Handeland, Ingrid
AvdelingForsvarets høgskole, Sjøkrigsskolen
StillingForskar
Telefon+47 92473130
Epostihandeland@fhs.mil.no

Ingrid Handeland er jurist og forskar ved Seksjon for sjømakt og sjømilitær leiing ved FHS/Sjøkrigsskolen. 

Ho har mastergrad i rettsvitskap frå Universitetet i Bergen (UiB) frå 2019 med spesialisering i kyststaten sin jurisdiksjon over krigsskip i uskuldig gjennomfart etter reglane i FN sin Havrettskonvensjon. Handeland har elles spesialisering i kinesisk rett frå utvekslingsopphald ved Peking University i Beijing våren 2018 med praksis i kinesisk advokatfirma. Ho var elles studentpraktikant ved den kongelege norske ambassaden i Beijing på områda politikk, kultur og kommunikasjon hausten 2018. 

Ved FHS/Sjøkrigsskolen forskar ho på utviklingstrekk i havretten med særleg vekt på Kina, nordområdene og andre sentrale område der norske krigsskip opererer. 

Kompetanseområde og interessefelt:  

  • Havrett 
  • Kinesisk rett 
  • Russisk rett
  • Svalbard
  • Beredskap 
  • Krigens folkerett


Populærvitenskapelige artikler

  • Handeland, Ingrid. 2020. Hormuzsunder - korleis kan krigsskip navigere i internasjonale sund i tråd med folkeretten og havretten? Necesse 5 (1): 122–131.
Publisert 6. mai 2020 15:44.. Sist oppdatert 6. mai 2020 16:15.