Dalane: USA og Nato etter 9/11

Oslo Files 5/2011
Jo Sølve Dalane spør om Nato er relevant for USA og konkluderer med at alliansen framleis speler ei viktig rolle i amerikansk geopolitikk.​
​Oslo Files on Defence and Security nr. 5/2011
Tittel: USA og Nato etter 9/11
Forfatter: Jo Sølve Dalane
Antall sider: 95

 

Last ned "USA og Nato etter 9/11"


Sidan grunnlegginga i 1949 har Nato vore eit viktig instrument i amerikansk geopolitikk. Gjennom 60 år har Nato, trass i kriser og omkalfatringar, overlevd som ein relevant allianse og som ein viktig faktor for å sikre dei geopolitiske interessene til USA, mellom anna stabilitet i Europa, utbreiing av demokrati og fråvær av ein stormaktsutfordrar. Kan Nato fortsatt vere med på å sikre amerikanske mål? Røynslene frå Afghanistan-operasjonen har skapt stor debatt om byrdeforeling og om kva nytte Nato har for USA. I denne studien stiller Jo Sølve Dalane spørsmål om kor viktig det er for USA at Nato kan gjennomføre ekspedisjonsprega militære operasjonar, samla sett. Forfattaren analyserer Natos innsats i Afghanistan-operasjonen, og argumenterer for at amerikanske geopolitiske interesser i Eurasia er avgjerande for å forstå Natos rolle i amerikansk geopolitikk og implikasjonane av Afghanistan-operasjonen.

Analysen viser at amerikansk interesse i å oppretthalde Nato ikkje er avhengig av innsatsen eller utfallet i Afghanistan. Jamvel om USA vurderer Natos innsats og kapasitet på dette området som utilstrekkeleg, gjer Natos medverknad til å realisere andre geopolitiske interesser at USA framleis har interesse av alliansen. Afghanistan-operasjonen har synleggjort at Nato ikkje er i stand til å gjennomføre denne typen operasjonar, noko som har konsekvensar for korleis USA kan rekne med å bruke Nato i framtida. Dette tyder likevel ikkje at Natos eksistens er truga. Natos evne til å bidra til amerikanske geopolitiske mål gjer at denne alliansen er, og vil fortsetje å vere, ein viktig allianse for USA.

Jo Sølve Aadland Dalane (f. 1986) har ein mastergrad i statsvitskap med fordjuping i internasjonal politikk frå Universitetet i Oslo 2011. Han har òg ein bachelorgrad i Europastudier frå Universitetet i Oslo 2008. 
Frå mai 2010 til juni 2011 var han masterstipendiat ved Institutt for forsvarsstudier, som ein del av forskingsprogrammet “NATO in a changing world”.
Det føreliggjande arbeidet er ei omarbeidd utgåve av Dalane si masteroppgåve ved Universitetet i Oslo våren 2011. 

Publisert 1. mai 2011 16:38.. Sist oppdatert 19. juni 2015 21:04.