hv_966_korleishandteredetufhv_966_korleishandteredetufhttp://forsvaret.no/hv/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=644Kreativiteten eller evna til å improvisere i møte med det uføresette vil i seg sjølv vere avgjerande, skriver Degnepoll./media/PubImages/4Z6A9201.jpg

Korleis handtere det uførutsette?

Heimevernets militære og sivile kompetanse, mangfaldet og evna til å improvisere er vår unike eigenart i eit elles meir likt forsvar. HV gir derfor mykje berekraftig
kampkraft i møte med det ukjente.
​Beredskap handlar om å førebu seg på framtida. Det er ikkje slik at vi kan spå kva som kjem til å skje, i alle fall ikkje i så stor grad som vi kanskje trur. Det er forskjell på å lære seg å handtere det vi trur kjem til å skje og det å skaffe seg evner som kan handtere noko som vi ikkje veit kva er. Dette siste vert innafor forskinga kalla Det uføresette (DU). 

Det uføresette 

DU kan ein definere som noko som oppstår relativt uventa og med relativt låg sansynlegheit for dei som opplever og må handtere det. Ein erfaren innsatsleiar frå Oslo politidistrikt presenterte i sitt foredrag om beredskap for Forsvarets høgskule (FHS) huskesetninga «Spel jazz!». Dette enkle utsegnet finner støtte både i tung operativ erfaring og i forskingsbasert teori. For å handtere Det uføresette og for å spele jazz må ein ha fagkompetanse, mangfald og kreativitet.

Fagkompetanse

Fagkompetansen er det grunnleggjande som vi ikkje kjem utanom. Vi må vite kva verktøy vi har og vi må kunne bruke dei effektivt. Vi må kjenne avdelinga vår, våpna våre og kva metodar vi nyttar. Vi snakkar enkeltmannsferdigheiter og lagsdrill. Kva som er våre berande militære ferdigheiter er det verd å reflektere nøkternt over. Vi må både sørgje for at verktøya er tilpassa vår organisasjon og situasjon og at vi kjenner dei godt nok.

 

 

hv_966_korleishandteredetufhv_966_korleishandteredetufhttp://forsvaret.no/hv/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=645Inge Degnepoll er førstekonsulent og Ass G1 ved Bergenhus heimevernsdistrikt 09. /media/PubImages/Jesper_Edwin_Portrett-1210.jpg

Mangfald 

Mangfald av kompetanse i ein organisasjon fører til at organisasjonen i større grad har kompetanse til å handtere ulike situasjonar. Personellet kan ha ulike metodar for problemløysing og kan sjå situasjonen på ulike måtar slik at avgjerda sjefen må ta blir best mogeleg. Risikoen for gruppetenking, altså at gode alternative løysingar blir ignorert for å bevare einigheit i gruppa, er mindre. Personellet kan òg ha konkrete ferdigheter og kompetanse som viser seg nyttige. 

Til dømes dersom vi trenger å sette ein sterk blokk på ein vegakse kan det vere ein fordel å ha tilgang på ei gravemaskin med førar.

Kreativitet 

Kreativiteten eller evna til å improvisere i møte med Det uføresette vil i seg sjølv vere avgjerande. Møter ein eit nytt problem bør ein opent vurdere nye løysingar. Personellet må ha evne til å tenke nytt, men der må òg vere ein kultur i avdelinga for å ta fram og vurdere ei løysing ein ikkje har planlagd eller øvd konkret på. I alle tilfelle er leiinga og sjefen avgjerande. Han eller ho må kjenne personellet sitt og kva som bur i dei og gje dei ryggdekning til å vere modige.

Heimevernet har meir mangfald av kompetanse og meir evne til å improvisere enn den stadig tenestegjerande delen av Forsvaret.

HVs evner 

Alle organisasjonar vil på eitt eller anna tidspunkt møte Det uføresette. HV kan ikkje trene mykje, men vi kan trene riktig for å få inn den fagkompetansen vi trenger. Oppgåva mi viser at Heimevernet har meir mangfald av kompetanse og meir evne til å improvisere enn den stadig tenestegjerande delen av Forsvaret. HV-personellets militære og sivile kompetanse, mangfaldet og evna til å improvisere er svært viktige faktorar i det vi gjerne kallar HVs eigenart. Desse faktorane viser seg svært viktige for å auke HVs evne til å handtere Det uføresette.

Konklusjon 

Spel jazz! Det er verd å peike på at i strid vil vi møte mange dilemma. Eitt av dei er balansen mellom å ta raske avgjerder slik at vi får handla raskt og å utnytte avdelinga si kompetanse for å ta best mogeleg avgjerder. For å handtere Det uføresette og for å spele jazz må ein organisasjon altså ha fagkompetanse, mangfald og kreativitet. For Heimevernet vil fagkompetanse vere grunnmuren, men den konkrete løysinga av ei uføresett hending må i tillegg bruke mangfaldet og kreativiteten. Jazz, har eg fått fortalt, er noko ein set meir pris på dess meir kunnskap ein har om det. Heimevernet er ikkje ulikt der heller. HVs eigenart er noko eg trur vi i større grad må sette pris på og utnytte for å kunne møte Det uføresette. 

Publisert 10. september 2018 13:47. av Stein Cato Nybakken.