hv_996_årligtreningforallehv_996_årligtreningforallehttp://forsvaret.no/hv/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=764/media/PubImages/undervisning 2.jpg

Årlig trening for alle

Årleg trening for alle er naudsynt og viktig. Vi er imidlertid ikkje i tvil om at vi må utnytte rammene maksimalt dersom målet er å lage avdelingar som skal fungere i ei væpna konflikt.
I fleire tiår har det vore diskutert kor mange dagar årleg trening i HV som er godt nok for å ha ein bærekraftig struktur. Tidleg på 2000 talet fekk vi 6/4-modellen.  Vurderinga var at dersom soldatane trenar fire dagar i året og befalet seks, greier vi over tid å halda eit forsvarleg nivå på avdelingane.  Gjeldande klartider vart lagt til grunn som ei viktig føresetnad. Det er viktig å vera klar over at fokuset i Forsvaret den gongen var på innsatsforsvaret og ikkje på territorielle operasjonar. Vi trena og budde oss for operasjoner i fred og krise og i liten grad for væpna konflikt. 

Eit tiår seinare kom 2+1 modellen. Det vart sett på som fagleg forsvarleg å ha ein treårssyklus der befalet trena kvart år, mens soldatane hadde eit kvileår.

FRAMTIDIG TRENINGSMODELL

Sjefssersjantkollegiet i HV har diskutert kva som er ein forsvarleg framtidig treningsmodell i HV. Vurderingane er gjort med utgangspunkt i lang og tung erfaring fra trening og utdanning i HV. Vi meiner at årleg trening for alle er naudsynt og viktig. Gjennom årleg trening byggjer vi både forsvarsvilje og forsvarsevne. Sjølv ei kort trening gjer oss i stand til å seie at vi er klare til å løyse enkle oppdrag. Soldatane er på plass, materiellet er kontrollert og våpna er innskotne. Dersom mannskapa får 4-5 dagar trening kvart år vil lag og tropper fungere i eit fred-krise- perspektiv. 
Vi meiner at årleg trening for alle er naudsynt og viktig.
Vi er imidlertid ikkje i tvil om at vi må utnytte rammene maksimalt dersom målet er å lage avdelingar som skal fungere i ein væpna konflikt. Det betyr årleg trening med 6 dagar for mannskap og 9 dagar for befal/offiserar. Det er tufta på ei fagleg vurdering av kva som blir krevd i ein slik situasjon, men det er óg ei moralsk side ved denne saka. Dersom samfunnet forventer at våre kvinner og menn skal risikere liv og helse i ei eventuell konflikt, må vi gje dei best mogleg forutsetningar for å lukkast. Årleg trening etter 6/9 modellen verkar ikkje råflott i så måte.

PERSONELL OG KOMPETANSE

I 2019 er det lagt til rette for å ta eit krafttak innan personelloppfylling og kompetanse. No må vi sørge for at ressursane som er stilt til disposisjon blir brukt på ein fornuftig måte. Eit viktig poeng er å fylle elevplassane på kursa våre med personell som er i riktig målgruppe. Eg oppfordrer samtlege til å ta eit tak no slik at vi får utdanna flest mogleg gjennom året til HV’s beste.

 

 

hv_996_årligtreningforallehv_996_årligtreningforallehttp://forsvaret.no/hv/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=765/media/PubImages/undervisning.jpg
hv_996_årligtreningforallehv_996_årligtreningforallehttp://forsvaret.no/hv/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=766/media/PubImages/20190301OEV_0O3A7803.jpg
hv_996_årligtreningforallehv_996_årligtreningforallehttp://forsvaret.no/hv/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=767/media/PubImages/20190306KK_004__MGL0075.jpg

Det er viktig at vi har god struktur på talentarbeidet i HV-områda. Vi må arbeide slik at vi gjev potensielle kurselevar forutsigbarheit. Det startar med grundige befals- og aspirantplanar der vi kartlegg dei gode leiaremna. Planen bør vera drøfta med områdeutvalget for å sikre forankring i avdelinga. Det neste er å leggje ein plan for utdanning saman med kvar enkelt. Ein god dialog mellom HV-områda, distrikta og Heimevernets skole- og kompetansesenter (HVSKS)  er viktig for å lukkast med god kursoppfylling. Dersom vi legg flid i dette arbeidet har vi både eit godt grunnlag for å planlegge kva sentrale kurs som skal gjennomførast frå år til år og vi har gode forutsetningar for å fylle kursa med dei riktig elevane.

STØRRE MANGFALD

Med direkteoverføring av soldatar frå fyrstegongstjenesten vil mangfaldet i HV bli større. Vi får med anna inn fleire yngre og fleire jenter i strukturen vår. Det er viktig at dette mangfaldet òg blir utnytta for å auke kompetansen i HV. Det er til dømes eit tankekors at vi berre har ein liten handfull kvinnelige områdesjefar og ingen kvinnelige områdesersjantar. Det kan vi gjera noko med. HV må arbeide for å få fleire jenter inn i leiande stillingar.



Publisert 2. mai 2019 11:47. av Guttorm Bentdal - Sjefssersjant i Heimevernet. Sist oppdatert 2. mai 2019 13:11.