HV-01 på øvelse på Rygge, hovedformålet med øvelsen var trening på og overta et objekt fra en fiende / Homeguard unit from HV-01 during an exercise at Rygge military baseHV-01 på øvelse på Rygge, hovedformålet med øvelsen var trening på og overta et objekt fra en fiende / Homeguard unit from HV-01 during an exercise at Rygge military basehttp://forsvaret.no/media/PubImages/2016092520160925_14 (1).jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=7683

Manglande utbetaling av løn

Det er fleire soldatar i Heimevernet som ikkje har fått utbetaling av løn etter øving. Dette blir det jobba med og gjort tiltak på så fort som råd.

​​​​​​​​​​​​Delar av lønningsprosessane for HV-teneste blei sentralisert til ein ny HR-organisasjon frå 1. august 2016. Dette har ført til feil eller manglande utbetaling av løn og godtgjersle ved lønsutbetalinga som var 12. oktober 2016.

Generalinspektøren for Heimevernet beklagar at dette har skjedd.
– Dette har høgste prioritet, seier han. 

Heimevernet vil, i samarbeid med Forsvarets personell- og vernepliktssenter (FPVS), setje i gang nokre tiltak som skal bidra til raskare lønning. Soldatar i Heimevernet som ikkje har fått løn som forventa i oktober, vil få dette utbetalt ved løn 12. november.

For dei som har eit særskilt behov, kan de søkje om ekstraordinært forskot på løn.

Søknad med grunngjeving sendast til: fla.kontakt@mil.no​


Publisert 14. oktober 2016 13:25. av Ane Olivie Oppheim. Sist oppdatert 20. oktober 2016 09:47.