Historien

Heimvernet blei etablert 6. desember 1946, men tek opp i seg lange militære tradisjonar. Allereie på 700-talet vart det etablert ordningar der ein fastsett del av folket måtte gjere militærteneste både på befaling frå kongen og til lokalt forsvar.
Dei andre bøndene i området måtte stille ressursar til disposisjon for å skaffe skip, våpen og anna militært utstyr som vart oppbevart lokalt. Denne ordninga vart kalla leidang og kunne kallast ut på kort varsel gjennom vardesystemet.

Mot slutten av mellomalderen og i første halvdel av dansketida gjekk forsvaret gjennom ei dramatisk nedgangstid og leidangsordninga heldt heller ikkje tritt med den teknologiske utviklinga.

I 1509 vart det difor oppretta ein kongeleg marine som hadde status som kongens eigedom og 18. januar 1628 blei den første ståande hæren etablert. Hæren erstatta den gamle mobiliseringsbaserte bondehæren og hadde ein ståande styrke basert på vernepliktige soldatar.

18. januar 1628 var òg datoen for etableringa av Bergenhusiske regiment som hadde sitt ansvars- og rekrutteringsområde i fylka Hordaland og Sogn og Fjordane. På denne tida var den sivile administrasjonen av desse fylka allereie samla i Bergenhus len.

Regimentet gjennomgikk mange omorganiseringar og vart i 1911 delt i Nordre Bergenhus infanteriregiment nr 10 og Søndre Bergenhus infanteriregiment nr 09 som seinare vart omdøypt til henholdsvis Fjordane infanteriregiment nr 10 og Hordaland infanteriregiment nr 09. Fjordane dekka Sogn og Fjordane og Vosseavsnittet medan Hordaland dekka resten av Hordaland fylke.

Allereie etter at kamphandlingane i Noreg vart avslutta i 1940 vart arbeidet med å etablere eit heimevern i det frigjorte Noreg starta. Under okkupasjonen fann dette arbeidet uttrykk gjennom MILORG, òg kjent som «gutta på skauen». Rett etter frigjeringa i 1945 vart dette arbeidet vidareført av lokale råd med sikte på ei permanent organisering i det frigjorte Noreg.

Forsvarsviljen var stor og både erfaringar og mannskap frå MILORG fann vegen inn i det nye Heimevernet då det blei etablert i 1946. Organiseringa spegla Hæren og med det vart Fjordane heimevernsdistrikt 10 og Hordaland heimevernsdistrikt 09 etablert med same grenser som regimenta.

Heimevernet har som si hovudoppgåve å raskt kunne stille ein militær styrke lokalt i heile landet og sikre kritisk infrastruktur. Heimevernet har i tillegg alltid vore ein viktig ressurs ved sivile kriser og naturkatastrofar.

Med slutten av den kalde krigen endra vilkåra for Forsvaret seg og i 2002 vart mobiliseringshæren, og med den regimenta, lagd ned og det territorielle ansvaret overført til Heimevernet.

Heimevernsdistrikta hadde no overtatt både rekrutterings-, ansvarsområdet og oppgåvene til dei gamle regimenta. Det synlege beviset på dette kom då distrikta vart tildelt nye faner basert på tradisjonen frå dei gamle regimenta.

Bergenhusiske regiment deltok i dei fleste krigar Noreg har vore part i sidan opprettinga og har fått tildelt fleire æresbanderolar for dette. Soldatar og befal frå HV-09 har òg gjort teneste i dei fleste internasjonale operasjonane Noreg har sendt styrkar til etter Andre verdskrig.

Bergenhus heimevernsdistrikt fører vidare tradisjonane både etter regimentet og etter MILORG og vi ærar soldatane som har gått før oss gjennom fana vår og ved at innsatsstyrken har fått namnet Bjørn West etter den kjende motstandsgruppa i Matrefjella.

Her kan du lese mer om fanen til Bergehus HV-09
Publisert 15. mai 2014 14:58..