Tilbake i teneste for landet

Bergenhus heimevernsdistrikt fekk nyleg tilført om lag 450 nye soldatar og befal. Personellet har vore fordelt på fire innrykk der eitt innrykk var SHV-personell og eitt innrykk befal.
Forsvaret utdannar kvart år om lag 7-8 000 personar i militære ferdigheiter. Av desse blir om lag 4500 selektert av vernepliktsverket og går igjennom HV-nemnd før dei blir innrullert i Forsvarets beredskaps- og innsatsorganisasjon, Heimevernet.

Det er varierande kor mange år det tek før ein blir overført, intensjonen er at ein skal få nokre år å etablere seg på, men at det ikkje skal gå for lenge slik at ein ikkje gløymer militær kunnskap.
 
Personell som blir kalla inn til teneste i HV har gjennomført førstegongsteneste eller befalsutdanning i Hæren, Sjøforsvaret eller Luftforsvaret. Befalet spenner frå sersjant/kvartermeister til major/orlogskaptein og mange har jobba fleire år i Forsvaret. Avdelingsbefal i Forsvaret står i snitt omlag 2,6 år i teneste før dei startar ei sivil karriere.
 

Tenesteplikta er 575 dagar (19 månader) og berre 365 dagar blir brukt under førstegongstenesta.

 
Trass at mange ikkje hadde planlagt eller rekna med å bli kalla inn til teneste i Heimevernet var stemninga god allereie ved oppmøte. Praten sat likevel lausare etter at turen innom depot var unnagjort og dei sivile kroppane var kledt i kongens blå eller grøne klede.


Kontroll og mønstring av utlevert PBU i god gammel formasjon. Foto: Heimevernet, HV-09Kontroll og mønstring av utlevert PBU i god gammel formasjon. Foto: Heimevernet, HV-09

«Eg har sakna Forsvaret i sju år og no veit eg kva eg skal bruke kvelden på»

Ved retur frå depot var det repetisjon av fråtaking og samansetjing av våpen og eldhandgrep. Dag to vart nytta til skyting og leksjonar i Heimevernet si kjerneoppgåve: objektsikring. Sjølv om mange av dei innkalla ikkje skal drive direkte med objektsikring er det viktig at alt HV-personell har kjennskap til dette fagfeltet. Personellet fekk tilbod om samtale for å avklare tenestestilling og dei fleste fekk sitt ønske oppfylt.
 
Det var mange replikkar og gode situasjonar i løpet av desse dagane: Under den tekniske leksjonen var det ein soldat som ikkje heilt fekk til å ta frå kvarandre AG3-en, men sa då til instruktøren «Eg har sakna Forsvaret i sju år og no veit eg kva eg skal bruke kvelden på».


Innskytning med AG3en var et av de første gjøremålene. Foto: Heimevernet, HV-09Innskytning med AG3en var et av de første gjøremålene. Foto: Heimevernet, HV-09
 
Publisert 4. juni 2014 10:42..