Riste​​: Weserübung

FS 4/1990
Det perfekte strategiske overfall?

​Forsvarsstudier nr. 4/1990
Tittel: Wesrübung. Det perfekte strategiske overfall?
Forfatter: Olav Riste
Pages: 28

Last ned "Wesrübung​"

 

I amerikansk forskningslitteratur er det lenge blitt hevda at «strategiske overfall» alltid vil lykkast. Dette gjeld jamvel om informasjonane på førehand - etterretningsmaterialet - inneheld korrekte varsel om kvasom er i emning. Forklaringa ligg i at dei «rette» varsla alltid er oppblanda med misvisande meldingar som peikar i andre retningar. Dei som skal tolke meldingane vil då feste mest lit til dei som synest mest «sannsynlege» ut frå det dei på førehand ventar kan skje. Denne studien viser at den tyske invasjonen i Norge fell utanfor dette mønstret på eitt punkt: Ingen av meldingane gav påliteleg informasjon om kva som faktisk var under oppsegling. Bortsett frå det høver WESERÜBUNG godt til det forskningslitteraturen har kome fram til etter eit studium av liknande overfall: Både i Norge og i Storbritannia var ein overtydd om at den tyske marinen var for svak til å våge ein omfattande landgangsoperasjon i eit område der Storbritannia hadde sjøherredømet. Meldingane om utseglinga av tyske krigsskip frå nordtyske hamner vart derfor tolka i retning av det ein på førehand venta seg: nemleg eit tysk flåteutfall til Atlantern, eller eit ledd i ein vest-offensiv.​

Publisert 1. april 1990 09:49.. Sist oppdatert 1. august 2017 15:50.