FH2B3240FH2B3240http://forsvaret.no/media/PubImages/FH2B3240.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=8675Hans Erik Brandsegg

Spent på forskjellane

Hans Erik Brandsegg er ein av fire frå HV-05 Innsatsstyrke Grebe som får vere med på utvekslinga til USA, NOREX, dette året.

​​​​​Brandsegg har store forventningar til opphaldet. United States National Guard (USNG) har ein del utstyr og materiell som ikkje Noreg har,  og han legg ikkje skjul på at det hadde vore tøft om dei blei brukte på denne utvekslinga.

-Eg er jo van med maks 40 militærbilar (MB), så det blir jo store kontrastar til dei som brukar helikopter og andre større køyretøy under sine øvingar, seier han.

Lærar i det sivile
​Til vanleg er han utdanna lærar. Nokre gonger i året er han ein hardbarka soldat i innsatsstyrken Grebe.

-Eg var i utgangspunktet soldat i eit heimevernsområde før, men eg tykte det vart for lite kontinuitet og øvingar. Difor ville eg prøve innsatsstyrken, seier Brandsegg.

Med litt press frå andre kjenningar som var i Grebe tok han sjølv steget der han kom seg inn i innsatsstyrken. Der har dei oftare øvingar og eit høgare krav for soldatane, men det er ikkje noko heft når ein har kjenningar i same tropp. Endå kjekkare er det når ein blir plukka ut til å vere med på utveksling i USA.

-Dette er jo sjefane våre som har kome med forslag på kven dei vil sende, og vidare har det blitt plukka ut. Heldigvis var eg ein av fire heldige som får reise i frå vår styrke, seier GREBE-soldaten.

Likt klima
Kva tykkjer du om dette samarbeidet?

-Eg ser absolutt fordelen med å samarbeide med eit anna land. På denne måten kan me dele erfaringar frå ulike situasjonar og opplevingar. Me gjer kvarandre gode, seier Brandsegg.

Nordre del av USA og Noreg har mykje likt klima som gjer at dei har ein god del øvingar og oppdrag som er like. Men om løysinga på oppdraga er like blir spanande å sjå.

-Det blir litt artig å sjå korleis dei gjer det i forhold til oss, det vil jo alltids vere noko me gjer ulikt, seier han.

Forsvarskultur
Turen til USA startar 9.februar, der Brandsegg er ein av cirka 100 stykker som reiser på utvekslinga som går over to veker.

-Alt eg har høyrt frå tidlegare NOREX-deltakarar er berre positivt. Eg gler meg skikkeleg, legg han til.

NOREX er ei årleg utveksling mellom Heimevernet og det amerikanske National Guard. Dette året blir det arrangert for 44.gong. Cirka 60 heimevernssoldatar og cirka 40 frå heimevernsungdomen (HVU) reiser til Camp Ripley, Minnesota.

Tanken bak utvekslinga er at soldatane skal ta del i forsvarskulturar i andre land. Den skal også skape motivasjon for vidare teneste i Forsvaret. Noko Brandsegg også er eit eksempel på.  Under utvekslinga får dei moglegheit til fagleg og erfaringsbasert kunnskapsutbytte, samt utdanningsorientert trening.

Til Noreg og Værnes kjem det også tilsvarande tal amerikanske soldatar for læring og innføring i norsk vinterteneste.​

Publisert 31. januar 2017 16:49. av Ane Olivie Oppheim.