Riste: Island i norsk krigspolitikk 1940-1945

FS 6/1987
Denne studien viser at Island også fekk ein særskild plass i krigspolitikken til den norske London-regjeringa: Norske militære styrkar frå alle forsvarsgreiner gjorde teneste på Island, blant dei den maritime flyskvadronen 330 (N) Squadron.

​Forsvarsstudier nr. 6/1987
Tittel: Island i norsk krigspolitikk 1940-1945.
Forfatter: Olav Riste
Antall sider: 26

Last ned "Island i norsk krigspolitikk 1940-1945​"

Den andre verdenskrigen skapte mange tilknytingspunkt mellom Island og Norge. Som dei einaste to nordiske landa vart dei knytte til den store alliansen mot Hitler-Tyskland, om enn på ulik vis. Denne studien viser at Island også fekk ein særskild plass i krigspolitikken til den norske London-regjeringa: Norske militære styrkar frå alle forsvarsgreiner gjorde teneste på Island, blant dei den maritime flyskvadronen 330 (N) Squadron. Island var også eit viktig ledd i den norske regjerings "Atlanterhavspolitikk" som tok sikte på eit tryggingspolitisk samarbeid mellom landa kring Nord-Atlantern etter krigen. TIl gjengjeld vart den norske regjeringa ein klar støttespelar på Islands veg fram til fullt sjølvstende som republikk i 1944.

Publisert 1. juni 1987 10:30.. Sist oppdatert 1. august 2017 15:50.