hv_915_hvstiftingastøttefonhv_915_hvstiftingastøttefonhttp://forsvaret.no/hv/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=345HV-stiftinga - støttefondet til HVOm ein skadar seg på heimevernsøving eller treng anna økonomisk stønad finst det ei stifting som kan gi bidrag til dette. Dette er ei stifting som i all hovudsak er oppretta av soldatar for å hjelpe s/media/PubImages/20170601_JPH_FH2B0454.jpg

TEKST: ANE OLIVIE OPPHEIM, HANS KRISTIAN BERGAN OG MIKKEL STRØM

- Stiftinga starta for mange år sidan. Den byrja med at nokre soldatar i Heimevernet samla inn panteflasker frå treningane og sette pengane inn på ein konto. Dette førte til at fleire begynte å samle inn pengar på øvingar. Etter kvart har pengane blitt samla saman til eit eige fond. Dette fondet er no oppe i ein sum på over 8 millionar kroner i kapital, seier Jørgen Roaldset, generalsekretær i landsrådet.

SØKJE

Pengane er meint til bruk om nokon i Heimevernet skadar seg under ei trening. Soldatar kan i slike tilfelle søkje om bidrag eller støtte frå HV-fondet. Fleire heimevernssoldatar har hatt nytte av dette.

- Normale utbetalingar har vore på 10 000-15 000 kroner, men me har delt ut alt i frå 5000 til 50 000 kroner. Det er alt i frå små-  til livsvarige skadar. Eit eksempel på ei skadesituasjon var ein HV-soldat som var midt i eit byggeprosjekt av ein garasje. Etter at soldaten skada seg kunne han ikkje fortsetje med bygginga slik som planlagt. I dette tilfellet fekk han støtte til å sikre byggeprosjektet slik at det ikkje tok skade i soldaten sin skadeperiode. Fondet har også vorte brukt til å støtte svært enkle ting, som å frakte ungar til barnehagen, seier generalsekretæren.

KJAPT

Prosessen fungerer slik at ein fyrst må sende ein søknad om støtte. Søknaden går fyrst innom områdeutvalet.  Områdesjef, distriktsstrådet og distriktssjef (G1) handsamar det og sender det vidare til landsrådet som til slutt har det siste ordet på søknaden.

- Handsaminga av desse søknadane som kjem inn går veldig kjapt, gjerne berre eit par dagar, seier Roaldset.

Publisert 30. august 2017 00:19..