Senter for integritet i forsvarssektoren

Forsvarsdepartementet har vedteke å etablera Senter for integritet i forsvarssektoren. Dette skal vere eit kunnskaps- og kompetansesenter og ha fokus på utvikling av godt styresett gjennom integritetsbygging og anti-korrupsjonsarbeid.
Senteret skal være ein fagressurs for vårt nasjonale forsvar, og skal òg samarbeide nært med våre allierte innanfor NATO, partnarnasjonar, og relevante nasjonale og internasjonale organisasjonar. Dette er òg eit viktig bidrag til NATO Building Integrity Initiativet, kor Noreg er ein av ledernasjonane.

Senteret er etablert i tilknyting til Institutt for forsvarsstudiar ved høgskulen og vil verta operativt frå 1. januar 2013.
Publisert 9. oktober 2012 14:34..