Moral Stress in International Humanitarian Aid and Rescue Operations: A Grounded Theory Study, Ethics & Behavior, 21:1, 49-68.

Olsen, O.K. (2012). Etisk legitimering – fundamentalt i truverdig operativt ledarskap. Pacem, 15,1, s. 5 – 10.

Pinker, S. (2008). The moral instinct, The New York Times magazine, 13. Jan., Nedlasta 15 desember 2018 frå: http://www.nytimes.com/2008/01/13/magazine/13Psychology-t.html.

Rozin, P, Markwith, M. & Stoess, C. (1997). Moralization and becoming a vegetarian: The transformation of preferences into values and the recruitment of disgust, Psychological science, 8, s. 67 – 73.

Smetana, J. & Turiel, E. (2006). Moral development in adolescence. I Adams, E. & Berzonsky, M. (ed), Blackwell handbook of adolescence. NJ:Wiley.

Sonnentag, S., & Fritz, C. (2007). The Recovery Experience Questionnaire: Development and validation of a measure assessing recuperation and unwinding from work. Journal of Occupational Health Psychology, 12, 204–221.

Titmuss, R. M. (1987): The Philosophy of welfare: Selected writings, London: Allan & Unwin.

Willis, J., & Todorov, A. (2006). First Impressions Making Up Your Mind After a 100-Ms Exposure to a Face. Psychological Science, 17(7), 592-598.

Wisco, B., Marx, B.P., May, C.L., Martini, B., Krystal, M.D., Southwick, S. M. & Pietrzak, R. H. (2017). Moral injury in U.S. combat veterans: Results from the national health and resilience in veterans study. Depress Anxiety, 34, s. 340–347.

Publisert 12. mai 2020 16:16.. Sist oppdatert 16. juni 2020 13:38.